Sommarjobbprosjektet 2025-2027
Vedtak
1.Skjåk kommune løyver årleg inntil kr 250 000 i tilskot til sommarjobbprosjektet for perioden 2025-2027. Støtta til arbeidsgjevar er inntil kr 1 500 pr. vekeverk for ungdom mellom 14 og 18 år. Bedrifter kan få tilskot til tilsetting av all ungdom i Skjåk mellom 14 og 18 år, med unntak av arbeidsgjevars eigne ungar. 2.Utbetaling av tilskot skjer etter skriftleg rapport med timelister og dokumentasjon på utbetalt løn. 3.Status for sommarjobbprosjektet skal rapporterast til kommunestyret ein gong i året. 4.Beløpet blir teke frå næringsfondet med kontostreng: 1470.450.3255.325.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Endringsforslag frå Stig Erlend Banken (AP) om endre beløp i punkt 1 til kr. 200 000. Endringsforslaget i punkt 1 fekk 5 stemmer, ( AP, SP og BL), og fell mot innstilling frå formannskapet på 12 stemmer, (AP, SP og BL). Innstilling frå formannskapet vart samrøystes vedteke punkt 1 - 4.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.