Søknad om høgding av parkeringsavgifter for Statens vegvesen sitt Nasjonale turistveganlegg på Gjendeosen og Reinsvangen
Vedtak
Med heimel i Lov om friluftslivet § 14 blir det for 2025 fastsett parkeringsavgift på Reinsvangen og Gjendeosen som vist i tabellen under. Alle beløp er inkl. MVA.
Reinsvangen 1 døgn Tillegg for kvart døgn utover 1 døgn
(kr inkl MVA) (kr inkl MVA)
MC 75 40
Personbil 140 65
Personbilmed vogn/hengar 205 65
Bubil 205 65
Buss/lastebil 305 65
Gjendeosen Inntil 2 timar Pr. påbegynte time utover 2 gratistimar
(kr inkl MVA)
gratis 290
Reinsvangen - Sesongkort Sesongen 2025
(kr inkl MVA)
Personbil t.o.m. 7-seter eller varebil 850
Buss t.o.m. 19-seter 2200
Det kan jf. friluftslova § 14 ikkje seljast "pakker" der det blir gjeve rabatt på parkering, men rabatt kan gjevast på skyttelbuss som ikkje er omfatta av reglane i friluftslova. Alle oppgjevne parkeringssatsar skal vere inkl. moms. Området som kan nyttast til parkering skal vere i samsvar med gjeldande reguleringsplan for området. Grunnlaget for avgiftssatsane er, ut frå dei opplysningar kommunen har fått oversendt, og med dei justeringar som er gjort i forhold til innkomen søknad, tilstrekkeleg dokumentert. Vilkåra i friluftslova § 14 er vurdert å vere oppfylt.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Forslag frå ordføraren: Tekst frå og med avsnitt 4 blir stroke.
Samrøystes
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.