Melding om oppstart av verneplanprosess for utviding av Jotunheimen nasjonalpark
Vedtak
Vågå kommune viser til kommunestyret sitt vedtak 15.12.2022 i sak 64/2022 der kommunen gav sin aksept til å gå vidare med ein verneprosess som omfattar områda Hindflye og Leirungsdalen, samt også grunngjevinga for vedtaket.
Det er viktig at vidare prosess byggjer vidare på den gode og opne dialogen Vågå kommune har med Statsforvaltaren i Innlandet. Dei to arbeidsgruppene som er oppretta i Vågå må vere sentrale i medverknadsarbeidet. Det må leggast opp til god lokal forankring og god informasjonsflyt i vidare prosess.
Vågå kommune meiner at alle utgreiingane av konsekvensutgreiingstema og dei andre tema som inngår i utgreiingsprogrammet skal:
Ha høg fagleg kvalitet og innhente lokalkunnskap om områda og legge dette til grunn for dei tema der dette er relevant. Omfatte vurdering av avbøtande og kompenserande tiltak. Omfatte vurderingar av moglege konsekvensar av auka besøkstal innafor nasjonalparken, samt også moglege konsekvensar for område som grenser inntil føreslege verneområde, og avbøtande/kompenserande tiltak for dette.
For nyansering av punkta over viser Vågå kommune vurderinga i saksframlegget.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Forslag frå ordføraren:
- Kulepunkt 2 - Slette ordet mogleg
Samrøystes
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.