Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Skjåk · Saker

Omklassifisering av Slettomsvegen

Sak 34/2026 · Kommunestyret 18. juni 2026 · Behandlet

Vedtak

1.Skjåk kommune vedtek å omklassifisere Slettomsvegen, vegnummer 3433 KV1036, frå kommunal til privat veg etter veglova § 8 og Føresegner til omklassifisering av kommunale vegar i Skjåk. 2.Overlevering til privat drift og vedlikehald skal ikkje skje før Marlosøygardbrua er utbetra og ferdigstillinga er dokumentert. 3.Skauta bru er utbetra og blir rekna som følgd opp i denne saka. 4.Før overlevering skal kommunen berre gjennomføre nødvendige og dokumenterte utbetringar. Dette gjeld kjende feil, skader og manglar som må rettast for at overleveringa skal vere forsvarleg. 5.Kommunen skal ikkje gjennomføre generell standardheving av Slettomsvegen før overlevering. 6.Før overlevering skal det liggje føre tilstandsprotokoll, tiltaksliste og kostnadsoverslag for dei tiltaka kommunen skal gjennomføre. 7.Før overlevering skal kommunen avklare om det er behov for å sikre rettar til veggrunn, grøfter, stikkrenner, snøopplag eller andre nødvendige innretningar. Nødvendige rettar skal sikrast før overlevering. Tinglysing blir nytta der det er behov. 8.Dersom det er behov for matrikkelopprydding skal dette gjennomførast før overlevering. 9.Dersom det ikkje blir oppnådd frivillig avtale om framtidig drift og vedlikehald innan eitt år frå vedtaksdata, skal kommunen ta intiativ til nødvendig rettsleg avklaring av bruksrett, vedlikehaldsansvar og kostnadsdeling før overlevering. 10.Kommunedirektøren får fullmakt til å fastsetje endeleg overleveringsdato når vilkåra i punkt 2 til 9 er oppfylte.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Bernt Dahl (BL) stilte spørsmål om eigen habilitet, da han er saksbehandlar i saka. Dahl vart samrøystes funne inhabil. Det har ikkje lykkast å få inn vara for Dahl i saka på førehand. Samrøystes som innstillinga.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.