Budsjett, økonomiplan og handlingsprogram 2024-2027
Vedtak
Nissedal kommunestyre vedtek framlegg til årsbudsjett 2024 og økonomi- og handlingsplan 2024-2027, slik det ligg føre med dei vedtekne endringane gjort i formannskapet 22.11.23 og kommunestyret 14.12.23.
Det vert nytta høgast mogleg skattesats på formue og inntekt.
Eigedomsskatt:
Den alminnelege eigedomsskatten for skatteåret 2024 er 7 promille
jf. eigedomsskattelova § 11, 1. ledd.
Differensiert skattesats for eigedomar med sjølvstendige bustadeler og fritidsbustader, for skatteåret 2024 er 2,86 promille, jf. eigedomsskattelova § 12, bokstav a.
Det vert ikkje nytta botnfrådrag.
Eigedomsskatten forfaller til betaling kvartalsvis. Skattytar kan og velje månadleg eller årleg innbetaling.
Låneopptak:
Det vert teke opp lån til investeringsføremål på inntil kr 119.172.000 (40 års nedbetalingstid)
Det vert teke opp lån til vidareutlån (Startlån) på kr 5.000.000 (20 års nedbetalingstid).
Nissedal sokneråd tek opp eit lån på kr 800.000 til ombygging av bårehus i Nissedal (20 års nedbetalingstid).
Kommunestyret løyver i 2023 kr 25.000 til Kirkens SOS Telemark.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Saksprotokoll i Kommunestyret - 14.12.2023
Innleiingsvis i saka orientering frå kommunalsjef økonomi Jarle Bruun Olsen, einingsleiar oppvekst og kultur Reidun C. Retterholt, einingsleiar Hannelore Skeimo, avdelingsleiar Teknisk Knut Nilsen, kommunalsjef samfunn/utvikling Jan Arvid Setane. Vedtak i k-sak 74/23 blir del av vedtak for budsjett 2024. Omforeint endrings-/tilleggsframlegg på driftsbudsjett slik:
- Budsjettpost konsesjonskraftinntekter aukast med kr 1.042.000
- Budsjettpost eigedomsskatt kraftverk aukast med kr 327.000
- Bruk av fond/felles buffer på kr 922.000 blir stroke.
- Grunna endra behov i eining for velferd reduserast ramme for velferd med 1 mill. Vidareførast med ytterligare 1 mill. frå 2025.
- Oppretter ergoterapeutstilling med 100% (60%/kr 400.000 auke i ramme/årsverk) 40% bruk av eksisterande stillingsressurs.
- Eining for velferd tilførast ressurs kreftkoordinator 20% stilling kr 160.000,-
- Eining for velferd tilførast kr 440.000 for etablering av dagsenter. Skal vere på plass innan 2. tertial.
- Nissedal sokneråd tar opp lån på kr 800.000 til ombygging av bårehus i Nissedal (Overføring sokneråd aukast med kr 80.000 for auke i renter og avdrag)
- Kostnad til eigeandel prosjekt omstillingskommune er kr 500.000 og ikkje 660.000 som først anslått. Restmidlar på næringsfond (kr 500.000) brukas til eigenandel omstillingskommune. Avsett driftsmidlar avsett til dette formålet (kr
660.000) trekkast inn.
- Restmidlar næringsfond (inntil kr 200.000) øremerkas støtte til løypenett i kommunen i 2024.
- Potten til vedlikehald av kommunale bygg aukast med ytterligare kr 300.000 frå 2023 til 2024, til totalt kr 940.000
- Gratis kjernetid i SFO for 4. klasse frå 1.8.24 Kostnad i 2024 kr 36.000. (heilår kr 72.000)
- Støtte natteravn under Treungfestivalen foreldregruppe 10. kl. kr 20.000
- Innføring av kommunestyret gave til veldedige formål kr 25.000.
- Redusere avdrag på lån i 2024 (1 mill.) for å auke vedlikehaldsbudsjett kommunale
bygg tilsvarande. Renteutgift aukar med kr 54.000 på denne bakgrunn.
- Auke i låneopptak ved auke i investeringar på kr 1.820.000. Renter aukar med kr
49.000. (halv verknad i 2024. Avdrag frå 2025).
I sum gir dette avsetning til fond/felles buffer på kr 543.000 i 2024.
Forslag til kutt i stillingar i barnehage (1,3 mill. heilår) endrast til rammekutt. Eininga oppfordast til å behalde pedagogkompetanse. Gratis skuleskyss grunna trafikkfarleg veg for 5.-7. klasse held fram. Reduksjon av ramme for eininga oppretthaldast ved innsparing ved gjennomført omlegging av skuleskyss. Omforeinte endrings-/tilleggsframlegg til driftsbudsjettet samrøystes vedteke.
Omforeint endrings-/tilleggsframlegg på investeringsbudsjett:
- Innkjøp av stillas til ein kostnad på kr 150.000 inkl. mva. Finansiert med bruk av lån kr 120.000 og mva.refusjon kr 30.000.
- 2 leilighetar i Smeitkollen blir oppgradert 1,2 mill. Inkl. mva. Finansiert ved bruk av lån
1,2 mill. Ikkje mva.refusjon. Renter/avdrag vil bli dekt av auke i leigeinntekter
frå 2025.
- Bil til bruk for transport til/frå dagsenter kr 500.000. Finansiert ved bruk av lån. 0,5 mill. Ikkje mva-refusjon. Låneopptak aukar med kr 1.820.000. Omforeinte endrings-/tilleggsframlegg til investeringsbudsjettet samrøystes vedteke.
Omforeinte tilleggsforslag handlingsprogram::
- Vurdere vedlikeholdsbehov opp mot ekstraordinære avdrag.
- Flytte fokus frå sjukefråvær til å snakke om jobbnærvær.
- Rask psykisk helsehjelp ved lengre periodar der ein ansatt ikkje kan vere på jobb.
- Kommunedirektør bes lage lokal tiltaksplan/tiltaksliste til felles klimaplan for Vest-Telemark, innen utgangen av 2. tertial.
- Kommunedirektør bes se på ulike modeller for klimaregnskap og budsjett, f.eks. i
nabokommunar innen utgangen av 2. tertial. Vurderingekriterie i saker som legges
fram for formannskapet.
- Utarbeide ein bustadsosial handlingsplan. Det vert sett ned eit bredt samansett utval for å jobbe med planen.
- Elementer inn ved rullering av trafikksikringsplan; Tveitsund bru, Felle, Haugsjåsund-Eikhom.
- Vurdere frivillig betalingsordning på sykkellinja.
- Få ei kost/nytte-vurdering av dei ulike prosjekta og profileringstiltaka knytta til reiseliv
(Visit Telemark), Nidelva prosjekt, Vest-Telemark reiselivsstrategi,
Telemarksvegen). Saka skal vise kva næringslivet kan få ut av det.
- Formannskapet får orientering to gonger i året (mars/sept.) om stillingsheimlar inn/ut/vakant (Enkelt excel-ark).
- Kjeldesortering i alle kommunale bygg.
- Kontingentkassa - auke maksimal søknadssum frå kr 3.000 til kr 4.000 per born til utstyr, kontingent, cup/leir for deltaking i organisert aktivitet. Votering: omforeinte tilleggsframlegg til handlingsprogrammet samrøystes vedteke. 2023-budsjett:
Kommunestyret si julegåve på kr 25.000 går til Kirkens SOS Telemark.
Driftsbudsjett, investeringsbudsjett og handlingsprogram med dei vedtatte endringane samrøystes vedteke. Støtte til Kirkens SOS på kr 25.000 også samrøystes vedteke.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.