Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Vågå · Saker

Grunngjeve spørsmål til ordføraren - Flytting av bibliotek

Sak 17/2024 · Kommunestyret 11. april 2024 · Behandlet

Vedtak

Ordføraren sitt svar på grunngjeve spørsmål frå Vågå AP v/Geir Inge Stadeløkken:

Flytting av bibliotek.

Grunngjevinga bak spørsmålet frå representanten Stadeløkken krev ein stutt gjennomgang av saka.

Ordføraren kom med eit forslag til kommunestyret om å sjå på moglegheitene for etablering av bibliotek på Bunnprisbygget. Det var fleire årsaker til at dette kom som eit forslag.

Opprusting av bibliotek har vore ynskt lenge og det låg fleire forslag til investeringar inne i budsjettet for 2024. Det var sikkert fleire årsaker til at desse budsjettpostane vart stroke i budsjettbehandlinga eit argument som vog tungt for eiga del var at areala vi har ikkje er formålstenlege og framtidsretta. Eit bibliotek i dag er noko anna enn tidlegare og bibliotek har potensial til å bety mykje som viktig møteplass og servicesenter i både store og små samfunn.

At forslaget kom bardust på er berre å beklage, men det stod som eige punkt på innkalling til kommunestyret den 22.2.24 under sak 3, Drøfting- og orienteringssaker " Utgreie mogelegheit for flytting av bibliotekaktivitetar".

Som ordførar synest eg det er ryddig å få med meg formannskap eller kommunestyre til å bestille saker. Bibliotek var såleis ikkje noko sak på møtet men et spørsmål om kommunestyret kunne ha interesse av at det vart arbeidd med moglegheitene som ligg i flytting av bibliotek.

Det kommunedirektøren har arbeidd med så langt er om det er mogleg å koma i posisjon til å nytta bygget og kor store kostnader det vil bli. Det er og arbeidd med kva ein kan bruke det nåverande bibliotekbygget til. Det er ikkje svar på noko av dette enda. Når dette er på plass er det naturleg å gå bredt ut og involvere barne- og ungdomsmiljøet, skulane, idrett og andre fritidsinteresser for å sjå kva positive synergiar ein kan få ut av dette.

Det er også nemnt i grunngjevinga for spørsmålet at Vågå kommune har sendt søknad om støtte til prosjektet der det og kan vere tale om ein eigenandel. Dette vart gjort for å sikre seg i forhald til søknadsfristar i fall ein finn det interessant å realisere prosjekt. Desse søknadane er ikkje forpliktande og eventuelle tilsegn kan eventuelt nyttast på eksisterande lokalar om ein finn det interessant.

Når kommunedirektøren får oversikt over om dette er eit realistisk prosjekt og kva eit nytt bibliotek kan krevja av auka kostnader vil HOKO og kommunestyre få informasjon om dette.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.