Vilkår ved sal av bustadtomter
Vedtak
Nissedal kommunestyre legg seg på tilsvarande prisnivå som i Fyresdal, 115 000,-, for Fyrtre AS – Gnr. 33 bnr. 287 og Gnr. 33 bnr. 288. Fyrtre AS får anledning til å betale tomtepris, først ved sal. Fyrtre AS får anledning til å marknadsføre sine bustadprosjekt, før eit eventuelt tomtesal. Fyrtre AS forpliktar seg til å bygge aldersvenlege bustadar. Kjem det andre lokale næringsdrivande som søkjer, må dei få same vilkår. Desse særskilte salsvilkåra gjeld for tre år frå vedtaksdato i kommunestyret.
--- slutt på innstilling ---
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Saksprotokoll i Kommunestyret - 10.09.2026
Anne Tveit bad om å få vurdert sin habilitet. Kommunestyret fann samrøystes Tveit ugild i å vere med på å handsame saka. Tilleggsframlegg frå AP: Kjem det andre lokale næringsdrivande som søkjer, må dei få same vilkår.
1. Samrøystes for formannskapet si innstilling. Tilleggsframlegget frå AP fekk ni røyster. Sju røysta i mot (Parry-Jones, Nes, Felle, Sønderland, Nygård, Haugsjå og Enger)
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.