Kommuneplanen sin handlingsdel med økonomiplan 2026- 2029 og årsbudsjett 2026
Vedtak
Kommuneplanen sin handlingsdel med økonomiplan 2026-2029, årsbudsjett 2026 og gebyrliste 2026
Skjåk kommunestyret vedtek fylgjande;
1. Formannskapet sitt framlegg til kommuneplanen sin handlingsdel med økonomiplan 2026- 2029 med dei endringane som blir vedteke 11.12.2025.
2. Formannskapet sitt forslag til budsjett 2026 med dei endringane som blir vedteke 11.12.2025.
3. Formannskapet sitt forslag til gebyrliste 2026 med dei endringane som blir vedteke 11.12.2025.
4. I medhald av eigedomsskattelova skal det i 2026 skrivast ut eigedomsskatt på kraftanlegg og kraftnettet (eigedomsskattelova § 2 og § 3 bokstav c). Skattesatsen på energianlegga setjast til 7 promille av takstverdien (eigedomsskattelova § 11). Eigedomsskatten skal betalast i 2 terminar. Siste alminnelege taksering i kommunen vart gjennomført i 2024 med verknad frå 2025.
5. Kommunedirektøren får fullmakt til å fordele og justere ufordelte lønnsmidlar etter lønnsoppgjeret og til oppdekking av langtidsfråvær, samt tilhøyrande refusjonar.
6. Det blir teke opp samla lån på 63,293 millionar kroner til investeringsprosjekt i 2026.
Endring økonomiplanen:
2026, investering:
325 000 blir flytta frå HMS kommunehus til investeringar for brann- og feiarteneste. Fordeling slik:
150 000 til skisseprosjekt Garderobe/HMS brannstasjon
175 000 til feiarbil, internkjøp frå branntenesta. Branntenesta nyttar samla sum frå sal Lom og Skjåk til innkjøp av utrykkingsbil.
Branntenesta investerer i røykdykkarsamband, kr 473.504 kr eks. mva., dekkast av brannvesenet sitt disposisjonsfondet.
Investering brann og feiing, bil og røykdykkarsamband, avheng av at Lom gjer same vedtak. Folkevald nemnd for Lom og Skjåk brannvesen er orientert, og ser behovet for desse tre investeringane.
Endringar budsjett 2026:
Kr 150 000 blir flytt frå ansvar 100 og øyremerka vidareføring av skuleturar.
Endring gebyrliste 2026:
Skjåk idrettslag får leige idrettsanlegg innandørs og utandørs for kr. 85 000 i året, summen skal deretter indeksjusterast. Ein går da bort frå timeavrekning for idrettslaget.
Kommunedirektøren får fullmakt til å inngå leigeavtale med Skjåk idrettslag som tek i vare andre leigetakarar sine interesser og held kontroll på kommunen sine driftsutgifter knytt til idrettsanlegget.
Hytterenovasjon:
Gr. 0 frå dagens system fortset som gr. 0
Gr. 1 hytter som ligg >3 km frå vinterbrøyta veg kr. 1305
Gr. 2 hytter som ligg < 3 km frå vinterbrøyta veg, kr.2610
Plan og byggsak, sjå eige oversikt under:
Skjåk kyrkjelege fellesråd (Vedlegg 10), søknad om støtte, vedlikehald av bårerom kr. 58 262,- blir innvilga. Midlane blir teke frå disposisjonsfondet og ført kontostreng 1470.100.3900.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Endringsforslag PS 2025/70, Skjåk Senterparti Kommuneplanen sin handlingsdel med økonomiplan 2026-2029, årsbudsjett 2026 og gebyrliste 2026 Skjåk kommunestyret vedtek fylgjande;
1. Formannskapet sitt framlegg til kommuneplanen sin handlingsdel med økonomiplan 2026- 2029 med dei endringane som blir vedteke 11.12.2025.
2. Formannskapet sitt forslag til budsjett 2026 med dei endringane som blir vedteke 11.12.2025.
3. Formannskapet sitt forslag til gebyrliste 2026 med dei endringane som blir vedteke 11.12.2025.
4. I medhald av eigedomsskattelova skal det i 2026 skrivast ut eigedomsskatt på kraftanlegg og kraftnettet (eigedomsskattelova § 2 og § 3 bokstav c). Skattesatsen på energianlegga setjast til 7 promille av takstverdien (eigedomsskattelova § 11). Eigedomsskatten skal betalast i 2 terminar. Siste alminnelege taksering i kommunen vart gjennomført i 2024 med verknad frå 2025.
5. Kommunedirektøren får fullmakt til å fordele og justere ufordelte lønnsmidlar etter lønnsoppgjeret og til oppdekking av langtidsfråvær, samt tilhøyrande refusjonar.
