Hopp til innhold
Søndag 1. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Vågå · Saker

Mellombels finansiering av privat vidaregåande skule i Lom

Sak 14/2025 · Kommunestyret 8. april 2025 · Behandlet

Vedtak

1: Vågå kommune ser viktigheita av at det blir oppretta ei midlertidig løysing i påvente av at Jotunheimen vidaregåande skule blir godkjent. Vågå kommune løyver ein million kroner per år i ei periode i inntil tre år til Jotunheimen privatistskule. Løyvinga blir dekt frå disposisjonsfondet.

2: Kommunestyret set som vilkår at Vågå kommune får tilgang til all relevant økonomisk informasjon ved den nye skulen, inkludert rekneskap og budsjett. Dette blir framlagt årleg.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Kari Flækøy Skjåkødegård stilte spørsmål om sin habilitet i saka. Kommunestyret vedtok samrøystes (16 røyster) at Kari Flækøy Skjåkødegård er habil saka.

Endringsforslag – PS 14/2025 – Mellombels finansiering av privat vidaregåande skule i Lom Fylkestinget i Innlandet sitt vedtak om å legge ned Lom som skulestad for vidaregåande opplæring allereie i 2025, er etter mitt syn gjort utan konsekvensvurderingar for individa, næringslivet og regionen som heilheit. SV er særleg oppteke av dei elevane som treng individuell tilrettelegging og oppfølging i skulekvardagen. Fleire gjev nå uttrykk for at dei går ei usikker framtid i møte.

Eg meiner at fylkestinget med dette har svikta sitt lovpålagte oppdrag som skuleeigar og regional utviklingsaktør. I mangel på ein aktiv motpolitikk til demografiutfordringane, forverrar fylkestinget tilgangen til vidaregåande utdanningstilbod for elevar i distrikta, skaper dårlegare vilkår for næringslivet og bidrar til å tømme regionen for folk og kompetanse.

Dette handlar ikkje om Lom eller Otta som skulestad. Det handlar om Lom og Otta. SV er for drift av vidaregåande skular i offentleg regi, men da meiner eg skuleeigar – fylkeskommunen – må stille opp også for elevar i distrikta som har lange reiseavstandar.

Uavhengig av argumentasjonen min over, står arbeidet som nå skjer rundt etablering av privat vidaregåande skule i Lom som eit samfunnsutviklingsprosjekt. Lokale krefter mobiliserer sterkt, slik bønder i distriktet mobiliserte da slakterisamvirket la ned på Otta.

Det er uvisst om prosjektet lykkast. Det er mitt håp at den offentlege skulen på Otta og ein privat skule i Lom kan leva side om side, utan at den offentlege skulen risikerer å bli flytta ut av regionen i neste steg. Eit spørsmål i dette er kva form det private alternativet etter kvart vil kunne emnast til, og om det greier å rekruttere elevar også utanfrå regionen, noko som slett ikkje er utenkjeleg. Uavhengig om sjølve prosjektet lykkast eller ikkje, kan det i løpet av prosessen opne seg dører vi ikkje ser i dag.

Her må Vågå kommune bidra til at fylkeskommunen som skuleeigar og arbeidsgruppa for privatistskulen i Lom samarbeider om god kvalitet, god tryggheit i det samla utdanningstilbodet, fremmar god psykisk helse og førebygger utanforskap. Dei er alle våre ungdommar, uavhengig av kva skule dei vel å nytte seg av.

Drift av vidaregåande skular er eit fylkeskommunalt ansvar, og Vågå kommune skal ikkje bidra til å finansiere drifta av ein privatskule ved å måtte redusere i dei kommunale tenestene. Ved å løyve eit tilskot til utviklingsarbeidet frå disposisjonsfondet, syner Vågå kommune likevel støtte til, og anerkjenning av, det store lokale engasjementet og uttrykte behovet vi ser frå elevar, foreldre, bedrifter, organisasjonar, lokal bank, nabokommunar og privatpersonar.

Endringsforslag:

1. Vågå kommune ser initiativet og det store engasjementet rundt etablering av eit privat skuletilbod i Lom som eit samfunnsutviklingsprosjekt.

2. Uavhengig av om det lokale arbeidet lykkast eller ikkje, trur kommunen at arbeidet som blir lagt ned vil ha positive konsekvensar for optimisme og framtidstru blant innbyggarar, næringsliv og lokalsamfunn.

3. Vågå kommune vil bidra til samarbeid til det beste for alle elevar på alle skulestadar i regionen.

4. Vågå kommune løyver kr 500 000 frå disposisjonsfondet som eingongstilskot til arbeidet med å etablere ein privatistskule i Lom. Torunn Elise Kveen kommunestyrerepresentant Vågå SV Endringsforslag frå: Hans Petter Bakke, Jostein Visdal, Marte Linderud, Imbert Kleiven, Svein Ove Brun, Hans Petter Vaberg, Steinar Aasgaard, Kari Flækøy Skjåkødegård og Rikard Odnes 1: Vågå kommune ser viktigheita av at det blir oppretta ei midlertidig løysing i påvente av at Jotunheimen vidaregåande skule blir godkjent. Vågå kommune løyver ein million kroner per år i ei periode i inntil tre år til Jotunheimen privatistskule. Løyvinga blir dekt frå disposisjonsfondet.

2: Kommunestyret set som vilkår at Vågå kommune får tilgang til all relevant økonomisk informasjon ved den nye skulen, inkludert rekneskap og budsjett. Dette blir framlagt årleg.

Avstemming:

Forslag frå SV v/Torunn Elise Kveen: 1 røyst for forslaget. (Harald Sve Bjørndal, Karola Wenzel, Hans Petter Vaberg, Steinar Aasgaard, Svein Ove Brun, Hans Petter Bakke og Mariann Brattland - BL, Jostein Visdal, Kari Flækøy Skjåkødegård og Rikard Odnes - SP, Gjermund Øihusom, Bjørg Aaseng Vole, Imbert Kleiven, Marte Linderud og Geir Inge Stadeløkken - AP, Ola Iver Røe - SV, stemte i mot). Forslag frå Hans Petter Bakke, Jostein Visdal, Marte Linderud, Imbert Kleiven, Svein Ove Brun, Hans Petter Vaberg, Steinar Aasgaard, Kari Flækøy Skjåkødegård og Rikard Odnes: 10 røyster for forslaget (Harald Sve Bjørndal, Karola Wenzel og Mariann Brattland - BL, Gjermund Øihusom, Bjørg Aaseng Vole og Geir Inge Stadeløkken - AP, Ola Iver Røe - SV, stemte i mot). Formannskapet sitt framlegg: 7 røyster for forslaget (Hans Petter Vaberg, Steinar Aasgaard, Svein Ove Brun, Hans Petter Bakke - BL, Jostein Visdal, Kari Flækøy Skjåkødegård og Rikard Odnes - SP, Imbert Kleiven og Marte Linderud - AP, Torunn Elise Kveen - SV, stemte i mot).

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.