Interkommunalt vertskommunesamarbeid om økonomitenester
Vedtak
1.Vågå kommune vedtek å etablere eit interkommunalt samarbeid om økonomi, rekneskap, fakturering, innfordring og løn med Lom og Skjåk kommunar. Samarbeidet skal skje i form av eit vertskommunesamarbeid i samsvar med § 20-1 i kommunelova, med Vågå kommune som vertskommune.
2.Vågå kommune er positive til at andre kommunar i Nord-Gudbrandsdalen sluttar seg til samarbeidet når det er etablert.
3.Kommunestyret vedtek forslag til vertskommuneavtale og kommunedirektøren får fullmakt til å setje i verk avtalen. Som ledd i dette får kommunedirektøren òg fullmakt til å etablere samarbeidet og oppdatere vertskommuneavtala viss berre ein av dei to andre kommunane fattar positive kommunestyrevedtak i saka.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Samrøystes
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.