Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Skjåk · Saker

Interkommunalt vertskommunesamarbeid om økonomitenester

Sak 41/2026 · Kommunestyret 18. juni 2026 · Behandlet

Vedtak

1. Skjåk kommune vedtek å etablere eit interkommunalt samarbeid om økonomi, rekneskap, fakturering, innfordring og løn med Lom og Vågå kommunar. Samarbeidet skal skje i form av eit vertskommunesamarbeid i samsvar med § 20-1 i kommunelova, med Vågå kommune som vertskommune. Skjåk kommune vil inngå i vertskommunesamarbeidet frå 01.01.2027. Fungerande økonomisjef vil ikkje byte arbeidsgjevar frå Skjåk til Vågå kommune før fungeringsperioden.

2. Skjåk kommune er positive til at andre kommunar i Nord-Gudbrandsdalen sluttar seg til samarbeidet når det er etablert.

3. Skjåk kommune ser det som ein fordel at det er personell frå økonomisamarbeidet stasjonert i kvar kommune.

4. Kommunestyret vedtek forslag til vertskommuneavtale og kommunedirektøren får fullmakt til å setje i verk avtalen.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Endringsforslag frå Stig Erlend Banken (AP):

• Tilleggspunkt til slutt i punkt nr.3: For Skjåk kommune sin del skal det normalt sett være minst 2 tilsette som har hovudoppmøte i Skjåk.

• Tilleggspunkt til slutt i punkt nr. 4: under forutsetning av at punkt nr.3 blir lagt inn som eit eiga kulepunkt i vertskommuneavtalen punkt nr.4; Vertskommunen si mynde, oppgåver og plikter. Endringsforslag frå Arnfrid Austin (AP): Vertskommunesamarbeidet blir evaluert etter to år. Austin trekte endringsforslaget sitt seinare under behandling av saka. Det vart stemt over endringsforslag Banken, og endringsforslaget fell. 4 stemde for endringsforslaget, dette var BL og AP. 13 stemde mot endringsforslaget, og dette var SP/AP og BL. Det vart så stemt over innstillinga, og denne vart vedteke mot ei stemme, og dette var ei stemme frå AP.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.