Høyringsuttale frå Vågå kommune ang. ny skule- og tilbodsstruktur for vidaregåande opplæring
Vedtak
Nord-Gudbrandsdalen er ein stor regionen med lange køyreavstandar. Vågå kommune ligg sentralt i Nord-Gudbrandsdalen og ungdommane frå Vågå har stort sett same reiseavstand til vidaregåande skulene i Lom og på Otta, med 32 kilometer til Otta og 33 kilometer til Lom frå kommunesenteret Vågåmo.
Kring 40 prosent av elevane og 15 prosent av lærarane på Nord-Gudbrandsdalen skule avdeling Lom, kjem frå Vågå kommune. Av alle elevane på Nord-Gudbrandsdalen skule avdeling Otta, er 27 av elevane på yrkesfaglege utdanningsprogram og 22 av elevane på studiespesialisering, Idrettsfag og påbygg busett i Vågå kommune. Dette tilsvarer 19 % av elevane.
Vågå kommune meiner at ein ivaretek eit best mogleg skuletilbod for regionen ved å behalde både Otta og Lom som skulestad. Avdelinga på Otta samarbeider med Karriere innlandet om desentralisert høgare utdanning i distriktet vårt. Dei får nå ei sjukepleiarutdanning, som vil vere avgjerande for at vi skal klare å tilsette nok sjukepleiarar til at vi kan levere på lovpålagde helsetenester i framtida.
Vågå kommune har forståing for at skulestrukturen er ein krevjande sak, men meiner at nedlegging av skuletilbod i Nord-Gudbrandsdalen vil bidra til ein negativ spiral og ha stor innverknad på framtidig utvikling på folketal, kompetanse og livskvalitet i Nord-Gudbrandsdalen. Dei fleste kommunane i Nord-Gudbrandsdalen har befolkningsnedgang og demografiske utfordringar med ein stor del eldre. Vi er redd eit dårlegare tilbod innan vidaregåande opplæring, vil forsterke den negative folketalsutviklinga.
Vi ynskjer å minne Innlandet Fylkeskommune om at dei skal arbeide for levande lokalsamfunn i heile Innlandet. Da må dei samfunnsmessige overordna perspektivet takast med i reknestykket og ikkje berre isolert skuleøkonomien og reisekostnadar. Det må vera i Innlandet Fylkeskommune si interesse å leggje til rette for busetjing og levande lokalsamfunn i heile Innlandet. Det er ikkje tvil om at eit redusert skuletilbod i Nord-Gudbrandsdalen vil redusere attraktiviteten til området, gjere oss sårbare og bidra til forsterking av den negative demografiske utviklinga på sikt.
Vågå kommune stiller seg svært kritisk til at tilbodet i Nord Gudbrandsdalen blir svært begrensa i alle dei tre alternativa som er lagt fram frå fylkeskommunedirektøren. Vi ber om at fylkeskommunen opprettheld og styrkar fagtilboda i Nord Gudbrandsdalen.
1. Innlandet fylkeskommune må bidra til levande og attraktive lokalsamfunn gjennom å bevare kompetansearbeidsplassar
I innlandet fylkeskommune sin Innlandsstrategi legg dei vekt på FNs sitt berekraftsmål 11. “Det handlar om å gjøre byer og lokalsamfunn inkluderende, trygge, robuste og bærekraftige, slik at mennesker kan leve gode liv og utvikle seg økonomisk og sosialt (FN, 2022.)”
Og Innlandet fylkeskommune har som langsiktig mål:
"For å realisere eventyrlige muligheter i Innlandet legges følgende til grunn:
• bærekraftig ressursforvaltning som gir utvikling og nye arbeidsplasser
• levende lokalsamfunn med bærekraftige byer, tettsteder og bygder
• at aktører i fylket vårt får større nasjonal betydning og synlighet"
Vågå kommune jobbar aktivt med å forsøke å stabilisere befolkningsutviklinga ved å skape bulyst og attraktive levende lokalsamfunn. Bustadar og arbeidsplassar er vesentlege for å lykkast med dette (Telemarksforskninga). Innlandet ligg svært lågt på lønnsstatistikk og utdanningsstatistikken i Norge, og kompetansearbeidsplassar er ein viktig faktor for at arbeidsmarknaden skal være attraktiv.
