Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Vågå · Saker

Områderegulering for Vågåmo for flomsikring mot Finna, Nugga og Otta - Innskrenking av planområdet

Sak 24/2024 · Kommunestyret 23. mai 2024 · Behandlet

Vedtak

Planområdet for områdereguleringsplanen som det med heimel i plan- og bygningslova §§ 12-2, 12-8 og 12-9 jf. § 4-1 er varsla oppstart av planarbeid for, blir redusert i samsvar med kart vist i figur 4 i saksframlegget der ny plangrense er vist med raud stipla line. Grunngjevinga for å innskrenke planområdet ved å ta ut areal i Ottaelva nedstrøms utløpet av Nugga er at dette arealet ikkje er nødvendig ut frå flomsikring, som er formålet med planarbeidet. Ved å redusere planområdet reduserer ein kompleksitet og utgreiingskostnader og legg til rette for ein mest mogleg føreseieleg planprosess med nødvendig framdrift for planavklaring av dei flomsikringstiltak NVE planlegg for.

Dersom det gjennom NVE sitt vidare utgreiingsarbeid for flomsikringstiltak oppstår behov for å gjere mindre justeringar av

plangrensa, får kommunedirektøren mynde til å gjere dette. Dette av omsyn til tidsbruk i planprosessen.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Samrøystes Det var 16 røysteberettiga under behandlinga av denne saka.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.