Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Dovre · Saker

Interpellasjon - Turistskatt

Interpellasjon 79/2024 · Kommunestyret 16. desember 2024 · Behandlet

Vedtak

Kommunen publiserer ikke vedtaksteksten for seg. Den står i saksprotokollen ↗.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Svar:

Fyrst takke for interpellasjonen frå Dovrelista som er retta mot ordfører. Det gir meg ei moglegheit til å seie kva eg eigentleg meiner om besøksbidrag (turistskatt).

Dovre har ein flott, men sårbar natur. Vi har tre nasjonalparkar, 8 landskapsvernområde og fleire naturreservat - verna fordi vi rår over Nord-Europa sitt siste intakte høgfjellsøkosystem.

Vi ser at det er ein enorm auke turistar i fjella våre - ikkje minst utanlandske turistar som veit å nytte seg av allemannsretten.

Fotavtrykket har vorte for stor mange stader, stiar har vorte til takrenner. Det blir fort laga nye stiar og kostnaden med å reparere aukar frå år til år.

Vi har ein internasjonal forplikting gjennom Bernkonvensjonen om å ta vare på den siste attlevande og intakte villreinstamma, og vi veit at den er svært trua.

Nye tiltaksplanar for villrein som snart kjem vil truleg auke behovet for skilting, informasjon og nye naturrettleiarar som må styre ferdselen utanom villreintrekka. Dette har ein kostnad som kommunane må bere - det er lite truleg med statleg kompensasjon over tid.

Vi har 51 freda fjellplanter, alle i våre fjellområde som har ein svært avgrensa utbreiing og som truleg blir borte om vi ikkje greier å ta betre vare på dei.

Den botaniske Fjellhagen på Kongsvoll gjer ein iherdig innsats for å ta vare på desse - men også det kostar pengar.

Vi har ein aukande tilstrømming av bubilar, som kan parkere så å seie over alt langs E6 og på fjellveggar - utan nokon forplikting og som vi veit fører med seg ein del forsøpling og forureining i naturen. Det er eit godt prinsipp at den som forureinar skal betale.

Vi ber på oss turistar og vi er glade for alle som vil besøke oss - vi er ei kommune med eit stort og viktig reiseliv - og det skal vi også vere framover.

Turistar og dei lokale vil gjerne oppleve ein natur som er intakt, der verdiane er verna om, trygg å ferdast i og fri for forsøpling.

Nokon må ta kostnaden med å verne om den sårbare naturen vår, nokon som tek ansvar for å tømme søppeldunkar og sette opp og reingjere toalettanlegg, sikre stiar og trygge rekkverk på bruer og skrentar der det er nødvendig.

Eller bygge parkeringsplassar egna for bubilar. Sykkelvegen over Dovre treng stadig vedlikehald og nokon må ta kostnaden med å køyre opp vinterløyper.

Vi har truleg berre sett starten på ein enorm auke i turisttrafikken mot Noreg. Klimakrisa gjer at fleir frå Syd-Europa vender seg mot landet vårt.

Tilstrømming av turistar på til dels små område legg hardt press på sårbar natur og er utfordrande for kommunane og lokalsamfunnet

Svært mange land i Europa har ein form for turistskatt, utan at det ser ut til å skremme turistar bort for å besøke severdigheiter, byar eller naturparkar.

Rett bruk av besøksavgift kan vere eit gode både for fastbuande og for turistar som kjem på besøk

Turistskatt kan gjere det mogleg å ta vare på det turistane faktisk kjem for å oppleve – det reiselivet lever av – og kan gjere Noreg meir attraktivt for besøkande Slik sett kan den styrke turistnæring på sikt.

Så langt meiner eg det er gode grunnar for å seie ja til besøksbidrag.

Når svaret likevel må bli nei frå mitt synspunkt så er det fordi

• Ei avgift på overnatting treffer ikkje breitt nok og vil bli oppfatta som urettferdig, særleg når vi veit at det neppe er denne gruppe turistar vi ynskjer å belaste

• Så om Dovre kommune skal innføre turistskatt som må nok innretninga endrast. Særleg er det viktig å få med seg alle dei bubilane som stadig finn nye plassar å parkere på og der dei unngår dei fine campingplassane vi har i Dovre

• Kritikarane har rett i at forslaget frå regjeringa ikkje treff blink. Det blir feil når besøkande på hotell og campingplassar må betale, medan bubilturistar og cruispassasjerar – som bidreg med stort klimautslepp, og svært lite inntekter til lokalsamfunnet – slepp unna

• Det gjenstår mykje politisk arbeid for å tilpasse turistskatten slik at den treff betre.

Dovre kommune har ikkje gjeve uttale til høyringa som går ut 3. januar.

Kommunen vil heller ikkje innføre eit slik tiltak utan at kommunestyret har gjort vedtak om innføring

eller ikkje. Før det må saka greiast ut og det vil vere særdeles viktig å få turistnæringa med seg i ein

diskusjon før ein gjer eit endeleg vedtak Interkommunalt råd (IPR) har komme med ein høyringsuttale. Det er viktig at det er lik tilnærming til dette i dei seks norddalskommunenen. Ordførar rår til at administrasjon lagar ei sak om besøksbidrag for kommunestyret når regjering og Storting har vedtatt endelege utkastet til våren.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.