Interpellasjon - Trepartssamarbeid i Vågå kommune
Vedtak
Interpellasjon blir teke til orientering
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Ordføraren svara ut interpellasjon:
Svar på interpellasjon – Trepartssamarbeid i Vågå kommune Takk til interpellanten for å lyfte eit viktig men vanskeleg tema. Nasjonalt handlar trepartsamarbeidet om berekraftig nasjonal utvikling mtp høg sysselsetting, konkurranseevne, velferdspolitikk m.m., altså noko anna enn det vi driv med på kommunalt nivå. Likevel er det noko fellestrekk som felles forståing av den økonomiske situasjonen, arbeidsgjevarpolitikk på lokalt nivå, arbeidsmiljø etc. Arbeidstakarorganisasjonane, kanskje slik eg opplever det med Fagforbundet i spissen, meiner at eit trepart-samarbeid er gunstig for kommunane og ivrar for å få etablert kommunalt trepartsamarbeid. Dei meiner at å bruke etablerte trepartarenaer på arbeidsplassen i større grad vil sikre medverknad og forankring som i sin tur styrkar tillit og utviklingsarbeid. Interpellanten viser til Nord-Fron som døme på vellukka trepartsamarbeid, eit opplegg som det også er referert til i Fagforbundets hefte om kommunalt trepartsamarbeid. Frå KS si side ser dette noko annleis ut. KS brukar ikkje omgrepet «lokalt trepartssamarbeid» og anbefaler heller ikkje kommunane å nytte dette. Endringar i ny kommunelov har ifølgje KS sett fleire kommunar i utfordrande situasjonar der ein har praktisert tre part lokalt der folkevalde har delteke i utviklingsarbeid som kan leie til sak til kommunestyret. Det å blande tilsette og folkevalde i same råd, utval, eller liknande utan at reglene om oppnemning av folkevalde i kommunelovas § 5-1 følges er ikkje lov. Kommunelovas § 2-1 fastslår at kommunar og fylkeskommunar berre har ei folkevald leiing som også omfamnar arbeidsgjevarrolla. Dette går også fram av Hovudavtalen del B § 2-1 der arbeidsgjevar vert definert som «kommunestyret, fylkestinget, styret eller den som er delegert slik mynde. Den som i arbeidsgjevars sted leder den enkelte eining i samsvar med gitte fullmakter.» KS viser til at kommunedirektøren i kommunelova er tillagt arbeidsgjevarrolla for løpande personalsaker og at kommunestyret/fylkestinget ikkje kan overprøve kommunedirektøren. Det vert difor feil å omtale disse som to partar. Går vi attende til eksempelet frå Nord-Fron der ein i TriPart informerer og diskuterer pågåande saker med relevans for forholdet mellom arbeidsgjevar og tilsette i eit fora der ein kan koma med politiske styringssignal skjønnar ein at det fort kan bli vanskeleg. Forhaldet mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar er ei problemstilling. Eit anna element her er at det gjennom slike diskusjonar ofte kan bli gjeve signaler og lagt føringar både frå folkevalde og representantar for dei tilsette som grip direkte inn i kommunedirektørens utredningsplikt. Dersom folkevalgte skal legge føringer på kommunedirektørens utredningsplikt, skal det skje gjennom vedtak i folkevalgte organer. Så for å svare på spørsmålet korleis ordførar meiner at trepartssamarbeidet mellom politisk og administrativ leiing og de tilsette har fungert de siste åra? I Vågå har vi Administrasjonsutval med 5 valde politiske representantar der ein kan møte kommunedirektør og tillitsvalde. Dette er det næraste du kjem 3 partsamarbeid her i kommunen men eg trur administrasjonsutvalet kan løyse problemstillingar interpellanten er inne på. Utvalet er ikkje mykje brukt. I 2025 har vi hatt to møter fått orientering frå kommunedirektør om bemanningssituasjon og status innan Helse og meistring i ljos av høgt sjukefråvær og utfordringar med rekruttering. Her var det gode diskusjonar der kommunedirektøren orienterte om situasjonen og dei folkevalde fekk høyre dei tillitsvalgte si vurdering av problemstillingane. Eg opplevde at deltakarane var tilfreds med møta men ser i etterkant at vi burde vore tidlegare ute med fyrste møtet. Eg ser at ein kan kjenne på eit behov for denne type dialog mellom folkevalde og tillitsvalde saman med kommunedirektør kanskje spesielt under endringsprosessar. Tilsette i kommunen kan også være folkevalde eller på andre måtar prøve å påverke politiske vedtak ut frå sine erfaringar på arbeidsplassen. Såleis kan det også vere nyttig for folkevalde saman med kommunedirektør å ha dialog med tillitsvalde i ryddige ramar som eit administrasjonsutval kan gje. Eg ynskjer til slutt å trygge interpellanten med at om vi ikkje har eit etablert eit trepartsamarbeid som dei har i Nord-Fron så har vi slik eg oppfattar det ein veldig god, nesten dagleg dialog mellom kommunedirektør og tillitsvalde. Eg har vore med i to tilsetjingsprosessar på kommunedirektør og i båe tilfella var relasjonen mellom kommunedirektør og tilsette tema, og tillitsvalde bidrog godt i intervju for å kartleggja korleis kandidatane ville arbeide med dei tilsette.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.