Hopp til innhold
Søndag 1. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Vågå · Saker

Griningsdalsvegen - Søknad om høgding av bompengar

Sak 74/2025 · Kommunestyret 16. desember 2025 · Behandlet

Vedtak

Kommunestyret gjer med heimel I forvaltningslova §35 (1) bokstav c endringar på vedtak fatta I formannskap 10.06.25 og fattar vedtak med fylgjande ordlyd:

Med heimel i Veglova kap VII §56 avslår kommunestyret å auke bomsatsane for Griningsdalsvegen. Vi legg til grunn av bompengesatsane vart auka betrakteleg i 2021 ( 60%), med ein bompengesats som omsøkt, vil ein auke satsane med 40%. Vi vurderer at dette vil føre til ein urimeleg høg bompengesats, og vil liggje utanfor kor mykje vi meiner det er rimeleg at allmennheita skal betale for å bruke Griningsdalsvegen.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Ordføraren stilte spørsmål om sin habilitet i saka. Kommunestyret vedtok samrøystes (16 røyster) at ordføraren er habil i saka. Forslag frå BL/SP:

Kommunestyret gjer med heimel I forvaltningslova §35 (1) bokstav c endringar på vedtak fatta I formannskap 10.06.25 og fattar vedtak med fylgjande ordlyd:

Med heimel i Veglova kap VII §56 avslår kommunestyret å auke bomsatsane for Griningsdalsvegen. Vi legg til grunn av bompengesatsane vart auka betrakteleg i 2021 ( 60%), med ein bompengesats som omsøkt, vil ein auke satsane med 40%. Vi vurderer at dette vil føre til ein urimeleg høg bompengesats, og vil liggje utanfor kor mykje vi meiner det er rimeleg at allmennheita skal betale for å bruke Griningsdalsvegen. Forslag frå SV:

Med heimel i forvaltningslova § 35 (1) bokstav c gjer Formannskapet om vedtaket fatta den 10.06.2025 og fattar nytt vedtak med følgande ordlyd:

Med heimel i veglova § 56 (1) blir storleiken på bompengeavgift for Griningsdalsvegen fastsett til:

For køyretøy under 3,5 tonn

• Enkeltpassering 115,-

• Sesongkort 1150,- For køyretøy over 3,5 tonn

• Enkeltpassering 230,-

• Sesongkort kroner 2300,- Forslag frå BL/SP vart vedteke med 15 mot 2 røyster (Anne Silje Berg og Ola Iver Røe, SV - Stemte i mot)

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.