Lønnstilskotsordning for ungdom i Nissedal kommune
Vedtak
Vedtekter for tilskot til verksemder som gir sommarjobb til ungdom mellom 15 -18 år er:
1. Det vert gjeve lønstilskot (f.t. kr 50,- pr.time) i minimum 50 timar, maksimum 150 timar pr. år. Søknader knytt til ungdom som har hatt sommarjobb i kommunen eller tidlegare motteke lønstilskot for vert nedprioritert. Ungdomen må vere fylt 15 år og ut året ein fyller 18 år. Det vert berre gjeve lønstilskot for arbeid utførd innanfor normalperiode for skuleferie. Søknad om lønstilskot etter skrifteleg søknad, som må vere motteke innan gjeve frist.
2. For å kunne søke om lønstilskot for ungdom, må tilsetjing vere knytt til eit organisasjonsnummer.
3. Refusjonskrav om lønstilskot må vere motteke innan gjeve frist. Dersom fristen ikkje vert overhalde kan dette medføre at tilskot ikkje vert utbetalt. Saman med krav om utbetaling av tilskot må og leggast fram dokumentasjon om at løna er utbetalt.
4. Verksemd som søker om lønstilskot forpliktar seg til å betale minimum 80% av kommunen si løn for unge arbeidstakarar. Dei må og forplikte seg til å følgje tariffavtale i høve til arbeidsforhold som gjeld for unge arbeidstakarar.
5. Ordninga skal annonserast i perioden 01.04 – 15.05.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Saksprotokoll i Kommunestyret - 13.02.2025
Votering: samrøystes som tilråding.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.