Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Vågå · Saker

Interpellasjon - Bårstadhallen

Interpellasjon 26/2026 · Kommunestyret 19. mai 2026 · Behandlet

Vedtak

Kommunestyret ber kommunedirektøren om å koma med forslag til retningsliner for strategisk og praktisk bruk av Bårstadhallen som ledd i arbeidet med næringsutvikling i Vågå kommune.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Svar på Interpellasjon – Bårstadhallen. Strategien bak etablering av Bårstadhallen er godt reiegjort frå Interpellanten si side og at ein stiller spørsmål ved dagens situasjon kan eg godt forstå.

Dagens leigekontrakt går frå 1.2.2022 og gjeld 5 år fram til 1.2.2027. Det kan og nemnast at kontrakta opnar for at om leigetakar ynskjer det kan avtala forlengast ytterlegare 5 + 5 år altså totalt 15 år. Noko som vel ikkje harmonerer med intensjonane bak satsinga.

Årsakene til at kontrakta er utforma på denne måten kan være fleire men risiko for ikkje å få burtleige og at ein da ikkje får attendeført MVA er sikkert avgjerande.

Eg har prøvd å finne noko retningsliner eller føringar for bruken av Bårstadhallen utan å lukkast med det utover det som går på drift og vedlikehald i henhald til leigeavtaler.

Som svar på interpellasjonen kan det difor vere nyttig å utfordre kommunestyret på følgjande forslag til vedtak for betre å kunne nytte Bårstadhallen strategisk i næringsarbeidet.

Forslag til vedtak:

Kommunestyret ber kommunedirektøren om å koma med forslag til retningsliner for strategisk og praktisk bruk av Bårstadhallen som ledd i arbeidet med næringsutvikling i Vågå kommune.

Samrøystes

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.