Hopp til innhold
Søndag 1. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Nissedal · Saker

Framtidig organisering av pedagogisk-psykologisk teneste

Sak 35/2024 · Kommunestyret 13. juni 2024 · Behandlet

Vedtak

Nissedal kommunestyre vedtek å etablere ei ny pedagogisk -psykologisk teneste (PPT) i samarbeid med ein eller fleire andre kommunar frå 01.08.2024. Kommunedirektøren bes om å utarbeide ein detaljert plan for etablering, inkludert nødvendig ressurs og kompetanseutvikling, med sikte på oppstart i løpet av hausten 2024. Nissedal kommunestyre vedtek å ikkje vere ein del av Vest-Telemark PPT. Nissedal kommune vil ta del i vertskommuneavtale til Vest-Telemark PPT fram til eiga teneste er etablert og seinast til oppseiingsperioden etter gjeldande selskapsavtale har gått ut.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Saksprotokoll i Kommunestyret - 13.06.2024

AP v/Linda Solberg kom med utsetjingsframlegg:

Nissedal AP ber om at saka om framtidig organisering av pedagogisk psykologisk teneste blir utsatt og blir tatt opp til behandling til hausten. Gruppemøte Votering:7 røysta for utsetjing (AP, Magne Haugsjå, Geir C. Enger). 10 røysta mot utsetjing (SP, H, Frp. Bjørn Leirvik). SP v/Ian Parry-Jones kom med endringsframlegg slik:

Nissedal kommunestyre vedtek å etablere ei ny pedagogisk -psykologisk teneste (PPT) i samarbeid med ein eller fleire andre kommunar frå 01.08.2024. Kommunedirektøren bes om å utarbeide ein detaljert plan for etablering, inkludert nødvendig ressurs og kompetanseutvikling, med sikte på oppstart i løpet av hausten 2024. Nissedal kommunestyre vedtek å ikkje vere ein del av Vest-Telemark PPT. Nissedal kommune vil ta del i vertskommuneavtale til Vest-Telemark PPT fram til eiga teneste er etablert og seinast til oppseiingsperioden etter gjeldande selskapsavtale har gått ut.

Geir C. Enger fremma endringsframlegg slik under føresetnad av at at alle 6 Vest-Telemark kommunane gjer likelydande vedtak. :

1. Organisasjonsforma til Vest-Telemark PPT blir endra frå IKS til vertskommune regulert i kommunelova § 20-2.

a. Vest-Telemark PPT IKS blir oppløyst innan 01.01.25 – jf. IKS-lova § 32

2. Kommunestyret vedtek Vinje kommune som vertskommune for PPT Vest-Telemark.

a. Vertskommunen startar rekruttering av dagleg leiar så fort som mogeleg, uavhengig av prosessen med verksemdsoverdrag.

b. Kommunestyret føreset at vertskommunen har ein god prosess med dei tilsette i verksemdsoverdraginga.

c. Tilsette som får nytt arbeidsforhold i Vinje blir underlagt same reglar, retningsliner, arbeidsreglement mm. som er gjeldande for tilsette i vertskommunen

3. Nissedal kommune sluttar seg til samarbeidsavtala som ligg ved saka.

Gruppemøte

Først var framlegg til Geir C. Enger sett opp mot kommunedirektøren si tilråding. Votering: Geir C. Enger sitt framlegg 16 røyster (Geir C. Enger, Magne Hagusjå, SP, H, Frp. AP), kommunedirektøren si tilråding 1 røyst (Bjørn Leirvik). Deretter blei Geir C. Enger sitt framlegg sett opp mot SP sitt framlegg. Geir C. Enger sitt framlegg fekk 7 røyster (Geir C. Enger, Magne Haugsjå, AP). SP sitt framlegg fekk 10 røyster (SP, H, Frp. Bjørn Leirvik).

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.