Debatthefte 2025 - Fra forventning til virkelighet
Vedtak
Del 1:
1.
• Ikkje ha for store og ambisiøse mål i valprogramma våre
• At det er gode prosesser i budsjett og økonomiplanarbeidet
• At vi som folkevalde blir tidleg involvert/informert i prosesser
• Tidleg innsats er enda viktigare når ressursane er mindre – vedlikehald
• Kommunane må samarbeide betre for å utnytte potensiale for å redusere administrative kostnader
2.
• Vere med å dempe statleg detaljstyring.
• Bidra til informasjon om "best praksis"
• Folkevaldopplæringa
3.
• Openheit i prosessane
• Prøve å forklare
• Tenkje langsiktig
• Være konkrete
4. Tilsyn og kontroll. Kan det baserast meir på tillit?.
• Enkeltbrukare som gir store økonomiske svingingar. Her bør staten gå inn med økte rammer. Kan øydelegge handlingsrommet til en kommune.
• Rapportering/dokumentasjon. Svært tidkrevjande.
• Lovverk som vi kan oppleve som rigid.
• Kor mye skal til for å utfordre sjølvråderetten? Ein ynskjer lokalt handlingsrom.
• Ein ser at det til stadig blir meir og meir byråkrati. Kommunar får fleire oppgåver, men det følger ikkje midlar med. Departement og direktorat veks, og det genererer arbeid ut i kommunane. Del 2:
5. Frå Vågå kommune ser vi det ikkje som ønskeleg at kommunane skal ha større handlingsrom for eigen lønspolitikk. Dette ser kommunen som uheldig og ressurskrevjande, eit eksempel på dette er lokale forhandlingar i kap. 4. I tillegg meiner kommunen at dette kan føre til ei uheldig og kostnadsdrivande budrunde, og konkurransevriding mellom kommunar ut frå ulike økonomiske forutsetningar. Det er ikkje ønskeleg med lokale forhandlingar i kap. 4 (pottforhandlingar). Lokale forhandlingar tek svært mykje tid for partane. Det kan vere eit verkemiddel for å utjamne ulikheiter, men potten er forholdsvis liten, og det er svært ressurskrevjande å gjennomføre dei lokale forhandlingane. Det er difor ei klar oppfatning at den økonomiske ramma bør bli fordelt sentralt. Vågå kommune ser det som viktig å prioritere helsepersonell i tida framover. Kommunane har allereie i dag størst utfordring med rekruttering av helsepersonell. 6. Vågå kommune si vurdering er at garantilønssystem bør vidareførast. Tidlegare var det ansiennitetsopprykk før seks år, og eit innspel til KS er at det kunne vore evaluert om endringa i tabellen har gjeve ynskt effekt. For nokre år sidan fekk kommunane høve til å bruke tilleggsansiennitet. Dette er ei ordning som har vore lite nytta i Vågå kommune og vi ser at denne ordninga med fordel kunne vore evaluert. 7. Eit verkemiddel kan vere at avtaleverket opnar opp for større fleksibilitet og gode turnusordningar, og Vågå kommune ynskjer difor at dette kan bli vektlagt framover. Det er viktig å få større fleksibilitet når det gjeld arbeidstid og helgefrekvens, mellom anna for å få nok folk på helg. Det kan og vere ein styrke om det blir lagt til rette slik at det er enklare å inngå avtaler om individuelle og frivillige turnusordningar. Gode og innovative arbeidstidsordningar vil kunne gjere det enklare å konkurrere med t.d. vikarbyrå og privat næringsliv. Oppgåvedeling vil vere viktig for kommunane framover, og det er viktig å ha fokus på kva for oppgåver fagarbeidarane kan utføre. Eit auka fokus på utdanning og kompetanseheving for fagarbeidarar innan helse vil vere ei viktig satsing framover. Fråvær er ei utfordring for kommunane i Noreg, og det er viktig at KS er ein aktiv part i diskusjonane knytt til sjukelønsordninga. Det har vore innført mange tiltak over år, men mange av desse har ikkje gjeve merkbar verknad. Det er viktig at det blir fokus på tiltak og ordningar som ein veit har effekt, framfor å heile tida setje inn nye tiltak og prøveprosjekt.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Samrøystes
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.