Budsjett 2025 og økonomiplan 2025-2028
Vedtak
1. Framlegg til økonomiplan for perioden 2025-2028 blir godkjent med dei endringane som kjem fram i kommunestyret si handsaming.
2. Fyrste året i økonomiplanen for perioden 2025-2028 blir vedteken som årsbudsjett for drift og investeringar for året 2025.
3. Godtgjersle til ordføraren blir sett til 85% av stortingsrepresentantløn.
4. Låneopptak til investeringar jamfør kommunelova § 14-15 blir for 2025 sett inntil kr. 56.492 mill. Låneopptaket utgjer ingen vesentleg finansiell risiko for Vågå kommune.
5. Låneopptak til vidareutlån jamfør kommunelova § 14-17 blir for 2025 sett inntil kr. 4 mill.
6. Driftstilskot til Vågå kyrkjelege fellesråd blir sett til kr. 3,3 mill. for 2025.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Endringsforslag frå Vågå SV til formannskapet sitt framlegg til årsbudsjett 2025 og økonomiplan 2025-2028 Vågå SV meiner at framlegget til årsbudsjett og økonomiplan er basert på eit grundig og godt arbeid, og viser at kommunedirektøren har god oversikt og kontroll med økonomien i ei tid med store utfordringar, både på investerings- og driftssida.
Vågå SV ynskjer likevel å fremje forslag om ei evaluering av budsjettprosessen. Vi ynskjer også å fremje følgjande forslag til endringar i driftsbudsjettet:
Løyving til tiltaksdelen i Kommunedelplan for klima, miljø og energi 2024-2031, kr 250' dekt av statleg tilleggsløyve til kommunane. Kommunestyret vedtok kommunedelplanen i februar 2024, men det er fåe tiltak i handlingsdelen som er å finne att i formannskapet sitt framlegg til økonomiplan.
Vågå SV er klar over at det er eksterne midlar å søkje på. Fleire tiltak handlar truleg om å kjøpe kompetanse eksternt, og ei løyving på kr 250' kan vera ein start til å få sett handlingsdelen ut i livet.
Bustadtilskot til unge vaksne, kr 1,0 mill. dekt av disposisjonsfondet Ungdom og unge vaksne er særleg sårbare i den vanskelege situasjonen som rår i bustadmarknaden, m.a. fordi utlånsforskrifta stiller krav til eigenkapital ved kjøp av bustad. Fleire kommunar i Gudbrandsdalen har ordningar med bustadtilskot.
Vågå SV foreslår at Vågå kommune yter bustadtilskot på kr 200 000 til privatpersonar under 35 år som byggjer eller kjøper ny heilårsbustad eller leilegheit til eige bruk i kommunen. Tilskotet skal vera eit supplement til søkjarar som manglar eigenkapital, jf. utlånsforskrifta for bankane.
Det blir avsett kr 1,0 mill. frå disposisjonsfondet og utarbeidd retningsliner for ordninga, som førebels skal gjelde for budsjettåret 2025.
Stillingsauke ungdomskonsulent, dekt av statleg tilleggsløyve til kommunane Ungdomskonsulentstillinga er redusert frå 90 til 30%. Dette viser at oppgåvene som er lagt til stillinga er nedprioriterte og er eit dårleg signal i ei tid der mange ungdomar opplever einsemd, utanforskap og utfordringar med den psykiske helsa. Det er viktig å styrke det positive arbeidet rundt ungdomane våre. Støtte til lag og organisasjonar, dekt av statleg tilleggsløyve til kommunane Lag og organisasjonar er byggjesteinar i grendene våre. Mange innbyggjarar i Vågå er engasjerte i frivillig arbeid, og det er viktig å vise at dette arbeidet blir sett og verdsett. Vågå SV foreslår å oppretthalde støtte til lag og organisasjonar på 2024-nivå. post@sv.no | sv.no 2
Støtte til private vegar, dekt av statleg tilleggsløyve til kommunane
Vågå SV foreslår å oppretthalde støtta til vedlikehald av private vegar. Denne støtta er avgjerande for folk i grendene.
Reduksjon i godtgjersle til politisk leiing Vågå SV meiner at også politisk leiing må ta sin del av reduksjonane i driftsbudsjettet. Vi foreslår difor å frøyse godtgjersla på 2024-nivå i heile planperioden. Forslaget vart trekt.
