Hopp til innhold
Søndag 1. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Vågå · Saker

Interpellasjon - Grøn omsorg

Interpellasjon 68/2024 · Kommunestyret 24. oktober 2024 · Behandlet

Vedtak

Kommunestyret ønskjer at kommunedirektøren legge fram ei sak om korleis Vågå kommune ønskjer å rigge arbeidet for demensomsorgen og dagtilbodet spesielt.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Grøn omsorg eller dagtilbod for heimebuande personar med demens i Vågå har ei lang historie. Det starta på Klones i 2001 som eit pilotprosjekt der Vågå var med som ei av 4 kommunar i landet. Initiativet kom frå Anita Hovde i Vågå Demensforeining som var etablert allereie i 1998. Anita Hovde har fått mykje heider for arbeidet for demenssaka. Nasjonalforeininga for folkehelsa sin Demenspris for Oppland i 2006. Æresmedlemsskap av Demensforeininga i Vågå 2008 og Nasjonalforeininga for folkehelse si fortenestenål i 2008. Sjåfør gjennom mange år, Ragnar Olderløkken fekk Oppland fylkes demenspris i 2019 I 2008 starta frivillige arbeidet med å lage ein sansehage ved skjerma avdeling på Vågåheimen. Stod for ein stor innsats med uteområde på Vågåheimen nå i sommar. Grøn omsorg vart fløtt frå Klones til Sjårdalen i 2013 som ein følgje av at dagtilbodet for psykisk utviklingshemming i Ullinsvin fekk behov for større lokalar. Nå er begrepet grøn omsorg brukt som samlebetegnelse på ulike tiltak der dyr og natur fungerer som ramme for aktivitetar for personar som av ulike grunner har falt ut av arbeidslivet eller trenger å komme seg etter en periode med psykiske og/eller fysiske problem. Tilbodet er nå oftast assosiert med inn på tunet der gardsbruk vert brukt som arena for tilbodet 2015.Kommunestyret bestemte at Prosjekt helse og omsorg skulle startast opp. "Utarbeide prosjekt som omhandlar ein heilskapleg tanke om drift og organisering av heile omsorgsforløpet, og som er tufta på tanken i ei revidert omsorgstrapp der kvardagsrehabilitering er sentral." I 2017 var det kome meir kjøtt på beina og kommunestyret måtte velja veg. Der gjekk vi for alt B dvs. å ta vare på mest mogleg av bygningsmassa. Følgjande vart sagt om dagtilbodet for demente "Eksisterande dagsentertilbod i Sjårdalen medfører at dette tilbodet ligg svært adskilt frå øvrige tilbod i Vågå. Det er eit overordna ynskje å få samlokalisert dei ulike funksjonane som er lista opp i rom og funksjonsprogrammet, i nærleiken av Vågåheimen. Det er ynskjeleg å samlokalisera ulike aktivitetstilbod, sosiale tilbod og øvrige tenestetilbod retta inn mot ulike grupper omsorgstenestemottakarar, i eit felles bygg i samanheng med institusjon og PU-bustader. Dette bør gjerast til eit attraktiv plass å koma til å vera i, både for bebuarar i anlegget og for eksterne brukarar. I samband med dette skal dagsenterfunksjonen flyttast frå dagens lokalisering i Sjårdalen, til området ved Vågåheimen Det skal etablerast sansehage, som eit inngjerda område med ditrekte tilkomst frå avd. for grønn omsorg og frå bugruppe for demente. " I vedtaket stod det også at det skulle arrangerast eit seminar for kommunestyret og HOKO der ein får fram detaljar i prosjektet. I 2020 var helse og omsorgsprosjektet behandla på nytt i kommunestyret og i utgreiinga står det at " Ein grunnleggjande føresetnad i prosjektperioden har vore å samle flest mogleg av tenester og funksjonar innan helse og omsorg, og ved dette få til betre sambruk og effektiv drift." Hovudgrepa i prosjektet er synleggjort med 8 punkt der der grøn omsorg er er synleggjort i punkt 4 og 6. Det heiter bl.a. at " B-fløyen som det tidlegare har vore planlagt å rive skal nå nyttast. 1. etasjen er tenkt nytta til aktivitetssenter og grøn omsorg. Denne avdelinga vil få eigen inngang frå ute slik det er vist på oversiktsplanen." Ombygging av B-fløy til dagsenter er punkt 6 av 21 punkter i tidsplanen som vart vedteke samrøystes av kommunestyret. Det er imidlertid ikkje til å koma frå at det har vore problematisert rundt denne flyttinga i fleire fora bla. i formanskapsmøte i 2019 der formannskapet seier at det enda ikkje er vedteke å flytta dagsenteret. Så er da spørsmålet: Har kommunestyret vedteke å flytta dagtilbod for heimeverande demente frå Sjårdalen? Ser ein på sakane kan ein argumentere for at det ligg i prosjektet som vart vedteke og finansiert i 2020 og at dette har lege til grunn for det heilheitlege prosjektet sidan starten. Slik eg ser det har vi i praksis vedteke ei samling av tenestene i desembermøtet 2020 og akseptert at dagtilbodet i Sjårdalen kan flyttast når kommunedirektøren meiner dette er formålstenleg. Vågå kommune har over år etablert viktig kompetanse på demens og vi veit at det blir stadig fleir som utviklar demens og i tidleg alder. Kommunedirektøren arbeider med å styrke og utvide tilbodet for å hjelpa fleire i tida som kjem. Det klarar vi best ved å halda fast ved planane våre. Så til forslaga i interpellasjonen frå AP. AP ynskjer ei isolert vurdering altså ei sak. Slik vi over år nå har arbeidd med å sjå at alt heng saman med alt og at vi må bruke personale og økonomiske ressursar best mogleg for å få mest mogleg velferd ut av det vi har å rutte med er ikkje dette korkje mogleg eller ynskjeleg. I sommar vart f.eks tilbodet for heimebuande med demens lagt til gamlestua ved frivilligsentralen da ein trong å benytte sjukepleiarkompetansa på tvert mtp fereiavvikling. For det andre ynskjer AP å høyre kva tilsette meiner om problemstillinga. Når kommunestyret ynskjer faglege råd er det kommunedirektøren vi forheld oss til. Slik interpellasjonen føreligg meiner eg kommunestyret heller bør be om ei orientering om korleis kommunedirektøren arbeider for å styrke demensomsorga generelt og dagtilbod for heimebuande spesielt.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.