Grunngjeve spørsmål til ordføraren - det vidaregåande utdanningstilbodet i Nord-Gudbrandsdal
Vedtak
Ordføraren sitt svar på grunngjeve spørsmål frå Vågå SV v/Svein Holen
Vidaregåande utdanningstilbod i Nord-Gudbrandsdalen
1. Eg er einig med representanten Svein Holen om at ei felles regional uttale frå Regionrådet vil vere ei styrke for å få eit best mogleg vidaregåande utdanningstilbod i regionen. Det som vil vere endå meir kraftfullt er om vi klarar å einast saman med midt-Gudbrandsdal regionen. Har vore i dialog med regionrådsleiar der for å få eit samarbeid om uttale om det ligg til rette for dette.
2. Eg har sett saka opp på regionstyremøte den 19 april. Da vil vi kunna vurdere det som har kome frå Innlandet fylkeskommune og finna fram til korleis vi skal arbeida vidare. Det kan verke lenge til fristen 31.8, men kommunestyremøta fram til da ligg i dei 2 neste månadane.
Det er naturleg at mange kommunestyre ynskjer å behandle denne saka. For å få ei felles uttale er det då viktig at kommunestyra er klår over at ein skal klara å sy dei ulike moment og vedtak saman i IPR. Neste IPR er 14.6.24. Kjem det for snøgt på oss, har vi ei moglegheit i august ved å omgjere regionstyremøte til Representantskapsmøte.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.