Bustadsituasjonen i Skjåk kommune
Vedtak
1.Skjåk kommune vedtek å kjøpe kvar fjerde bustad som bustad-utviklarar legg ut på den frie marknaden til marknadspris. Dette forutset at alle fire bustadane vert ferdige innanfor to år og innanfor ein makskostnad på 3,6 mill. Kommunedirektøren melder kjøp og førespurnader til formannskapet. 2.Kommunedirektøren skal finne bruksformåla til dei aktuelle kjøpsobjekta. 3.Kommunedirektøren bes legge til rette for sal av kommunale bustader til dei som bur i bustadane. Bustaden kan seljast til gjennomsnitt takst frå to uavhengige taksforetak. Kommunedirektøren melder eventuelle sal og forhandlingar til formannskapet. Inntekter frå sal av bustader vert nytta til å investere i nye bustader. 4.Ramma for kjøp i 2025 vart sett til 6,5 mill. (i økonomiplanen er det sett av 6 mill). Dette inneber at ramme vert auka med 0,5 mill og vert ført på kontostreng 430 2650 560. 5.Kommunestyret ber kommunedirektøren prioritere arbeidet med å etablere aktuelle tomteområde for vidare bustadutvikling.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Innstilling frå formannskapet vart samrøystes vedteke.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.