Interpellasjon - budsjettprosess
Vedtak
Administrasjon lager en sak om budsjett- og økonomiplanprosess 2026 - 2029 inklusiv involvering PNU og OKO.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Svar:
Dette skjønner vi, og vi synes dette er eit godt innspel og ønskjer tidlegare involvering av politikare. Vi er einige i at formannskapet burde blitt meire og tidlegare involvert, slik at politikarane på den måten ville fått større innsikt og forståing, og lettare kan prioritere dei store linjene. Målet med økonomidagen var å få politikarane til å gje nokre føringar for innsparingar, gitt situasjonen og sentrale signal som for eksempel mindre overføringar til kommunesektoren. Deretter var det administrasjonen som konkretiserte sjølve innsparings-tiltaka. Budsjettet er hovudsakeleg utarbeidd ut frå ein omforent og kjent økonomiplan, og eventuelle andre politiske signal vi har fått. Handlingsplanane med aktuelle mål ligg også ved saken og er vidareført frå i fjor. Handlingsplan blei rapportert på i årsmeldinga for 2023. Dei innsparingstiltaka som administrasjonen har jobba fram, ligg no i saken og ikkje alle er innarbeidd i år. Dette gjev ei moglegheit til å gjere prioriteringar i neste års prosess. Vi har i årets budsjettprosess teke i bruk budsjettverktøyet Framsikt, og dette har teke meir tid og ressursar enn fyrst antatt, i tillegg til at det er fyrste budsjettprosessen til økonomisjefen. Vi har i dette systemet lagt eit godt grunnlag for vidare arbeid med økonomiplan og budsjett, og ønskjer å bruke dette verktøyet vidare for å gjennomføre neste års budsjettprosess. Vi ser for oss at budsjettprosessen for 2026 startar med ein økonomidag i april og ein tentativ framdriftsplan kan sjå slik ut:
Dato Møteplan Aktivitet Arena
07.04 Økonomidag Jobbe med tiltak i økonomiplan / Kommunestyre
budsjett
12.06 Orientering Løyperapport Formannskap
September* Tertialrapportering Rapportere status på økonomi og Formannskap
budsjettprosess
Oktober* Orientering / Første utkast til økonomiplan og Kommunestyre
arbeidsdokument budsjett
November* Utsending av sak Sak sendes ut med rådmannens Formannskap
forslag til innstilling
Desember* Utsending av sak til 14 Sak sendes ut med Kommunestyre
dagars høyring formannskapets forslag til
innstilling *Møteplan 2. halvår ikkje klar enda Videre meiner eg det kan være ein ide at formannskaps-møtene bør ha eit fast punkt for rapportering på økonomi-status og oppdatering på budsjettprosess. Dette vil gjere formannskapet betre kjent med korleis administrasjonen jobbar og kva vi må jobbe etter (for eksempel lover og regler/retningslinjer m.m.), og etterkvart gjere at vi kan spele kvarandre gode.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.