Kommunedelplan for rv. 15 Strynefjellet med arm til Geiranger og kommunedelplan for masselager i Skjåk kommune - Skjåk kommune si uttale til oppstartsvarsel
Vedtak
1.Skjåk kommune si uttale til oppstartsvarsel – Planprogram for rv. 15 Strynefjellet med arm til Geiranger og kommunedelplan for masselager i Skjåk kommune.
Skjåk kommune er positiv til Statens vegvesen sin plan om vintersikker veg med lang tunnel over Strynefjellet og ein arm mot Geiranger. Prosjektet kan gje tryggare ferdsel, betre beredskap og nye moglegheiter for lokalt næringsliv. Samstundes må planen ta omsyn til natur, villrein og lokale interesser, og massar frå tunnelen må nyttast klokt.
Vegstandard og tunnelalternativ
Vegstandard og tunnelprofil (T13) må dimensjonerast for tungtransport og beredskap, inkludert militær forflytning. Skjåk kommune meiner alternativ B3 er det beste alternativet. Det legg tunnelen lengst mogleg aust i Breiddalen, minimerer konflikter med villrein og gjev betre trafikkforhold vinterstid. Dersom B3 ikkje er gjennomførbart, er B2 det nest beste alternativet. Massedeponi og bruk av tunnelmassar
Det er tidlegare anslege at om lag 2,5 millionar kubikkmeter tunnelmasse vert generert. Dette er ein stor ressurs som bør/må nyttast i vegprosjekt og til andre formål i kommunen. Skjåk kommune peikar på følgjande:
Tilgjengeleg plassering av massar: Noko av massane bør plasserast så langt aust som mogleg for å vera tilgjengelege for opprusting av rv. 15 og andre lokale prosjekt. Opprusting av eksisterande veg bør skje parallelt med tunneldrivinga. Sykkelvegprosjekt: Massar kan/bør nyttast til sykkelveg og løypetrasé mellom Stuttgongen og Geirangerkrysset og mellom Grotli og Billingen. Mellombels deponi og etterbruk: Brøytestasjonen i Breiddalen kan nyttast som mellombels deponi, særleg aust for stasjonen, med lagring til seinare bruk. Området Framruste er allereie regulert til deponi. Camping/le: Eit massedeponi bør tilrettelagast som camping- eller bubilplass slik at ein unngår uorganisert camping langs fjellovergangen. Konkrete forslag til deponi:
oGeirangerkrysset/Langvatnet Strekninga brøytestasjonen - Geirangerkrysset skal ikkje nyttast for masselagring etter anleggsperioden. oBrøytestasjonen (aust) Med i område 1 i SVV-høyringa. Massar kan lagrast her for framtidig bruk. Det er artsregistreringar av fjellbunke på odden heilt ut mot vatnet rett sør for brøyte-stasjonen (bygninga), som har status nær truga i raudlista. oHamsevika (nord for Gamle Geirangerveg) Med i område 1 i SVV-høyringa. Må vurdere konsekvensar for villreinen og kulturminner. oBreidablikk Ikkje med i SVV-høyringa. Massar kan brukast til å utvide parkeringsplassen ved innkøyringa til hyttefeltet Breidablikk, som er for lita i påskeperioden. Eventuelt areal for utviding er LNFR. Elles ikkje konfliktar knytt til naturmangfald. oGrotli Område 2 i SVV-høyringa. Deponiet kan med fordel flyttast til sørsida av krysset, der vil det vera mindre synleg. Dersom det er aust for krysset på sørsida av riksvegen dei meiner så er dette truleg greitt med omsyn til naturmangfald. Raudstilk med status nær truga i raudlista, er registrert i Stalltjønne vest for vegen. Registrert som mogeleg hekking. oHeimdalen–Måsåbakkane–Stuttgongen Ikkje med i SVV-høyringa. Deponering av masse kan gje grunnlag for sykkelveg/ turløype. Framtidig tur-/sykkelløype ligg inne i KP-arealdel. Utsnitt av kommuneplankartet er vedlagt, løype er markert med raud, stipla linje. Kommunen saman med Skjåk allmenning har jobba med å finne traseen for denne i terrenget. Traseen er om lag 4,4 km lang, og går eit stykkje oppe i