Mogleg tilleggsareal for utredning for vern - Besstrondfjellet - utviding av Jotunheimen nasjonalpark i Vågå kommune
Vedtak
Vågå kommune gir sin aksept til å gå vidare med ein verneprosess som omfattar Besstrondfjellet. Grunngjevinga er at ein verneplanprosess vil gi betre kunnskapsgrunnlag for vurdering av fordeler og ulempe ved eit vern av områda, i tillegg til at kommunen legg vekt på moglegheitene som ligg i ei revidering av verneforskrifta for nasjonalparken. Vågå kommune legg i si avgjerd òg vekt på at verneplanprosessen er uforpliktande med tanke på ei framtidig avgjerd om eventuelt vern, og at kommunen kan trekkje seg ut av prosessen om kommunen ønskjer det.
Det vert nedsett ei tverrpolitisk gruppe saman med ordføraren, gjennom dialog med aktuelle partar, arbeider for at fordelane med utvida vern vert større enn ulempane.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Forslag frå Geir Inge Stadeløkken - AP:
Kommunestyret meiner det er viktig å sluttføre verneprosessen i tråd med kommunestyret sitt vedtak i 2022. Besstrondfjellet var ikkje ein del av det ynskte arealet og ved å ta det inn 3 år inn i arbeidet frykter vi det vil utsetje ferdigstillinga. Samstundes har vi registrert at det har kome fleire kritiske merknader på å ta det inn, mellom anna frå Langmorkje almenning.
Forslag til tilleggspunkt frå ordføraren:
Det vert nedsett ei tverrpolitisk gruppe som saman med ordførar, gjennom dialog med aktuelle partar, arbeider for at fordelane med utvida vern vert større enn ulempane.
Forslag frå ordføraren vart samrøystes vedteke
Forslag frå Geir Inge Stadeløkken AP vart sett opp mot forslag frå formannskapet:
Forslag frå formannskapet vart vedteke med 12 mot 5 røyster (Gjermund Øihusom, Bjørg Aaseng Vole, Marte Linderud og Geir Inge Stadeløkken AP, Jostein Visdal - SP, Stemte i mot).
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.