Framlegg til omstilling knytt til Budsjettprosess
Vedtak
1. Kommunestyre legg til grunn endring av rammer pr område jamfør "Rammetabell 1" i saka, og at dette er førande for vidare
arbeid med budsjett og økonomiplan.
2. Kommunestyret tek tiltakslistene pr område som viser nummererte tiltak frå tiltak nummer 1-75 til orientering og ber
kommunedirektøren leggje desse til grunn for arbeidet med budsjett og økonomiplan 2025-2028
3. Det etablerte interkommunale samarbeidet blir også vurdert med tanke på innsparingar.
4. Ordføraren tek initiativ til at kostnader knytt til politisk leiarskap i kommunen også blir vurdert med tanke på innsparingar.
5. Tiltak som krev eigne vedtak etter delegasjonsreglementet blir lagt fram som eigne sakar til politisk
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Forslag til vedtak frå SP og BL
Tilleggsforslag punkt 1. Kommunedirektøren bes om å vurdere ramma slik at ein skjermar helse- og omsorgssektoren med 1.5 mill. og overfører kutt til andre sektorar.
Kuttene bør rettast organisatorisk slik at tenestene i størst mogleg grad vert skjerma.
Tilleggsforslag punkt 2. Kommunedirektøren bes skjerme tiltak nr 19 og 61 og finne inndekning jamfør punkt 1.
BL/SP trekte sitt forslag.
Forslag frå Vågå AP
1. Endring av rammer blir fastsett når alle innsparingstiltaka er på plass, der det er viktig å sjå på tvers av alle sektorane.
2. Følgjande tiltak blir teke ut av lista for innsparingstiltak:
1 Reduksjon bemanning – Info. og komm. 15 Reduksjon til ein valkrets og ein stemmedag 19 Fjerne tilskott til private veger 21 Innsparing uteområde – sentrum og kyrkja 29 Sal av Solhaug 39 Avvikle ekstra leirskuleopphald i ungdomsskulen 47 Reduksjon i tilskot til lag og foreiningar, samt diverse støtteordningar innan kultur 50 Fjerne overgangsassistent frå barnehage til skule
3. Følgjande tiltak må utgreiast betre både med omsyn til kostnadar dette vil medføre og effekt for brukarar og tilsette. Utgreiingane blir lagt fram medio oktober, slik at desse kan diskuterast før det endelege budsjettet og økonomiplanen:
3 Redusert 50% ved tildelingskontoret 8 Redusert opningstid servicetorget 14 Språknøytral kommune 17 Reduksjon i støtte til gratis heiskort 28 Sal av bygningar, Skogbygda og Tessand 33 Leige ut Gjendegarden i sesong 42 Reduserte skysskostnader 61 Endring nattvaktsturnus 62 Auka inntekter ved eigenbetaling 63 Minska fagleg nærvær på "Huset" 64 Auka inntekt – betaling for kaffe og te 65 Effektivisering ved bruk av velferdsteknologi 71 Endring av brukargruppe ved Eksismoen 74 Endring av turnus Eksismoen ROP
4. Følgjande tiltak ynskjer Vågå AP skal vurderast i tillegg:
1 Legge ned kantina på kommunehuset. 2 Skrinleggje planane om nytt bibliotek 3 Samordne felles økonomi- og lønsavdeling med Sel 4 Felles kulturskulerektor med Sel 5 Avvikle Folkehelsekoordinatoren 6 Avvikle HOKO 7 Melde Vågå ut av Landsamanslutninga for Utmarkskommunar 8 Endre betalingsstrukturen i felles kommunale tiltak (eks Regionrådet) slik at dette blir fast pr. kommune og ikkje basert på folketal. 9 Fjerne fruktordninga 10 Felles tildelingskontor med Sel
Forslag frå SV:
Omstilling knytt til budsjettprosessen Det blir vist til formannskapet sitt framlegg for kommunestyret i sak 34/2024.
Kommunedirektøren med leiargruppe, medarbeidarar og tillitsvalde har lagt ned eit grundig arbeid og lagt fram liste med 75 tiltak for å koma inn i reduserte driftsrammer for åra 2025- 2027. Vi set pris på at framlegget kom i så god tid før behandlinga i kommunestyret, at vi fekk moglegheit til å ha ein grundig gjennomgang og drøfting med medlemmene i partigruppene.
Det er ikkje økonomiplanen som er til behandling nå Vi registrerer at enkelte tiltak allereie har vekt reaksjonar blant tilsette, som endring i nattvaktturnus ved Vågåheimen og i heimetenestene. Vi deler bekymringa over konsekvensane, både for tenestemottakarar, pårørande og tilsette. Likevel er det viktig å minne om at dette tiltaket er under utprøving, og at det er ikkje økonomiplanen som er til behandling nå. Det ligg innanfor kommunedirektøren sitt handlingsrom og styringsrett å prøve ut tiltak som kan effektivisere tenestene og redusere kostnadene, innanfor krav til forsvarlege tenester i helselovgjevinga. Definisjonsmakta til forsvarlege tenester ligg også hjå kommunedirektøren, men helsepersonell har eit sjølvstendig ansvar for å agere dersom dei meiner at kommunen bryt lova. Vågå SV forventar at kommunedirektøren følgjer utviklinga nøye i prøveperioden, utarbeider fullstendige ROS-analyser og set i verk strakstiltak der det er nødvendig for å trygge liv og helse for tenestemottakarane og arbeidsmiljøet til dei tilsette.
