Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Skjåk · Saker

Salg av kommunale bustader

Sak 14/2026 · Kommunestyret 26. mars 2026 · Behandlet

Vedtak

1. Når kommunen vedtek å selje ein kommunal utleigebustad som er utleigd, skal leigetakar som hovudregel få eit tidsavgrensa tilbod (kjøpsopsjon) om å kjøpe bustaden før ein eventuell open salsprosess.

2. Opsjonen skal givast på dokumentert marknadspris (to stk uavhengig takst/verdivurdering) og med krav om finansieringsstadfesting innan fastsett frist.

3. Dersom opsjonen ikkje vert nytta innan fristen, kan kommunen selje bustaden gjennom open salgsprosess .

4. Før opsjon vert gitt/ sal vert gjennomført, skal kommunen vurdere bustadsosiale konsekvensar for husstandar i bustaden og planleggje for alternativ bustad der det er nødvendig og mogleg.

5. Skjåk kommune kjøper kvar fjerde bustad som ein utbyggjar legg ut for sal. Dersom ein ny ferdigbygget bustad har lege ute i den opne marknaden samanhengande meir enn seks månader, kan kommunen gå inn og kjøpe to av fire bustader i det aktuelle prosjektet.

6. Kjøp av bustader etter dette vedtaket skal ikkje overstige prisen av andre solgte einheiter i prosjektet.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Bernt Dahl (BL) stilte spørsmål om eigen habilitet, da han er saksbehandlar i saka. Dahl vart samrøystes funne inhabil. Endringsforslag frå Edel Kveen (SP) på sak 2026/14, Salg av kommunale bustader Pkt. kutte dei to siste setningane i punkt 5, nytt punkt 6:

Kjøp av bustader etter dette vedtaket skal ikkje overstige prisen av andre solgte einheiter i prosjektet. Det vart stemt over tilleggsforslag/endringsforslag frå Kveen, og desse vart samrøystes vedteke. Det vart stemt over innstillinga med endringane, og dette vart samrøystes vedteke.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.