6. Det blir teke opp samla lån på 63,293 millionar kroner til investeringsprosjekt i 2026. Endring økonomiplanen:
2026, investering:
325 000 blir flytta frå HMS kommunehus til investeringar for brann- og feiarteneste. Fordeling slik:
150 000 til skisseprosjekt Garderobe/HMS brannstasjon 175 000 til feiarbil, internkjøp frå branntenesta. Branntenesta nyttar samla sum frå sal Lom og Skjåk til innkjøp av utrykkingsbil. Branntenesta investerer i røykdykkarsamband, kr 473.504 kr eks. mva., dekkast av brannvesenet sitt disposisjonsfondet. Investering brann og feiing, bil og røykdykkarsamband, avheng av at Lom gjer same vedtak. Folkevald nemnd for Lom og Skjåk brannvesen er orientert, og ser behovet for desse tre investeringane. Endringar budsjett 2026:
Kr 150 000 blir flytt frå ansvar 100 og øyremerka vidareføring av skuleturar.
Endring gebyrliste 2026:
Skjåk idrettslag får leige idrettsanlegg innandørs og utandørs for kr. 85 000 i året, summen skal deretter indeksjusterast. Ein går da bort frå timeavrekning for idrettslaget. Hytterenovasjon:
Gr. 0 frå dagens system fortset som gr. 0 Gr. 1 hytter som ligg >3 km frå vinterbrøyta veg kr. 1305 Gr. 2 hytter som ligg < 3 km frå vinterbrøyta veg, kr.2610 Plan og byggsak, sjå eige oversikt under:
Skjåk kyrkjelege fellesråd (Vedlegg 10), søknad om støtte, vedlikehald av bårerom kr. 58 262,- blir innvilga. Midlane blir teke frå disposisjonsfondet og ført kontostreng 1470.100.3900.
Endringsforslag frå Bernt Dahl, BL:
Dahl skriv i forslaget, "eg støttar endringsforslaget med følgande endring":
Endring gebyrliste 2026:
Skjåk idrettslag får leige idrettsanlegg innandørs og utandørs for kr. 85 000 i året, summen skal deretter indeksjusterast. Ein går da bort frå timeavrekning for idrettslaget. Kommunedirektøren får fullmakt til å inngå leigeavtale med Skjåk idrettslag som tek i vare andre leigetakarar sine interesser og held kontroll på kommunen sine driftsutgifter knytt til idrettsanlegget.
Endringsforslag frå Morten Kielland, BL:
150 000 blir teke frå disposisjonsforndet og øyremerka skuleturar. Røysting Tilråding frå kommunedirektøren vart satt opp mot endringsforslag frå SP.
1. Samrøystes om punkt 1 i endringsforslaget frå SP.
2. Samrøystes om punkt 2 i endringsforslaget frå SP.
3. Samrøystes om punkt 3 i endringsforslaget frå SP.
4. Samrøystes om punkt 4 i endringsforslaget frå SP.
5. Det vart stemt over om punkt 5 i formannskapet si innstilling skal ut frå vedtaket. Etter avstemming går punktet ut, formannskapet si innstilling fell mot 6 stemmer, dette var stemmer frå AP og SP. 11 stemde for SP sitt endringsforslag, dette var stemmer frå BL, SP og AP.
6. Nytt punkt 5 og 6 i endringsforslaget frå SP vart vedteke samrøystes. Det vart stemt over endringsforslaget frå SP knytt til brann og feiarvesen, og dette vart samrøystes vedteke:
325 000 blir flytta frå HMS kommunehus til investeringar for brann- og feiarteneste. Fordeling slik:
150 000 til skisseprosjekt Garderobe/HMS brannstasjon 175 000 til feiarbil, internkjøp frå branntenesta. Branntenesta nyttar samla sum frå sal Lom og Skjåk til innkjøp av utrykkingsbil. Branntenesta investerer i røykdykkarsamband, kr 473.504 kr eks. mva., dekkast av brannvesenet sitt disposisjonsfondet. Investering brann og feiing, bil og røykdykkarsamband, avheng av at Lom gjer same vedtak. Folkevald nemnd for Lom og Skjåk brannvesen er orientert, og ser behovet for desse tre investeringane. Skuleturar:
Det vart stemt over SP sitt endringsforslag sett opp mot endringsforslag frå Kielland knytt til endring på 150 000 frå disposisjonsfondet og øyremerka skuleturar. Forslaget frå Kielland fell mot 4 stemmer, dette var BL og AP. 13 stemde for SP sitt forslag AP, BL og SP. Endring gebyrliste:
Samrøystes om SP sitt endringsforslag. Det vart stemt over å ta inn Dahl sitt tilleggsforslag, og dette vart samrøystes vedteke. Hytterenovasjon:
Samrøystes om SP sitt endringsforslag. Plan og byggesak:
Samrøystes om SP sitt endringsforslag. Skjåk kyrkjelege fellessråd:
Samrøystes om SP sitt endringsforslag. Det vart avslutningsvis stemt over budsjettet samla, og dette vart samrøystes vedteke med endringane over.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.