terrenget. Tunnelmasse må da evt. leggast av i eit eller fleire deponi i nærleiken av rv. 15 for å nyttast for bruk i anleggsarbeidet for å opparbeide traseen. oTora Område 3 i SVV-høyringa. Området ved krysset er lite eigna på grunn av verneomsyn og portal for nasjonalpark; lagring lenger aust der det alt finst ein fyllplass er betre. Kartutsnitt vedlagt. Her ser det ut på flybilde til å vere ei fylling frå tidlegare, og sidearealet til vegen er lagt som samferdselsformål i Kp-arealdel. LNFR kring dette. Ikkje registreringar knytt til naturmangfald. oKleivholet Område 5 i SVV-høyringa. Har plass til mykje masse og vart nytta under kraftutbygginga. Arealet ligg sør for Heggebottvatnet. Ligg nær rv. 15 i villreinens leveområde, elles ingen registreringar knytt til naturmangfald. Samferdselsareal og LNFR i kommuneplanens arealdel. oKuhølen Område 6 i SVV-høyringa. Er regulert for masseuttak og har gunstig plassering for etterbruk. Reguleringsplanen heiter Kuhølgruva med planid. 5130037, godkjend 14.06.2018.
Villrein og naturmangfald
•Skjåk kommune legg stor vekt på å ta vare på reinstrekket frå Lægervatnet og vestover. Tunnelalternativ B3 er best eigna til å ivareta dette. •Massedeponi mellom Geirangerkrysset og brøytestasjonen må unngåast av omsyn til villreinen og for å ta vare på kulturminne.
Gamle vegar, beredskap og reiseliv
•Eksisterande RV15 bør fortrinnsvis sanerast og attendeførast naturen. Dersom vegkroppen består har Skjåk kommune ei klar formeining om restriksjonar og bruken av vegen som må innførast.
Lokal verdiskaping og kompensasjon
Prosjektet vil medføre auka trafikk og anleggsverksemd i perioden. Skjåk kommune ber om god informasjon og dialog mellom alle involverte partar gjennom heile plan- og byggjeperioden. Det bør vurderast korleis anleggsdrifta kan gje lokal verdiskaping. Det må òg vurderast kompensasjon for ulemper anleggsdrifta vil medføre for berørte interessentar. I forbindelse med etablering av brakkerigg kan vi opplyse om at kommunen har godkjend drikkevasskjelde og avlaup ved Grotli hotell. For å minimere miljøpåverknad og kostnadar bør ein sjå på eit alternativ med å nytte seg av dette i byggefasen.
Avslutning
Skjåk kommune ser fram til ei vintersikker og trygg vegforbindelse over Strynefjellet som tek vare på villrein, natur og lokal identitet. Vi støttar alternativ B3 og meiner at massane frå tunnelen må nyttast på ein måte som gjev nytteverdi. Gode deponiløysingar, gjenoppretting av natur og open dialog er nøkkelen til eit vellukka prosjekt.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Endringsforslag frå Astrid Gjertsen (BL): ynskjer å ta inn vedtaket som vart fatta i
utvalet, (kommunedirektøren si innstilling). Endringsforslaget fell mot 14 stemmer,
dette var SP, AP og BL.
Endringsforslag frå Edel Kveen (SP):
Under massedeponi fyrste kulepunkt:
• Strekninga brøytestasjonen – Geirangerkrysset skal ikkje nyttast for
masselagring etter anleggsperioden.
Det vart stemt over om ein skal ta inn Edel Kveen sitt endringsforslag i vedtaket frå
Formannskapet. Vedteke mot ei stemme, BL. Det vart stemt over fylgjande punkt:
Eksisterande RV15 bør fortrinnsvis sanerast og attendeførast naturen. Dersom vegkroppen består har Skjåk kommune ei klar formeining om restriksjonar og bruken av vegen må innførast. Vedteke mot 3 stemmer, BL, AP og uavhengig. Det vart stemt over fylgjande punkt:
Skomakerdalen blir teke ut som planforslag for massedeponering. Vedteke samrøystes. Det vart stemt over uttala med vedtekne endringar i heilheit, og denne vart vedteke samrøystes.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.