Søknad om tilskot - Jotunheimen vidaregåande skule og Tafi
Vedtak
- Skjåk kommune løyver eit tilskot på inntil kr. 1.100.000 til Jotunheimen vidaregåande skule AS, organisasjonsnummer 934824474, per år for dei neste tre skuleåra, altså 2026/2027, 2027/2028 og 2028/2029. Dette utgjer ein totalsum på kr. 3,3 millionar. Ordninga kan bli forlenga ytterlegare etter 2029, men det blir lagt opp ei evaluering før den tid.
- Tilskotet skal gå direkte til å dekke elevbetalinga og bidra til ein gratis skule for elevane ved Jotunheimen vidaregåande skule. Av administrative grunner blir tilskotet gitt direkte til skulen, i staden for til kvar enkelt elev. Det blir sett krav om rapportering for kvart semester for bruk av midlane. Det er ei forventning om at kommunane Lom og Skjåk deler på kostnaden, eventuelt at tilskotet blir redusert dersom andre blir med på spleiselaget.
- I tillegg til desse midlane løyver Skjåk kommune inntil kr.350.000 som tilskot for skuleutvikling til Tafi – Tverrfaglig Arbeidsgruppe for Framtidsskolen i Innlandet (organisasjonsnummer 934600541) kvart år i inntil tre år, altså i 2026, 2027 og 2028. Dette utgjer ein totalsum på kr. 1.050.000.
Eit vilkår for løyving er at Tafi rapporterer til kommunestyret i Skjåk i slutten av kvart skuleår på korleis midlane har vorte brukt, og kva som er resultat av utviklingsarbeidet. Det blir oppmoda til ein tett dialog med kommunane undervegs.
- Løyvinga blir teke av disposisjonsfond kontostreng 1470.450.3258. Midlane kan utbetalast med inntil 80% i starten av skuleåret og resterande 20% mot slutten av skuleåret. Utviklingsmidlane blir utbetalt i starten av kvart skuleår, etter anmodning frå Tafi.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Morten Kielland (BL) stilte spørsmål om eigen habilitet, og han vart samrøystes funne inhabil. Endringsforslag sak 2026/19 frå Edel Kveen (SP) - Søknad om tilskot – Jotunheimen vidaregåande skule og Tafi
2. strekpunkt, 3. setning: Det blir sett krav om rapportering for kvart semester for bruk av midlane. 2.strekpunkt, 4. setning: Det er ei forventning om at kommunane Lom og Skjåk deler på kostnaden, eventuelt at tilskotet blir redusert dersom andre blir med på spleiselaget.
3. strekpunkt, 1. setning: I tillegg til desse midlane løyver Skjåk kommune inntil kr.350.000 som tilskot for skuleutvikling til Tafi – Tverrfaglig Arbeidsgruppe for Framtidsskolen i Innlandet (organisasjonsnummer 934600541) kvart år i inntil tre år, altså i 2026, 2027 og 2028.
3. strekpunkt, 3. setning: Eit vilkår for løyving er at Tafi rapporterer til kommunestyret i Skjåk i slutten av kvart skuleår på korleis midlane har vorte brukt, og kva som er resultat av utviklingsarbeidet. Endringsforslag frå Astrid Gjertsen (BL) til sak 2026/19
2. strekpunkt 3. setning: Det blir sett krav om rapportering ved slutten av hvert skoleår for bruk av midlane. Det vart stemt punktvis i saka:
- Samrøystes om strekpunkt ein.
- I strekpunkt to vart endringsforslaga sett opp mot kvarandre,(rapportering ein eller to gongar i året). Det vart vedteke at rapportering skal vere to gongar i året. Endringa vart vedteke med 8 stemmer, (desse stemmene var frå SP), mot 7 stemmer, (desse stemmene var SP, AP og BL).
- Vidare i strekpunkt to vart formannskapet si innstilling sett opp mot endringsforslag frå Edel Kveen (SP), og endringsforslaget vart vedteke med 12 stemmer, (desse stemmene var SP og BL), mot 3 stemmer (desse stemmene var frå AP).
- Strekpunkt to vart stemt over samla med dei vedtekne endringane, og dette vart samrøystes vedteke.
- I strekpunkt tre vart formannskapet si innstilling sett opp mot endringsforslag frå Edel Kveen (SP) i fyrste setning, og endringsforslaget vart samrøystes vedteke.
- Vidare i strekpunkt tre vart formannskapet si innstilling sett opp mot endringsforslag frå Edel Kveen (SP) i tredje setning, og endringsforslaget vart samrøystes vedteke.
- Avslutningsvis vart det stemt over samla vedtak med dei tidlegare vedtekne punkta, og strekpunkta vart samrøystes vedteke.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.