Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Skjåk · Saker

KS Debatthefte 2025. "Fra forventning til virkelighet"

Sak 4/2025 · Kommunestyret 30. januar 2025 · Behandlet

Vedtak

1. Korleis kan de som folkevalde redusere og handtere forventningsgapet gjennom aktiviteten i dei politiske organa (kommunestyre/fylkesting og underliggande organ) og samspelet med administrasjonen?

Folkevalde kan redusere forventningsgapet ved å ha ein tett og open dialog med administrasjonen og innbyggjarane. Dette inneber å sette realistiske mål, gjere grundige vurderingar av økonomiske rammer og vere tydelege på kva som er mogleg innanfor dei ressursane som er tilgjengelege. Det er viktig å involvere kvarandre tidleg i prosessar, slik at ein får realistiske vurderingar av det som kan gjennomførast, og kommunisere dette tydeleg til innbyggjarane.

Kommunestyre bør gjera vedtak med klare prioriteringar og budsjetter som gir retning for den politiske handlinga, samstundes som ein er open om, og kan kommunisere dei utfordringane og avgrensingane ein står overfor.

2. Korleis kan KS bistå i dette arbeidet i den enkelte kommune og fylkeskommune?

KS kan bistå ved å tilby kompetanseheving, rettleiarar, verkty og beste praksis for korleis kommunar handterer forventningsgapet. Vi ynskjer KS som ein pådrivar for auka fleksibilitet og handlingsrom for lokaldemokratiet, samt kommunisere erfaringar og utfordringar frå medlemskommunane til nasjonale myndigheiter.

3. Korleis kan de som folkevalde bidra til å skape forståing i befolkninga og lokalsamfunnet for at ressursane er avgrensa og at dette tvingar fram tøffare prioriteringar og alternative løysingar?

Folkevalde kan bidra til å skape forståing ved å vere tydelege og opne om dei økonomiske rammene og dei prioriteringane som er nødvendige, og kva tiltak må utsetjast eller nedprioriterast, og korleis ein jobbar med alternative løysingar. Det kan gjerast med informasjonsmøte med innbyggjarane, lokale media og digitale hjelpemidlar i kommunen.

4. Kva vil vere dei viktigaste bodskapa KS kan bringe inn i dialogen med nasjonale myndigheiter for å redusere statleg detaljstyring, gje meir fleksibilitet og auke handlingsrommet lokalt innanfor velferdsområdet? Vi ynskjer mindre detaljstyring og heller større handlingsrom til å tilpasse tenestene etter lokale forhold. Lokale tilpassingar kan føre til meir effektiv ressursbruk.

KS bør ta opp utfordringar knytt til lovkrav, forskrifter og rundskriv som gjer det vanskelegare for kommunar og fylkeskommunar å tilpasse tenestene på ein fleksibel måte. Nasjonale myndigheiter bør tilby betre støtte og kompetanseheving , og styrke rettleiarfunksjonen til spesialisthelsetenesta og desentralisert etterutdanning slik at kommunane skal kunne utføre velferdsoppgåvene på ein optimal måte.

5. Kva innspel har din kommune/fylkeskommune til KS i forkant av mellomoppgjeret 2025, til dømes knytt til: økonomisk ramme, prioriteringar, sentrale eller lokale lønstillegg og liknande?

• Frå Skjåk kommune ser vi det ikkje som ønskjeleg at kommunane skal ha større handlingsrom for eigen lønspolitikk. Dette ser kommunen som uheldig og ressurskrevjande, eit eksempel på dette er lokale forhandlingar i kap. 4.

• Det er ikkje ønskjeleg med lokale forhandlingar i kap. 4 (pottforhandlingar). Lokale forhandlingar tek svært mykje tid for partane. Det kan vere eit verkemiddel for å utjamne ulikheiter, men potten for dei mindre kommunane er forholdsvis liten, og det er svært ressurskrevjande å gjennomføre dei lokale forhandlingane. Det er difor ei klar oppfatning at den økonomiske ramma bør bli fordelt sentralt.

• Skjåk kommune ser det som viktig å prioritere helsepersonell i tida framover. Kommunane har allereie i dag større utfordringar med rekruttering av helsepersonell.

Strategisk utvikling av avtaleverket

6. Dagens garantilønssystem gjev stillingsgrupper med same kompetansekrav lik sentral garantilønn, uavhengig av tenesteområde. Ivaretek dette garantilønssystemet kommunen/fylkeskommunen sine behov, og er det eit ønskje om at det vidareførast?

• Skjåk kommune si vurdering er at garantilønssystem bør vidareførast. Tidlegare var det ansiennitetsopprykk før seks år, og eit innspel til KS er at det kunne vore evaluert om endringa i tabellen har gjeve ynskt effekt.

• For nokre år sidan fekk kommunane høve til å bruke tilleggsansiennitet. Dette er ei ordning som har vore likt ulikt brukt i kommunane, og Skjåk kommune ser at denne ordninga med fordel kunne vore evaluert.

7. Kva bør KS prioritere i utviklinga av avtaleverket for å møte framtida sine arbeidskraftutfordringar og sikre forsvarlege tenester? Det kan til dømes handle om omstilling, ulike arbeidstidsordningar, oppgåvedeling og bruk av kompetanse, tiltak for å redusere fråvær og andre tiltak for å bruke arbeidskraftressursane best mogleg, eller liknande.

• Eit verkemiddel kan vere at avtaleverket opnar opp for større fleksibilitet og gode turnusordningar, og Skjåk kommune ynskjer difor at dette kan bli vektlagt framover.

• Eit tiltak for å få folk til å gå i turnus er å prioritere gode tillegg, (jf. HTA § 5 “Godtgjøring for særskilt arbeidstid m.m.”).

• Det er viktig å få større fleksibilitet når det gjeld arbeidstid og helgefrekvens, mellom anna for å få nok folk på helg. Det kan og vere ein styrke om det blir lagt til rette slik at det er enklare å inngå avtaler om individuelle og frivillige turnusordningar. Gode og innovative arbeidstidsordningar vil kunne gjere det enklare å konkurrere med t.d vikarbyrå og privat næringsliv.

• Oppgåvedeling vil vere viktig for kommunane framover, og det er viktig å ha fokus på kva for oppgåver fagarbeidarane og andre yrkesgrupper kan utføre. Eit auka fokus på utdanning og kompetanseheving for fagarbeidarar og andre yrkesgrupper innan helse vil vere ei viktig satsing framover.

• Fråvær er ei utfordring for kommunane i Noreg, og det er viktig at KS er ein aktiv part i diskusjonane knytt til sjukelønsordninga. Det har vore innført mange tiltak over år, men mange av desse har ikkje gjeve merkbar verknad. Det er viktig at det blir fokus på tiltak og ordningar som ein veit har effekt, framfor å heile tida setje inn nye tiltak og prøveprosjekt.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Samrøystes som Formannskapet sitt forslag til vedtak.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.