Innsparing for 2026 - driftstilpassing
Vedtak
() sitt forslag vart sett opp mot Kjell Magne Grave (Arbeiderpartiet) sitt forslag
() sitt forslag vart vedteke med 13 mot 8 stemmer.
Formannskapet si tilråding
Fremskrittspartiet (1/1)
Kristeleg Folkeparti (1/1)
Miljøpartiet Dei Grøne (1/1)
Senterpartiet (10/10)
Forslag frå K. M. Grave (Ap, SV og H)
Arbeiderpartiet (6/6)
Høgre (1/1)
Sosialistisk Venstreparti (1/1)
Jon Aslak Austjore (Senterpartiet) sitt endringsforslag vedteke med 12 mot 9 stemmer.
FOR
Kristeleg Folkeparti (1/1)
Miljøpartiet Dei Grøne (1/1)
Senterpartiet (10/10)
MOT
Arbeiderpartiet (6/6)
Fremskrittspartiet (1/1)
Høgre (1/1)
Sosialistisk Venstreparti (1/1)
Voteringer
- Formannskapet si tilråding mot Forslag frå K. M. Grave (Ap, SV og H)Vedtatt
13 for · 8 mot
- Sp 10 for
- FrP 1 for
- KrF 1 for
- MDG 1 for
- H 1 mot
- SV 1 mot
- A 6 mot
Hvem stemte hva
For (13)
- Stål Inge GjetmundsenFrP
- Signe Marie F. StensethKrF
- Benedikte NesMDG
- Anne Vadder MidtbøSp
- Birgit Johanne K. OlsnesSp
- Camilla Lagergren KnudsenSp
- Geir Arild DjuveSp
- Gudny Anette LofthusSp
- Jarand FellandSp
- Jon Aslak AustjoreSp
- Laila K. TaraldlienSp
- Olav StålandSp
- Sverre BakkeSp
Mot (8)
- Gunn Siri Haugan VindalA
- Kjell Magne GraveA
- Mette LillegårdA
- Sigrid Marit J. VerpeA
- Solbjørg FrantzenA
- Stein Olav LieA
- Svein Erik HagenH
- Arne JohannesenSV
- Endringsforslag frå J. A. Austjore (Sp, MDG og KrF)Vedtatt
Endringsforslag fra J. A. Austjore (Sp, MDG og KrF)
Forslagsteksten
Tokke Sp, MDG og KrF kjem med fylgjande framlegg:
1.
Tokke kommunestyre ber administrasjonen i budsjettet om å legge fram sak om justering av talet på institusjonsplassar til mellom 20-24 plassar. I saka skal det vurderast om vi bør auke talet på kortidsplassar frå dagens 5 plassar til 8-10 plassar og redusere talet på langtidsplassar tilsvarande. Ei justering av talet på institusjonsplassar bør gjerast over ein periode på 2-3 år.
I saka bør det vurderast om heimesjukepleia bør styrkast dersom ein reduserer talet på institusjonsplassar.
2.
Tokke kommunestyre ber administrasjonen i budsjettet koma med framlegg til mogleg reduksjon av driftsnivået av bufellesskapet.
3.
Tokke kommunestyre ber administrasjonen i budsjettet kome med framlegg til reduksjon av driftsnivået for planområde 5 teknisk. Det bør sjåast på stillingar innanfor teknisk drift, utbygging, vedlikehald og reinhald, utgifter til maskiner og maskinplan. Framlegget til reduksjon skal skje utan å avhende fast eigedom. Det bør og vurderast å justere modellen for reinhald for ulike kategoriar bygg, slik at ein kanskje kan gjera reinhald i nokre bygg/delar av bygg med redusert frekvens.
4.
Tokke kommunestyre ber administrasjonen i budsjettet orientere litt nærare for kostnader for avdeling for psykisk helse og rus, talet på brukarar, kva for oppgåver som psykisk helsehjelp gjer mv.
Rask Psykisk Helsehjelp hadde i 2024 om lag 27 brukarar frå Tokke. Var dette enkeltbrukarar eller inkluderer det også gruppesamlingar? Kor mange timar med konsultasjon fekk dei 27 brukarane til saman i 2024? Kor mange brukarar har vore i kontakt med Rask Psykisk Helsehjelp i 2025 og kor mange timar konsultasjon har dei fått?
Bakgrunn
Planområde 3 Helse og omsorg
I rekneskapet for 2024 blei det bruka om lag 109 MNOK innanfor Helse- og sosialområdet. Det var ca. 10 MNOK over budsjettet som blei vedteke i desember 2023.
I 2018 var netto driftsutgifter på ca. 76 MNOK. I 2024 var netto driftsutgifter på om lag 109 MNOK. Prisstigninga frå 2018 til 2024 har vore på om lag 23,3 %. Det utgjer ein auke på ca. 17 MNOK. Planområde Helse og omsorg har såleis blitt tilført om lag 16 MNOK utover prisvekst. I 2018 hadde planområdet om lag 93 årsverk, medan det i 2024 hadde 109 årsverk. Det har såleis vore ein vekst i årsverk på 16 årsverk i perioden.
