Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Skjåk · Saker

Høyring - Tafjord Kraftproduksjon AS, Fetegga pumpestasjon og regulering av Reindalsvatnet i Fjord kommune

Sak 37/2026 · Kommunestyret 18. juni 2026 · Behandlet

Vedtak

Tiltaket vil skape meir aktivitet og forstyrring i eit område som er viktig for villrein. Skjåk kommune er derfor skeptiske til at det blir gjeve løyve til enno meir kraftutbygging i dette området. Skjåk kommune ber NVE vurdere om opplysningane i søknaden med vedlegg frå Tafjord Kraft AS er tilstrekkelege når det gjeld påverknad på villrein. Dei siste åra har villreinen i større del tatt i bruk dei nordvestlege område i villreinområdet. Med tanke på klimaendringar kan dette området bli meir verdifullt for villrein i framtida. Vurderingane tek i for liten grad omsyn til indirekte effektar som forstyrring, arealunngåing og endra arealbruk. Skjåk kommune oppfordrar NVE til å leggje vekt på både direkte og indirekte effektar av tiltaket, samt den samla belastninga på villreinområdet i si vurdering. Ved ein eventuell konsesjon forventar Skjåk kommune at auka produksjon og større andel av produksjonen vinterstid blir innlemma i den finansielle avtala med Tafjord kraft og vår uttaksprofil.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Tilleggsforslag frå Morten Kielland, (BL), i sak 37:

Tillegg etter 1.setning i tilrådinga:

Skjåk kommune ber NVE vurdere om opplysningane i søknaden med vedlegg frå Tafjord Kraft AS er tilstrekkelege når det gjeld påverknad på villrein.

Dei siste åra har villreinen i større del tatt i bruk dei nordvestlege område i villreinområdet. Med tanke på klimaendringar kan dette området bli meir verdifullt for villrein i framtida. Vurderingane tek i for liten grad omsyn til indirekte effektar som forstyrring, arealunngåing og endra arealbruk. Skjåk kommune oppfordrar NVE til å leggje vekt på både direkte og indirekte effektar av tiltaket, samt den samla belastninga på villreinområdet i si vurdering.

Det vart stemt over tilleggsforslag frå Kielland, og tilleggsforslaget vart samrøystes vedteke.

Det vart så stemt over innstillinga med vedteke tilleggsforslag, og dette samrøyses vedteke.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.