Gjennom å redusere fagtilbod fjernar Innlandet fylkeskommune viktige kompetansearbeidsplassar i Nord-Gudbrandsdalen.
Vågå kommune ber Innlandet fylkeskommune å etablere og behalde kompetansearbeidsplassar i distriktskommunane gjennom å oppretthalde fagtilbod, og på denne måten i større grad bidra til å realisere sitt eiga langsiktige mål med levande lokalsamfunn og eventyrlege moglegheiter i hele Innlandet.
2. Innlandet fylkeskommune må bidra til utvikling av næringslivet gjennom å vidareutvikle bygg og anleggslinja i Nord-Gudbrandsdalen og behalde/utvikle matfag/reiseliv
Nord-Gudbrandsdalen vidaregåande skule avdeling Lom har i dag tilbod innanfor bygg og anlegg. Bygg og anleggsbransjen er den nest største bransjen i Nord-Gudbrandsdalen, etter landbruk, med 369 verksemder. Trenden har vore svært aukande dei siste 20 åra. (ref. innlandstatistikk). I eit lesarinnlegg i Fjuken den 2. mai
2024 (https://www.fjuken.no/debatt/i/LM0dmq/skolestrukturen-rasering-av-bygg-og-
anleggsbransjen-i-nord-gudbrandsdalen ) understreka denne næringa mangelen på arbeidskraft og kor viktig bygg og anleggslinja er for rekruttering, særleg med tanke på lærlingar.
Innspela som kom i medverknadskonferansane gjennomført i fylkeskommunen sin eiga prosess, understreker også at bygg og anleggsfag har eit stort framtidig behov for kvalifisert arbeidskraft.
Riksantikvaren sendte 30.04.24 ut ein Handverksstrategi på høyring. I strategien legg dei vekt på at handverket skal løftast og at det er eit stort behov for kompetente handverkarar, der dei ynskjer å arbeide for at fleire vel tradisjonshandverk som yrkesveg. Dei dreg fram utdannings og opplæringstilbod som ei viktig satsing for å lykkast med å ta vare på tradisjonshandverket. Innlandet fylkeskommune bør arbeide aktivt og leggje til rette for å få fleire ungdommar til velje denne fagretninga.
Mange av elevane som startar på bygg og anlegg i Nord-Gudbrandsdalen reiser vidare til blant anna anleggsteknikk på andre skulestadar. Det kan være naturlig å sjå på moglegheita for å opprette ei anleggslinje i Nord-Gudbrandsdalen med den sterke bygg og anleggsbransjen som er i området i dag.
Innlandet fylkeskommune er eit reiselivsfylke og lokalmat knytt til reiselivet er tydeleg i strategiane både hjå statsforvaltaren, fylkeskommunen og regjeringa gjennom "Matnasjonen Norge". Bransjen og faglege instansar legg vekt på utfordringane med rekruttering. Nord-Gudbrandsdalen, Valdres og Nord Østerdalen er tre sterke regionar innanfor landbruk, reiseliv og lokalmat, og i alle tre regionane har Innlandet fylkeskommune foreslått å redusere fagtilbodet innanfor mat og reiseliv. Innlandet fylkeskommune burde legge til rette for ei auka satsing på desse fagområda i distriktsregionane og utvikla gode løysingar i samarbeid mellom skule og næringsliv. Vågå kommune oppfordrar Innlandet fylkeskommune til å styrke bygg og anleggslinja i Nord-Gudbrandsdalen i staden for å redusere den, gjennom å sjå på oppretting av nye tilbod knytt til anlegg.
Vi ynskjer at Innlandet fylkeskommune kan sjå på korleis dei kan behalde og styrke matfag og reiseliv gjennom tettare samarbeid med næringslivet og alternative opplæringsmodellar med skulestad i Nord-Gudbrandsdalen, ut frå fagmiljøet ved den vidaregåande skulen på Otta.
3. Innlandet fylkeskommune må bidra aktivt for "barnets beste" og reduksjon av fysisk og psykisk uhelse og utanforskap, gjennom å redusere behovet for pendling og behovet for å flytte på hybel.
