Søknad om arrangementstøtte og underskotsgaranti for Landsfestivalen 2026
Vedtak
Kommunestyret vedtek og gje Styret i Landsfestivalen følgjande støtte til å gjennomføre Landsfestivalen 2026:
-120 000 kroner i økonomisk støtte (50 000,- frå potten for arrangementstøtte, 70 000,- frå kulturbasert næringsfond) -ved framlagt totalrekneskap som viser faktisk underskot, kan det søkjast om tilskot frå eit opparbeidd underskotsfond. -Kvalifisert vaktmeistar er tilgjengeleg under arrangementet
Vågå kommune forventar å bli profilert som støttespelar til arrangementet.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Jostein Visdal og Geir Inge Stadeløkken stilte spørsmål om sin habilitet i saka. Kommunestyret vedtok samrøystes at Jostein Visdal og Geir Inge Stadeløkken er inhabile og de gjekk frå under behandling av saka. Nye opplysningar knytt til sak 23/2025 I K-sak 24/2023 vart det stadfesta av kommunestyret at det ikkje skal gjevast underskotsgaranti i forkant av eit arrangement, men at det blir opna for at ved eit faktisk underskot kan søkje dekning frå eit opparbeidd fond. Sitat "Det blir ikkje gjeve underskotsgaranti i forkant av arrangementet, men ved underskot kan det søkjast om tilskot frå eit opparbeidd fond". Dette betyr at kommunedirektøren vil endre andre strekpunkt i forslag til vedtak til; ved framlagt totalrekneskap som viser faktisk underskot, kan det søkjast om tilskot frå opparbeidd fond til formålet.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.