Interpellasjon - Nei til vind- og solkraftanlegg i Skogbygds- og Jettfjellet
Vedtak
Det er viktig for Vågå kommune at aktørar som ynskjer å satse i Vågå skal bli godt motteke. Vi takkar Fred Olsen Renewables for initiativ til å etablere "Vågå energipark". Det er ønskeleg å sjå etter moglegheiter for å få meir forybar kraftproduksjon også lokalt. Vågå kommune ka likevel ikkje sjå at så omfattande og irreversible naturinngrep skal kunne gagne bygda og vil ikkje imøtekomme ein prosess med å etablere vindkraftanlegg i inngrepsfrie naturområde.
Vågå kommune meiner at regjeringa på langt nær har utnytta handlingsrommet med å intensivere arbeidet med energisparing, effektivisering og prioritering av den krafta vi har.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Saka blir behandla som sak etter kommuneloven og ikkje som interpellasjon. Ordførar Harald Sve Bjørndal stilte spørsmål om sin habilitet i saka. Kommunestyret vedtok samrøystes at Harald Sve Bjørndal er inhabil i saka. Han gjekk frå under behandlinga av saka. Steinar Aasgaard stilte spørsmål om sin habilitet i saka. Kommunestyret vedtok samrøystes at Steinar Aasgaard er inhabil i saka. Han gjekk frå under behandlinga av saka. Jostein Visdal vart samrøystes vald som settevaraordførar. Forslag frå Svein Holen - SV om endring i forslag til vedtak:
Ordlyden "Med tilvising til grunngjevinga ovanfor" er teke ut. Forslag til vedtak blir da:
Vågå kommunestyre seier nei til å etablere industriområde for vindkraft i kommunen sine fjellområde. Kommunen set difor stopp for Fred Olsen Renewables sine planar om å etablere vind- og solkraftanlegg i Skogbygds- og Jettfjellet. Forsalg til vedtak frå BL og SP:
Det er viktig for Vågå kommune at aktørar som ynskjer å satse i Vågå skal bli godt motteke. Vi takkar Fred Olsen Renewables for initiativ til å etablere "Vågå energipark". Det er ønskeleg å sjå etter moglegheiter for å få meir forybar kraftproduksjon også lokalt. Vågå kommune ka likevel ikkje sjå at så omfattande og irreversible naturinngrep skal kunne gagne bygda og vil ikkje imøtekomme ein prosess med å etablere vindkraftanlegg i inngrepsfrie naturområde. Vågå kommune meiner at regjeringa på langt nær har utnytta handlingsrommet med å intensivere arbeidet med energisparing, effektivisering og prioritering av den krafta vi har.
Forslag frå BL/SP vart vedteke med 9 mot 8 røyster (Gjermund Øihusom, Bjørg Aaseng Vole, Imbert Kleiven, Marte Linderud og Geir Inge Stadeløkken - AP, Anne Silje Berg og Svein Holen - SV og Marius
M. Haugaløkke - SP stemte i mot)
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.