Dei siste 15 åra har åtte yrkesfaglege utdanningstilbod vorte lagt ned i Nord-Gudbrandsdal, mellom anna naturbruk, design og handverk og IKT-servicefag. Om fylkeskommunen sitt forslag blir vedteke blir tilbodet ytterlegare redusert og Nord-Gudbrandsdalen vil stå att med berre to yrkesfag. Elevane som vil gå på andre utdanningsprogram må ut av regionen, pendle eller bu på hybel.
Viktigheita av å gjennomføre vidaregåande skule blir stadig større. 4 av 5 næringsaktørar slit med rekruttering og det er stor mangel på kvalifisert arbeidskraft (NAV bedriftsundersøkelse 2024). Arbeidsledigheita i Skjåk, Lom og Vågå ligg på låge 1% og Innlandet har ein mangel på 2975 tilsette i 2024.
Fråfall frå utdanning og arbeidsliv blir forbunde med auka risiko for dårlegare levekår og helseplagar. Innlandet fylkeskommune sine eigne heimesider seier at “Annenhver elev som ikke fullfører og består videregående opplæring blir avhengig av langvarige offentlige ytelser.” og at “Berekningar viser at det kostar NAV 12–13 millionar kroner om ein skoleungdom ikkje fullfører skolen og blir gåande på trygd resten av livet. Ifølje berekningar
frå Ipsos MMI, kunne samfunnet spart 5,4 milliardar i året dersom fråfallet i vidaregåande ble
redusert med ein tredjedel”.
Når ein ser desse tala blir ein overraska over at dei samfunnsmessige kostnadane ikkje er medrekna i forslaget som fylkeskommunedirektøren har lagt fram.
I saksframlegget står det at "Andelen elever i videregående skole som mottar skoleskyss i Innlandet fylke overstiger 50 %, og dette er den høyeste andelen blant alle fylkene i Norge".
Nedlegging av tilbod i Nord-Gudbrandsdalen vil auke talet på ungdommar som må pendle. I innlandstrategien har Innlandet fylkeskommune ein langsiktig strategi: "for å omstille oss til et lavutslippssamfunn er det sentralt å redusere behovet for transport så mye som mulig". Dette er ikkje i tråd med dei foreslegne endringane i skulestrukturen.
Forskning viser at elever som reiser med bil eller buss til skolen har dårligere helse enn elever som går eller sykler. Det er påvist en klar sammenheng mellom bruk av skoleskyss og nedsatt balanse og bevegelighet i rygg og hofter i artikkelen "Skoleskyss svekker barns helse" (TØI).
I innlandstrategien blir det skrive; Levende byer, tettsteder og bygder der innbyggerne trives og har tilhørighet har betydning for helse og livskvalitet. Service-, velferds- og kultur- og fritidstilbud i nærmiljøet betyr mye for den enkeltes livskvalitet. Utfordringene fremover er å utjevne forskjellene og bidra til at innbyggerne trives og har det godt i alle deler av fylket.
Ungdom mellom 15 og 19 år er viktige for frivilligheita og næringsliv i småe lokalsamfunn som Nord-Gudbrandsdalen består av. Dei er ressurspersonar både som brukarar og deltakarar innanfor kultur og fritidstilbod, samtidig som dei ofte deltek som deltidsarbeidskraft. Dei er sjølve aktive, bidreg som trenarar for yngre aldersgrupper og er synlege forbilete. Ungdommar med lengre pendlarveg eller på hybel får mindre kapasitet eller blir heilt borte frå lokalsamfunnet. Dette kan redusere tilbodet for yngre aldersgrupper og dermed redusere attraktiviteten i lokalsamfunna og forsterke den negative folketalsutviklinga.
Det er ikkje gitt at ungdommane vil velgje ei linje på den næraste vidaregåande skulen dersom dei fyrst må flytte eller pendle langt. Da kan det opplevast som meir attraktivt å velgje andre fagtilbod som ligg lenger unna geografisk. Vågå kommune saknar risikovurdering rundt auka fråfall hjå elevar som “ufrivillig” må på hybel eller tilbringe mange timar per dag på buss, og den økonomiske konsekvensen for familiar i Nord Gudbrandsdalen der ungane må på hybel istaden for å gå på skule i nærmiljøet. Vågå kommune saknar også ei utreiing rundt Innlandet fylkeskommune si plikt i forhold til opplæringslova § 7-2 – Skyss og innlosjering, der det står at fylkeskommunen skal hjelpe til med å skaffe losji for elevar som har så lang veg at dei ikkje kan ha dagleg skyss, både med tanke på tilgjengelegheit på bustadar og økonomiske konsekvensar for elevar og foreldre, særleg med tanke på fylkeskommunen si målsetning om at den nye skulestrukturen skal iverksetjast frå hausten 2025.
