KS Debatthefte 2026 - Tid for taktskifte
Vedtak
Saka er drøfta, og Skjåk kommune gjev med desse innspela eit grundig og realistisk svar på utfordringane i KS Debatthefte 2026. Alle innspel er solid forankra i lokale forhold og nasjonale føringar.
Vedtak frå Skjåk kommune blir oversendt KS Innlandet.
1.Kva må vi gjere i vår kommune dei neste to åra for å auke endringstakta for berekraftig velferd? Satse på digitalisering, førebygging og samarbeid. Skjåk har eit aktivt lokalsamfunn med frivillige, næringsliv og gode møteplassar – dette er ein stor fordel. Bustadutvikling nær tenester er viktig for både unge og eldre. Kommunen må styrkje tenestene gjennom betre bruk av digitale verktøy, høgare digital kompetanse og auka bruk av meistringsteknologi. Klare prioriteringar, tidleg innsats og deling av løysingar mellom kommunar er nødvendige for å sikre berekraftige tenester framover.
2. Korleis kan vi i vår kommune dei neste to åra bruke og mobilisere den arbeidskrafta vi har best mogleg for å løyse samfunnsoppdraget vårt? Vi må auke arbeidskrafttilgangen gjennom inkludering av personar med ulik grad arbeidsevne, betre integrering, tilrettelegging av arbeidsoppgåver og tett samarbeid med NAV. Samtidig må vi arbeide for å framleis ta i bruk pensjonistar som ressurs, utvikle ein god livsfasepolitikk og redusere fråvær for å forlenge yrkeslivet. Vurdere tettare samarbeid og om det er meir føremålstenleg å slå seg saman med andre for å styrke fagmiljø og rekruttering. For å sikre framtidig kapasitet må attraktivitet og samarbeid med næringslivet styrkjast. Dersom deltidsdirektivet blir tolka slik at deltidstilsette har krav på overtidstillegg for alt arbeid utover eigen stillingsbrøk, vil dette i vesentleg grad avgrense arbeidsgjevar si moglegheit til å leggje til rette for fleksibel bruk av tilgjengeleg arbeidsevne. Ei slik ordning kan gjere det meir krevjande å nytte eksisterande personell effektivt og redusere handlingsrommet for å møte bemanningsbehov på ein føreseieleg og kostnadseffektiv måte.
3. Kva må vi prioritere for å styrke beredskapsevna?
Beredskap i Nord-Gudbrandsdalen må byggjast nedanfrå og opp – med lokalkunnskap, samvirke og tillit som fundament. Styrke kommunane sin operative evne, regionale samvirke og lokalsamfunnet si motstandskraft – slik at vi toler meir, reagerar raskere og står betre saman når det verkeleg gjeld. Samarbeid regionalt, gode øvingsrutinar, matberedskap i samarbeid med landbruket, transportberedskap og digital tryggleik er sentrale føresetnader for dette.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Innstilling frå formannskapet vart samrøystes vedteke.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.