Forslag til tiltak Sum Finansiering
Løyving til iverksetjing 250 Statleg tilleggsløyve
av handlingsdelen i Kommunedelplan for klima, miljø og energi 2024-2031
Bustadtilskot til unge 1 000 Disp.fond
vaksne
Stillingsauke 500 Statleg tilleggsløyve
ungdomskonsulent
Støtte til lag og 50 Statleg tilleggsløyve
organisasjonar
Støtte til private vegar 400 Statleg tilleggsløyve
Reduksjon i Ukjent
godtgjersle politisk leiing
Forslag frå AP:
Budsjett 2025 og økonomiplan 2026-29 Generelt
Gjennom 2024 har administrasjonen lagt ned eit imponerande arbeid md å få tilpassa drifta til dei ramane vi har. Prosessen med å teste ut ulike tiltak før dei blir realisert var viktig for å få erfaring.
Den største årsaka til stadig strammare økonomi, er befolkningsnedgangen. Vågå Arbeiderparti har vore kritiske på manglande prioritering for å få på plass bustad- og næringsareal. Bustadareal er no ljosare ut, men det manglar fortsatt næringsareal.
Driftsbudsjettet 2024 Som folkevalde har vi ikkje tilgang på det spesifiserte tallbudsjettet. Dette betyr at våre forslag går på politiske mål for å oppretthalde eller forsterke politiske mål. Alle tiltak må dekkast innanfor gjeldande rame, der det ikkje let seg gjennomføre blir tiltaka på nytt teke opp politisk, men da må talgrunnlaga innan gjeldande sektor kome fram slik at vi som politikare har grunnlag til å fatte vedtak.
Kommunedirektør
• Reduksjon Informasjon og kommunikasjon. Dei fleste kommunane omkring oss har satsa på dette området for å kunne tiltrekkje seg nye innbyggjarar. Digitale plattformer er viktig både overfor eigne innbyggjarar og potensielle nye innbyggjarar. Forslag frå Vågå AP: Det blir foreteke ei evaluering på konsekvensane av dette tiltaket i Q3/2025.
Helse og meistring
• Auke grunnbemanning. Det er eit urovekkjande høgt fråvær innan helse og meistring. Årsakene er sjølvsagt fleire, men stort arbeidspress er ofte peikt på som ein av hovudårsakane. Med å auke grunnbemanninga vil ein samstundes redusere vikarbruken både internt og bruk av vikarbyrå. Forslag frå Vågå AP:
Grunnbemanninga blir auka med 2 årsverk i 2025.
Skule, barnehage og kultur
• Ungdomskonsulent. Vågå har hatt utfordringar med ungdomsmiljøet. Det er derfor viktig å oppretthalde tilbod som kan førebyggje slike utfordringar. Forslag frå Vågå AP: Ungdomskonsulent vert oppretthalde på same nivå som i 2023.
• Leirskuleopphald med vekt på friluftsliv. Gjennom mange år har Vågå kommune hatt eit tilbod om ei veke på Maurvangen med vekt på friluftsliv og uteaktivitetar. Vågå Arbeiderparti er opne for at det kan endrast på, men at målet ligg fast. Forslag frå Vågå AP: Leiskuleopphald med vekt på friluftsliv blir oppretthalde.
• Pedagogiske medhjelparen frå barnehage til skule. Barnehage/skule har gjeve utrykk for at det er viktigheit å ha med personell frå barnehage til skule for å gje barna tryggheit. Kommunedirektøren understrekar sjølv kor viktig dei første skuleåra er for den vidare skulegangen. Vågå kommune har ein offensiv politikk med å ta i mot flyktningar, og da er dette speseilt viktig for å gjere integreringa best mogleg. Forslag frå Vågå AP: Den pedagogiske medhjelparen frå barnehage til skule skal ligge permanent i driftsbudsjettet, og løysast innanfor vedtatt budsjettramme.
• Støtte til lag og organisasjonar. Vi er alle flinke til å trekkje fra kor mykje det friviljuge arbeidet betyr for bygda vår. Dette er limet for eit velfungerande samfunn og det vil difor vere ein stor feil å redusere støtta. Forslag frå Vågå AP: Støtta til lag og organsiasjonar blir oppretthalde på nivå med 2024.