Alle tiltak er ikkje "omstilling", men resultat av reduserte behov Blant dei 75 tiltaka på lista er det fleire som ikkje kan knytast til omstilling, men som er resultat av at behov fell bort eller blir redusert av naturlege årsaker. Berre innan oppvekst og kultur kan dette dreie seg om ca. kr 2,5 mill. i slutten av perioden (redusert elevtal, reduserte skysskostnader, naturleg slutt på tenestekjøp i andre kommunar). Slike tiltak kunne med fordel hatt ei meir tydeleg merking i tabellen, for å vise at dei ikkje treng politisk vurdering.
Alle tiltak er ikkje politikk På lista er det mange forslag til innsparingstiltak der kostnadene ikkje har heimel i politiske vedtak. Dette er kostnader knytt til abonnement, lisensar, enkelte medlemskap i eksterne organisasjonar, tal på kopimaskinar, overgang til brukt it-utstyr, kartlegging og organisering av oppgåver til driftspersonell i teknisk sektor, ny verkstadavtale for bilparken, m.m. Slike tiltak kan og bør settast i verk av kommunedirektøren straks eller så snart det er praktisk mogleg. Politiske drøftingar og vedtak bør omhandle dei overordna økonomiske rammene, ikkje liggje på eit detaljnivå som grip inn i kommunedirektøren sitt handlingsrom og styringsrett.
Kommunedirektøren må få handlingsrom i det vidare arbeidet Vågå SV meiner at den politiske leiinga ikkje må gripe for sterkt inn i prosessen nå. Det er viktig at alle sider ved tiltak som har store konsekvensar for tenestemottakarar og tilsette kjem til syne. Fram mot hausten kan det kome ytterlegare tiltak og behov som også vil ha relevans for budsjett og økonomiplan, og som gjer at vi må sjå på heile tiltakslista på nytt. Vågå SV meiner difor at vi nå ikkje må stengje dører for noko tiltak som er foreslått, men heller opne alle dører og glas på vidt gap for å sjå ein enda større del av landskapet fram mot budsjettarbeidet til hausten.
"Vi må ikkje slå ut barnet med badevatnet" Framover må vi sikre at kommunen som arbeidsgjevar tek vare på heiltidskulturen, god grunnbemanning i tenestene og eit godt arbeidsmiljø med lågt sjukefråvær og låg turnover. Vågå SV registrerer at fleire av tiltaka på lista handlar om tilbodet til ROP-pasientar. Dette er pasientar med alvorlege psykiske lidingar kombinert med rusproblem. Vi vil minne om at dette er ei målgruppe som i mange kommunar har eit for dårleg tilbod. Det er derfor viktig å ha særleg merksemd på endringar i tenestetilbodet, og sikre at desse individa får god oppfølging. Samtidig er det viktig å satse på førebygging, noko som kan redusere behovet for behandling, og dette betaler seg for både pasientar og det offentlege. Argument for tilleggsforslag/endringsforslag Vågå SV vil støtte formannskapet sitt framlegg til vedtak, men foreslår at også det etablerte interkommunale samarbeidet blir vurdert med tanke på innsparingar. Slike vurderingar krev naturlegvis god dialog mellom vertskommunar og samarbeidskommunar. Samtidig er vi innforståtte med at arbeidet kan vera tidkrevjande, og at effekten av endringar truleg fyrst kan kome i slutten av perioden. Vidare meiner vi at også kostnader knytt til det politiske leiarskapet og den politiske organiseringa må bli vurderte. Dette arbeidet må ordføraren og dei politiske partia ta ansvar for. Fram til behandlinga av økonomiplanen til hausten vil det naturleg liggje føre meir kunnskap om innhaldet i og konsekvensane av føreslegne tiltak. Tilstandsrapportane for grunnskulen og barneverntenestene er døme på viktige kjelder til dette.
Forslag til vedtak:
Pkt. 1: Som formannskapet sitt framlegg
Pkt. 2: Som formannskapet sitt framlegg Nytt pkt. 3: Det etablerte interkommunale samarbeidet blir også vurdert med tanke på innsparingar. Nytt pkt. 4: Ordføraren tek initiativ til at kostnader knytt til politisk leiarskap i kommunen også blir vurdert med tanke på innsparingar. Nytt pkt. 5: Som formannskapet sitt framlegg, pkt. 3. Tilleggsforslag frå BL, SP og SV:
Nytt pkt. 6: Kommunedirektøren tek med seg signala som har kome fram under debatten i formannskap og kommunestyre.
Avstemming:
Forslag frå SV, SP og BL blir sett opp mot forslaget frå AP. Forslag frå SV, SP og BL vart vedteke med 12 mot 5 røyster (Anne Grethe Furuheim, Bjørg Aaseng Vole, Jehans Storvik, Marte Linderud og Geir Inge Stadeløkken stemte for forslag frå Vågå AP)
6. Kommunedirektøren tek med seg signala som har kome fram i debatten i formannskap og kommunestyre.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.