I perioden 2019 til 2024 har det også blitt investert over 70 MNOK i helse og omsorgsetaten. Det har mellom anna gått til nytt kjøken, oppgradering av avdeling A og B samt 10 nye omsorgsbustader. Rente og avdragskostnadene på desse investeringane blir kostnadsført på utanfor budsjettet til planområdet Helse- og omsorg.
Helse- og omsorgsetaten er delt inn i fire einingar. Det er heimesjukepleie, institusjon, bufellesskap og kjøken.
Tokke har 28 plassar. Av desse er 5 kortidsplassar og 23 langtidsplassar. I tillegg leiger vi ein KAD-plass i Vinje. Leigeavtalen for denne plassen blir avslutta ved årsskiftet.
I Tokke kostar kvar institusjonsplass over 2 MNOK netto per år, som er i underkant av kr 6000 per døgn.
Det kan spørjast om ein bør ha fleire kortidsplassar og færre langtidsplassar. Kommunebarometeret for 2024 blei publisert i august 2025. Under helse er det eit målepunkt knytt til kortidsplass. I teksten heiter det fylgjande om Tokke kommune:
«Andelen av opphold på sykehjem som er kortidsopphold
I gjennomsnitt er 17,92 prosent av oppholdene på sykehjem i Norge kortidsopphold. Andelen har vært ganske stabil de siste årene. Andelen opphold som er kortidsopphold i Tokke er på 11,74. De beste kommunene ligger på 100,00 prosent.»
Karakter Tokke: 2,1 (av 6)
Plassering 271 av 356 kommunar.
Det viser at ein på kommunebarometeret får god plassering hvis kommunen har mykje bruk av kortidsplassar.
Det går fram av driftsanalysa i saka at det er om lag 140 personar over 80 år i Tokke. Vi har 28 plassar på sjukeheimen. Det gjev ein dekningsgrad på om lag 20 %.
Gjennomsnittleg dekningsgrad i Noreg ligg på om lag 16 %. I Vestfold ligg den på omlag 13,5 % og det finst fleire kommunar med dekningsgrad på under 10 %.
Dersom vi i Tokke skal legge oss på snittet tilseier det om lag 22-23 institusjonsplassar.
Tokke kommune bruker mindre enn snittet innanfor kostragruppe 6 på heimesjukepleie, medan vi bruker meir enn snittet på institusjon og bufellesskap, jf. bakgrunnsdokumentet side 28.
Institusjonsplassar må også sjåast i samanheng med omsorgsbustader og heimesjukepleie. Har ein mange omsorgsbustader av god kvalitet, kan ein kanskje klare seg med færre institusjonsplassar.
I Tokke har vi 47 omsorgsbustader, jf. driftsanalysa side 35. Det er 15 på omsorgssenteret, 10 nye som blei ferdigstilt i 2024 og 9 ved omsorgssenteret, 10 i Høydalsmo og 3 på avdeling J på helsesenteret. I tillegg er det 7 bustader knytt til bufellesskapet og 2 bustader til psykisk helse.
Dei 15 bustadene på omsorgssenteret har fast heildøgns tilsyn med eiga nattevakt. Men nattevakt frå omsorgssenter/institusjon skal rykke ut til dei andre omsorgsbustadane, og alle andre heimar, dersom brukaren har vedtak på helse- og omsorgstenester på natt og/eller har vedtak om og utløyser tryggleiksalarmen sin.
Planområde 5 teknisk
Planområde Teknisk hadde i 2017 eit budsjett på om lag 19 MNOK. I 2023 var budsjettet på om lag 33 MNOK. I perioden 2017 til 2023 har prisveksten vore om lag 23 %, noko som tilsvarar ein auke på ca. 4,3 MNOK. Planområde teknisk har såleis fått ein auke på om lag 10 MNOK utover prisveksten i perioden. I 2017 var det om lag 33 årsverk innanfor planområde teknisk. I 2024 er talet på årsverk 42, noko som tilsvarar ein vekst på 9 årsverk.
12 for · 9 mot
- Sp 10 for
- KrF 1 for
- MDG 1 for
- FrP 1 mot
- H 1 mot
- SV 1 mot
- A 6 mot
Hvem stemte hva
For (12)
- Signe Marie F. StensethKrF
- Benedikte NesMDG
- Anne Vadder MidtbøSp
- Birgit Johanne K. OlsnesSp
- Camilla Lagergren KnudsenSp
- Geir Arild DjuveSp
- Gudny Anette LofthusSp
- Jarand FellandSp
- Jon Aslak AustjoreSp
- Laila K. TaraldlienSp
- Olav StålandSp
- Sverre BakkeSp
Mot (9)
- Gunn Siri Haugan VindalA
- Kjell Magne GraveA
- Mette LillegårdA
- Sigrid Marit J. VerpeA
- Solbjørg FrantzenA
- Stein Olav LieA
- Stål Inge GjetmundsenFrP
- Svein Erik HagenH
- Arne JohannesenSV
Kilde: kommunens møteportal (Kaukus), saken hos kommunen ↗, hentet 27. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.