• Rullerande barnehageopptak. Dette er eit viktig tiltak for å gjere kommunen attraktiv både for eksisterande og nye innbyggjarar. Samstundes vil dette gjere det enklare å få fleire inn att i arbeid. Forslag frå Vågå AP: Rullerande barnehageopptak blir oppretthalde.
Teknisk
• Støtte til private vegar. Gjennom fleire kommunestyreperiodar har dette vore eit omdiskutert tema. Både med kommunal/privat veg og med kommunalt vintervedlikehald. Sist periode vart det vedteke ei ny fordeling som no ser ut til å ha gått seg på plass. Desse private vegane er viktige, ikkje berre for dei som bur langs med dei, men også for andre. Eit døme er Øverbygdsvegen på Lalm som er gjennomgangsveg mellom Sjårdalsvegen og Brekka. Forslag frå Vågå AP: Støtta til private vegar blir oppretthalde med 400.000,-.
• Pynting i sentrum og kyrkjegard. Næringsdrivande i sentrum er dyktige til å skape eit levande sentrum. Kommunen må difor støtte opp om dette der vi kan og det vil difor bli feil å redusere denne posten. Forslag frå Vågå AP: Utgifter til pynting i sentrum og kyrkjegard blir oppretthalde med 25.000,-.
Forslag frå BL/SP:
A) Endringsforslag til budsjettet for 2025 og økonomiplanen 2025-28 – som lagt fram i formannskapsmøte den 21.11.:
Tiltak som auker kostnadene:
1.Setja inn at vegfond 400.000,-
2. Rullerande barnehageopptak 1.000.000,-
Tiltak som reduserer budsjettet:
1. Reduserer ramme teknisk – 400.000,- (redusert ramme teknisk aukar da frå 885’ til 1.285’)
2. Bruk av auka overføring til kommunane – 1.000.000,-
B) Endringsforslag til investeringsbudsjett:
- Enøk dagsenteret Solhaug går ut
- Skifte ut 2G sendere går ut/ forskyves
- Utbetringer Vågå ungdomsskule og
- Utbetringer Vågå bibliotek skyves med følgende begrunnelse:
Vi ynskjer ei heilskapleg vurdering av vedlikehaldsbehovet på Vågå ungdomsskule. I denne vurderinga ynskjer vi også at ein ser på moglegheita for å samle bilbliotekfunksjonane i eksisterande bygningsmasse på Vågå ungdomsskule. Vi ynskjer å få denne rapporten før vi tek stilling til renoveringar og endringar i bygningsmassen på Vågå ungdomsskule og Vågå bibliotek, og dette medfører at investeringane som gjeld desse for 2025 blir flytta til 2026-
- utstyr til effektivisering av drift. Robotklipp går ut. * Endring i tiltak som reduserer budsjett:
- Pkt. 1: kr. 400.000,- blir teke av statleg tilleggsløyve. Avstemming punkt for punkt:
SV:
1. Løyving til tiltaksdelen i Kommunedelplan for klima, miljø og energi 2024-2031, kr 250' dekt av statleg tilleggsløyve til kommunane. Blir dekt av statleg tilleggsløyve (Harald Sve Bjørndal, Karola Wenzel, Hans Petter Vaberg, Steinar Aasgaard, Elise Korskaden, Hans Petter Bakke, Elin Lauvstad - BL, Åsta Røhr Kleiven, Jostein Visdal og Marius M. Haugaløkken - SP, Gjermund Øihusom, Jehans Storvik, Marte Linderud og Geir Inge Stadeløkken - AP, Stemte i mot).
