Hopp til innhold
Søndag 1. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Dovre · Saker

Interpellasjon til kommunestyret: Kyrkjestugu, Hjerleid og parkering Dovre kyrkje

Interpellasjon 96/2025 · Kommunestyret 15. desember 2025 · Behandlet

Vedtak

Kommunen publiserer ikke vedtaksteksten for seg. Den står i saksprotokollen ↗.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Guri Ruste framførte interpellasjon på vegne av Dovrelista.

Ordføreren besvarte interpellasjon fra Guri Ruste, Dovrelista:

• Kommunestyret har i budsjettvedtaket for 2025 sett av pengar til å løyse inn denne

eigedommen for å legge til rette for nye parkeringsareal knytt til Dovre kyrkje. Vedtak i sak

72/2024: "Kjøp av areal og opparbeiding av parkeringsplass nord for Dovre kyrkje, 450.000,-"

• Senter for bygdekultur (SFB) søkte i 2024 om dispensasjon frå Plan- og bygningslova for å kunne sette opp dei to bygningane som var tekne ned frå Klokkarhaugen i samband med barnehageutbygginga, på tomt gnr/bnr 45/20, omtrent der det tidlegare menighetshuset stod.

• I brev av 19.02.25 mottok Dovre kommune revidert søknad frå SFB: "Etter vedtak i kommunestyret 17.februar 2025 der kommunen vedtok å kjøpe tomt 45/24 nord for Dovre kyrkje, så ønsker SFB å endre søknaden til å søke om tillatelse til å oppføre de to bygningene på tomt 45/24. Plassering av husene må skje i samarbeid med planavdelingen i kommunen og Dovre kyrkjelege råd (DKR), slik at det på tomta blir plass til det nødvendige antall parkeringsplasser for besøkende i kirken tilpasset bevegelseshemmede. SFB vil samtidig presisere at hvis en plassering av husene på tomt 45/24 ikke blir godkjent, så vil SFB opprettholde søknaden om plassering på Kyrkjebakken tomt 45/20/.

• Kommunestyret har gått inn for erverv av tomta, med føremål å bruke arealet primært til parkeringsareal for kyrkja. Administrativt blir det foreløpig vurdert at det truleg vil vera plass til både parkering og til gjenoppsetting av bygg frå Klukkarhaugen. Det vil med slik sambruk, vera areal til parkeringsplass med om lag 15-20 oppstillingsplassar for bil, inkludert to stk HC plassar med storleik 6,0 x 4,5 meter og nokre plassar med bredde 3,5-4,0 meter og lengde 5,0 meter. Standard storleik på biloppstillingsplass er 5,0 x 2,5 meter.

• Den reviderte søknaden frå SFB har vore ute på høyring hjå naboar og aktuelle myndigheiter, men er så langt ikkje lagt fram for endeleg handsaming i Dovre kommune.

• Tomt 45/24 nord for Dovre kyrkje er regulert til offentleg føremål, kyrkje, kyrkjegard og funksjonar knytt til dette, i gjeldande reguleringsplan for Dovre sentrum (1985). Dette føremålet svarer til føremålet offentleg eller privat tenesteyting, brukt i arealplanar i dag. Oppsetting av dei to bygga, med funksjon som Senter for bygdekultur ser for seg, vurderer kommunen at vil vera i tråd med føremålet offentleg eller privat tenesteyting, knytt til kyrkja, slik kommunen forstår søknaden til SFB. Kommunen vurderer at oppsetting av bygga på dette arealet vil vera innanfor gjeldande arealplanar som gjeld for tomta og vil ikkje krevja dispensasjon frå plan- og bygningslova. Oppsetting av bygga blir slik ein sak mellom SFB og eigar av arealet (nå Dovre kommune). Det må søkast om løyve til tiltaket (byggeløyve).

• Dovre menighetsråd (no Dovre kyrkjelege råd) er eigar av areal gnr.45/ bnr.20. (parkeringsplassen framfor kyrkja). Dette er avsett til friområde i gjeldande reguleringsplan for Dovre sentrum (1985).

• Det er sjølvsagt kommunestyret som tek endeleg stilling til om SFB kan plassere bygga frå Klokkarstuggu på kommunal tomt.