Vågå kommune oppfordrar Innlandet fylkeskommune til å leggje til rette for ei brei fagvifte og skuletilbod i Nord-Gudbrandsdalen for å redusere pendleavstandar og at ungdommane må flytte ut frå bygda på hybel allereie som 15-16 åringar og med dette ivareta det samfunnsøkonomiske perspektivet.
Kommunedirektøren si innstilling:
Kommunestyret stiller seg bak høyringsuttala og at uttala vert sendt til Innlandet fylkeskommune
VEDLEGG:
Oversikt over engasjement og lesarinnlegg som alle taler for å behandle og vidareutvikle Nord-Gudbrandsdalen vidaregåande skule avdeling Lom og Otta.
• Eit skulebudsjett i underskot på vidsyn. Av Sondre Bøye, Skjåk
https://www.fjuken.no/debatt/i/XjlpKB/eit-skulebudsjett-i-underskot-paa-vidsyn Må vi fram med hammeren? Av Øystein Skarset, Lom https://www.gd.no/ma-vi-fram-med-hammaren/o/5-18-2002507
• Ei varsla katastrofe for distriktskommunane. Av Trond Volden, bygdalista i Lom. https://www.gd.no/ei-varsla-katastrofe-for-distriktskommunane/o/5-18-2000824
• Skole, utenforskap og sosiale forskjeller. Av Kristian Frisvold, ordførar i Lom https://www.gd.no/skole-utenforskap-og-sosiale-forskjeller/o/5-18-2000551
• Kjemp for totaltilbudet. Av Jertru Stallvik, Sel https://www.gd.no/kjemp-for-totaltilbudet/o/5-18-2000521
• Uten fagfolk, ingen matregion. https://www.gd.no/uten-fagfolk-ingen-matregion/o/5-18-2000290 Av Åse Harjo Øvstegård, Gudbrandsdal Næringsforening
• Bruk skulen til samfunnsutvikling i tråd med Innlandsstrategien. Av Mari Sveen Steinehaugen, kommunestyrerepresentant for Bygdalista i Lom. https://www.gd.no/bruk-skulen-til-samfunnsutvikling-i-trad-med-innlandsstrategien/o/5-18-1999978
• Det finst måter å behalde skulestadane på. Av Marit Svanborg, Lesja https://www.gd.no/det-finst-matar-a-behalde-skulestadane-pa/o/5-18-1999966
• Skulen i Lom burde supplerast med naturfaglinjer. Av Torgeir T. Garmo https://www.gd.no/skulen-i-lom-burde-supplerast-med-naturfaglinjer/o/5-18- 1999695
• Skulestruktur og skuledebatt i vidaregåande skule. Av Jehans Storvik, Vågå
https://www.gd.no/skulestruktur-og-skuledebatt-i-vidaregaande-skule/o/5-18- 1998020
• Lom vidaregåande skule på topp i Innlandet. Av Morten Kielland, Bygdalista i Skjåk https://www.gd.no/lom-videregaende-pa-topp-i-innlandet/o/5-18-1999036
• Vidaregåande skule – ein skule for segregering eller inkludering? Av Edel Kveen, ordførar i Skjåk. https://www.fjuken.no/debatt/i/mQ7GRl/vidaregaaande-skule-ein-skule-for-segregering-eller-inkludering
• Ynskjer vi oss eit levande bygdesamfunn, treng vi dei unge og lovande på ein lokal skulebenk! Av Mari Wedum og Marit Tangvik, Visit Jotunheimen. https://www.fjuken.no/debatt/i/XbGKvr/ynskjer-vi-oss-eit-levande-bygdesamfunn-treng-vi-dei-unge-og-lovande-paa-ein-lokal-skulebenk
• Lom treng vidaregåande skule! Av Anne Wangen, Juvasshytta https://www.fjuken.no/debatt/i/RG3Vr2/lom-treng-vidaregaaande-skule