2. Bustadtilskot til unge vaksne, kr 1,0 mill. dekt av disposisjonsfondet (Harald Sve Bjørndal, Karola Wenzel, Hans Petter Vaberg, Steinar Aasgaard, Elise Korskaden, Hans Petter Bakke, Elin Lauvstad - BL, Åsta Røhr Kleiven, Jostein Visdal og Marius M. Haugaløkken - SP, Gjermund Øihusom, Jehans Storvik, Marte Linderud og Geir Inge Stadeløkken - AP, Stemte i mot). AP og SV
3. Stillingsauke ungdomskonsulent kr. 400.000,-, dekt av statleg tilleggsløyve til kommunane - Nedstemt med 9 mot 7 røyster (Harald Sve Bjørndal, Karola Wenzel, Hans Petter Vaberg, Steinar Aasgaard, Elise Korskaden, Hans Petter Bakke, Elin Lauvstad - BL, Åsta Røhr Kleiven, Jostein Visdal)
4. Støtte til lag og organisasjonar, dekt av statleg tilleggsløyve til kommunane kr. 50.000,- - Samrøystes
5. Støtte til private vegar, dekt av statleg tilleggsløyve til kommunane kr. 400.000,- - Samrøystes
6. Rullerande barnehageopptak blir oppretthalde. kr. 1.000.000,- - Samrøystes
7. Pynting i sentrum og kyrkjegard kr. 25.000,- Blir dekt statleg tilleggsløyve - Nedstemt med 9 mot 7 røyster (Harald Sve Bjørndal, Karola Wenzel, Hans Petter Vaberg, Steinar Aasgaard, Elise Korskaden og Elin Lauvstad - BL, Åsta Røhr Kleiven, Jostein Visdal og Marius M. Haugaløkken - SP, Stemte i mot) Investering:
a) Kutte enøk dagsenteret Solhaug går ut - Samrøystes
b) Legge inn Bru over Finna i 2027 kr. 4.000.000,- - Samrøystes
c) Ta ut investeringar knytt til bibliotek - Vedteke med 14 mot 2 røyster (Ola Iver Røe og Terje Kleiven - SV, Stemte i mot.) Tekstdelen:
Bestillingar:
Kommunedirektøren ser på moglegheit til å fase inn ein større stillingsprosent til ungdomskonsulentarbeid i løpet av budsjettåret, og gjev løpande attendemelding til HOKO om dette let seg gjera - Samrøystes Reduksjon Informasjon og kommunikasjon. Det blir foreteke ei evaluering på konsekvensane av dette tiltaket i Q3/2025. Samrøystes Auke grunnbemanning. Forslag frå Vågå AP: Administrasjon blir oppmoda om å abeide vidare med dette i 2025. Samrøystes Leirskuleopphald med vekt på friluftsliv. HOKO tek denne saka viare i 2025. Samrøystes
Pedagogiske medhjelparen frå barnehage til skule. Administrasjon blir oppmoda om å abeide vidare med dette i 2025. Nedstemt med 9 mot 7 røyster ((Harald Sve Bjørndal, Karola Wenzel, Hans Petter Vaberg, Steinar Aasgaard, Elise Korskaden og Elin Lauvstad - BL, Åsta Røhr Kleiven, Jostein Visdal og Marius M. Haugaløkken - SP, Stemte i mot) Vi ynskjer ei heilskapleg vurdering av vedlikehaldsbehovet på Vågå ungdomsskule. I denne vurderinga ynskjer vi også at ein ser på moglegheita for å samle bilbliotekfunksjonane i eksisterande bygningsmasse. Vi ynskjer å få denne rapporten før vi tek stilling til renoveringar og endringar i bygningsmassen på Vågå ungdomsskule og Vågå bibliotek, og dette medfører at investeringane som gjeld desse for 2025 blir flytta til 2026. Vedteke med 14 mot 2 røyster (Terje Kleiven og Ola Iver Røe - SV stemte i mot.) Kommunedirektøren ser på moglegheita for å fase inn ein større stillingsprosent til ungdomskonsulentarbeid i løpet av budsjettåret, og gjev løpande attendemelding til HOKO om dette let seg gjera - Samrøystes
Vurdere moglegheit for sysselsetjing av ungdom i staden for investering i robotklyppar
- Vedteke med 13 mot 3 røyster (Terje Kleiven og Ola Iver Røe - SV, Geir Inge Stadeløkken
- AP, stemte i mot) Formannskapets forslag til vedtak
Pkt. 1: Samrøystes
Pkt. 2: Samrøystes
Pkt. 3: Samrøystes
Pkt. 4: Samrøystes
Pkt. 5: Samrøystes
Pkt. 6: Samrøystes Det var 16 røysteberettiga under behandlinga av denne saka.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.