Dette reiser en del spørsmål:

1. Når ble det vedtatt at husene på Kyrkjestugu skal rives og av hvem vedtok det? Svar: Ein legg til grunn at dersom arealet skal brukast ma. til parkering, må bygga på tomta bli rivne. Søknad om riving må bli behandla etter Plan- og bygningslova, og det må foreligge saneringsplan.

2. Siden dette arealet er tiltenkt parkering kirken, hvem er tiltenkt å koste riving og levering av sortert avfall? Svar: Tomta og bygga er nå kommuna sin eigedom, og det er kommuna som har ansvaret for å klargjera tomta for ny bruk. Ein syner til kommunestyrets vedtak i samband med budsjett 2025, vist over.

3. I vedtaket om at Hjerleid skulle få husene på Kyrkjestugu var det ikke tiltenk tomt i sentrum og det ble heller ikke lagt til grunn at det er Dovre kommune som skal stå for tomt og infrastruktur. Dovrelista ber om en avklaring på hvem som skal stå for gjenoppbygging av husene, eierskap og drift/vedlikehald av tomt/ husene framover.

Svar:

• Det er forutsett at Hjerleid/SFB vil ha ansvar for prosjektet og vil stå som eigar/driftar av bygget/bygga. Ein legg til grunn at SFB må legge fram ein konkret plan for prosjektet, inkludert korleis bygget/bygga er tenkt sett opp og innreia/klargjort for bruk. Det er og lagt til grunn at eigen byggesøknad må bli behandla av kommunen før bygging kan starte.

• Det må evt. lagast ei avtale mellom eigar av bygget (SFB) og Dovre kommune om bruk av kommunal grunn. Avtala må m.a. sikre:

• at ei grundig prosjekt for etablering og bruk av bygget blir lagt fram/dokumentert o at det føreligg eit realistisk budsjett med finansieringsplan o sikre drift og vedlikehald av bygget i regi av Hjerleid/SFB o sikre naudsynte areal til primærføremålet (parkering, inkl. HC-parkering)

4. Hjerleid tilbyr seg rive husene for betaling. Slik de har lagt fram sitt tilbud er det kun treverk av verdi de vil ha. Resten inkludert betong skal kommunen koste og fjerne. Skal betongen deponeres? Da trengs det gravemaskin likevel. Er det da økonomisk for Dovre Kommune å betale Hjerleid for å rive?

Svar:

• Riving er eit særskilt tiltak, og er ikkje knytt til evt. Oppføring av nytt bygg på tomta

• Administrasjonen har i møte med Hjerleid/SFB drøfta om riving kan bli gjennomført som del av undervisninga på Hjerleid, og der mykje av materiala kan bli brukt på nytt i andre samanhengar. Kommunen har såleis bedt Hjerleid om pris på riving.

• Administrasjonen i kommunen har foreløpig ikkje teke stilling til tilbodet.

• Riving må dekkast innanfor avsette midlar til prosjektet, og som del av prosjekt Dovre tettstad

5. I Vigga kan vi videre lese at politikerne skal få ta stilling til om husene fra Klokkarhaugen skal gjenreises på enten Kyrkjestugu tomta eller på Kirkens parkeringsplass. Er det virkelig så trangt på Dovre at det er bare de to alternativene Hjerleid kan tenke seg? Svar:

Om ein skal tillate Klokkarstuggu sett opp på den aktuelle tomta nord for Dovre kyrkje, vil til slutt bli ei sak som må bli behandla politisk.

6. Hvordan tenker Dovre kommune at de skal ivareta en god kryssløsning ved Dovre Kyrkje der Vangvegen møter avkjøringen til Nordre Svendsgård eller Svendsgardhaugen og likevel ivareta parkeringsplasser og ei evt tomt med adkomst? Her bør både fotgjengere og biler ivaretas da det er mye tungtrafikk i området.

Svar:

Ein har så langt vurdert at foreslått bruk av tomta, enten berre til parkering, eller til kombinert formål, kan la seg gjera med god planlegging der ein og tek hensyn til andre interesser i området. Utbetring av krysset Vangvegen/Kongsvegen er ferdig prosjektert og utførast som del av tettstadsprosjektet.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.