Endring av vedtak - mellombels skulebygg i ombyggingsperioden på storskulen
Vedtak
Nissedal kommunestyre gjer om på vedtaket i sak 35/23. Nytt vedtak blir å nytte røde kors-bygget/idrettsbanen og Haugsjåsund grendehus som vist til over. Sidan ein ikkje kan nytte investeringsbudsjettet til mellombels skulebygg tilrår ein følgjande:
Ramme for investeringsprosjekt ombygging/rehabilitering Tveit skule blir redusert med 938 000 kr (750 000 kr + mva), tilsvarande beløpet tiltenkt skulealternativ på Mila. Eining for teknisk drift får auka si driftsramme i 2024 med kr 1 225 000,- Eining for oppvekst og kultur får auka si driftsramme i 2024 med 119 000,- til skuleskyss. Endring av drifts- og investeringsbudsjett blir innarbeidd i samband med 1. tertial. Utgifter til mellombelse løysingar i 2025 (309 000 ,-) blir innarbeidd i samband med budsjett 2025.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Saksprotokoll i Kommunestyret - 15.02.2024
Anne Tveit bad om å få sin habilitet vurdert. Lene Winther Larsen trådte inn i saka for Anne Tveit Votering: samrøystes funne ugild i saka. H v/Olaus Tveit kom med endringsframlegg slik:
Mila blir brukt til ungdomsskule og administrasjonen finner egnede lokaler til dagens brukere av Mila. AP v/ILinda Solberg kom med endringsframlegg slik:
Ungdomstrinnet, 8-10 klasse, flyttast til Mila. Mellomtrinnet, 5-7 klasse, flyttast til Haugsjåsund. Administrasjonen får i oppgåve å finne eit best mogleg alternativ til brukarane som nyttar Mila i dag. Krf. v/Geir Christian Enger kom med endringsframlegg slik. Same som kommunedirektør, men byte ut "ungdomshuset" med "Røde kors-bygget". Må og endre talgrunnlaget:
Nissedal kommunestyre gjer om på vedtaket i sak 35/23. Nytt vedtak blir å nytte røde kors-bygget/idrettsbanen og Haugsjåsund grendehus som vist til over. Sidan ein ikkje kan nytte investeringsbudsjettet til mellombels skulebygg tilrår ein følgjande:
Ramme for investeringsprosjekt ombygging/rehabilitering Tveit skule blir redusert med 938 000 kr (750 000 kr + mva), tilsvarande beløpet tiltenkt skulealternativ på Mila. Eining for teknisk drift får auka si driftsramme i 2024 med kr 1 225 000,- Eining for oppvekst og kultur får auka si driftsramme i 2024 med 119 000,- til skuleskyss. Endring av drifts- og investeringsbudsjett blir innarbeidd i samband med 1. tertial. Utgifter til mellombelse løysingar i 2025 (309 000 ,-) blir innarbeidd i samband med budsjett 2025.
1. votering: AP/H sitt framlegg 7 røyster (AP/H), Krf. sitt framlegg 10 røyster (Krf., SP, Frp.).
2. votering: Kommunedirektøren sitt framlegg sett opp mot Krf. sitt framlegg. Krf. sitt framlegg samrøystes vedteke.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.