• Utdanningsforbundet er bekymret for at det er med økonomibrillene man vil se på skole- og tilbudsstrukturen. Av Thore Johan Nærbøe, Utdanningsforbundet Innlandet. https://www.fjuken.no/debatt/i/15Q4KB/utdanningsforbundet-innlandet-er-bekymret-for-at-det-er-med-oekonomibrillene-man-vil-se-paa-skole-og-tilbudsstruktursaken
• Ikkje alle 16-åringar er modne for å flytte på hybel. Av Hallvard Helland, Oppland Bonde- og Småbrukarlag. https://www.fjuken.no/debatt/i/jlVJM0/ikkje-alle-16- aaringar-er-modne-for-aa-flytte-paa-hybel
• Skulestruktur i Innlandet. Av Kristian Frisvold, Mariann Skotte, Magne Vorkinn og Edel Kveen. https://www.fjuken.no/debatt/i/RGP732/skolestruktur-i-innlandet
• Nå må fylkespolitikarane lyfte blikket og ikkje avvikle regionen vår. https://www.fjuken.no/debatt/i/rPpQgR/naa-maa-fylkespolitikarane-lyfte-blikket-og-ikkje-avvikle-regionen-vaar Av Mariann Skotte og Magne Vorkinn
• Ungommen fyrst. https://www.fjuken.no/debatt/i/JbWkM7/ungdommen-fyrst?fbclid=IwZXh0bgNhZW0CMTEAAR2erhYQWJKZu-GknkhzCHJ1zpMepULTQ1U_wJnZPqOu7o43FnnV1ry1_d0_aem_AWqmZzMh mdx8-K9D5Ttug-fYxofXed_H6tr8wLrTj5Z7qMgYI33xzfUtdnfVWXrv0XEUKC3EAnaGlrKWLsTa5D Ea Av styra i Skjåk, Lom, Lesja, Dovre og Vågå Arbeiderparti
• Skolestrukturen – Rasering av bygg- og anleggsbransjen i Nord-Gudbrandsdalen. https://www.fjuken.no/debatt/i/LM0dmq/skolestrukturen-rasering-av-bygg-og-anleggsbransjen-i-nord-gudbrandsdalen?fbclid=IwZXh0bgNhZW0CMTEAAR3QrZmjepcyfrnxhd99B_R4 Zdk9hrEFbwxbsUOlbhn49gE-4WhESvOjYnE_aem_AeYnJ4kDgQVmOT_AxQ2qVDFexE00dKT_24X5lz6ZscQ PLmRCOE7a2IqxpAy-bp1zRhnD-q_bBmV6wHwS5tQA1wxy Av mange aktørar innanfor bygg- og anleggsbransjen i Skjåk, Lom, Vågå og Dovre.
• Sikkerhetsnettet rundt elevane er stort hos oss:
https://www.utdanningsforbundet.no/fylkeslag/innlandet/nyheter/2024/sikkerhets nettet-rundt-elevene-er-stort-hos-oss/?fbclid=IwZXh0bgNhZW0CMTEAAR2CzGv3g8giN3Yx4JKEzaSFRQJdprVth wW2cqlLBxoAVCwbIAhVF5- XVt0_aem_Acb1NWzQeSj_E_lADm9Sv9ZE5FChUOoWXzjLxu1X7VySttVZ3ZC 6SN2gr8pyXF_0lBAhYfJ7K5pP57xfRHFq3Nff Av Kari Ousten Lyngved, arbeidsplasstillitsvalgt
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Forslag frå ordføraren:
Den opprinnelege uttala med små endringar blir ståande.
- Endring sist i pkt. 2: Vi ynskjer at Innlandet fylkeskommune kan sjå på korleis dei kan behalde og styrke matfag og reiseliv gjennom tettare samarbeid med næringslivet og alternative opplæringsmodellar med skulestad i Nord-Gudbrandsdalen, ut frå fagmiljøet ved den vidaregåande skulen på Otta.
Forslag frå SV v/Svein Holen:
"Saka blir utsett. Det blir sett ned ein redaksjonskomité med ein representant frå kvart parti i kommunestyret. Målsettinga er å gjera bodskapen i det utarbeidde forslaget meir tydeleg og spissa opp mot intensjonen om å sikre det regionale perspektivet når det gjeld utdanningstilbod og struktur. Kommunedirektøren peikar ut sekretær for arbeidet."
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.