Hopp til innhold
Søndag 1. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Dovre · Saker

Interpellasjon - Ungdomssatsing i Dovre

Interpellasjon 64/2024 · Kommunestyret 4. november 2024 · Behandlet

Vedtak

SVAR PÅ INTERPELLASJONEN

I interpellasjonen frå Dovre Arbeiderparti ved Ida Amble er det reist to problemstillingar.

Det eine spørsmålet er om administrasjonen har ein tanke om korleis den avsette millionen til ungdomssatsing bør brukast? Og korleis eit 3- krig prosjekt som det er skissert i interpellasjonen kan brukast.

I samband med fylkeskommunen sitt forslag om å endre skolestrukturen og legge ned avdelinga på Dombås har den tverrpolitiske arbeidsgruppa frå Dovre utfordra Fylkeskommunen på å bli med på eit krafttak for Dovre-ungdomen.

Denne satsinga skal bøte på negative konsekvensar av at skolen no er vedtatt lagt ned.

Høyringsinnspelet skisserer ei ungdomssatsing med ungdomshus, ein ungdomskontakt, ulike transportløysingar til fritidsaktivitetar, og eit utvida aktivitetstilbod på kveldar og helg.

Frå administrasjonen si side har dei no nytta sjansen til å søkje om midlar frå to ulike kjelder med utgangspunkt i tiltaka frå høyringsnotatet skisserer:

1. Søknad til Fylkeskommunen si ordinære utlysing for «Lokal samfunnsutvikling i distriktskommunane» Her er det søkt om max-beløp på 500 000 koner over tre år til ei ungdomssatsing og den peikar på ei forventning om kompenserande tiltak til Dovre etter nedlegginga

Ungdomssatsinga er delt i tre element:

1. Ein møteplass for ungdom Om lag 70% av dei spurde ungdommane svara i 2023 at dei ynskja ein møtestad etter skoletid. Ei arena for for samhald, engasjement og aktivitetar etter skoletid

2. Ein ny transportløysing til fritidsaktivitetar

I ung data 2024, seier berre 36% av ungdomane ar har er tilfreds med kollektivtilbodet mot 67% nasjonalt. Dovre kommune ynskjer å utvikle eit transporttilbod som lettar å frakte ungdom til og frå aktivitetstilbod. Mellom anna har Dovre kommune oppretta dialog med eit selskap i Molde som heiter Nimmo og som har utvikla løysingar der ein kan bestille transport til ulike fritidstilbod.

3. Ein prosjektleiar og ungdomskontakt

Ved å etablere ei stilling som ungdomskontakt slik t.d. Lom har gjort, vil ein kunne få ein person som kan leie etableringa og drifta av ein ungdomsklubb, vere kontaktpunkt for ungdomsrådet og arbeid knytt til ungdom og styre eit prosjekt for aktivitetstransport.

Det andre prosjektet som Dovre kommune er involverte i er ein søknad til Barne-ungdom- og familiedirektoratet (Bufdir) om inkluderingsmidlar for barn og unge. Dette er treårige midlar til oppretting og drift av opne møteplassar for ungdom. Her vart det søkt om 500 000 kroner for ungdomsklubb og ungdomskontakt.

I begge dei to søknadane som Dovre kommune nå har inne så er det krav om eigenkapital. Og Dovre kommune har skissert å bruke 600 000 kroner av de avsette «ungdomsmillionen» i økonomiplanen for 2025 som eigenkapital. Det er teke atterhald om endeleg budsjettvedtak

Desse to tiltaka vil ikkje vere fullfinansierte med beløpa som så langt er søkt frå desse to utlysingane.

Og her kjem vi inn på det andre spørsmålet som blir reist i interpellasjonen:

Vil kommunestyret støtte eit forslag der administrasjonen søkjer fylkeskommunen om midlar frå deira disposisjonsfond til denne ekstraordinære satsinga på ungdommen i Dovre.

Dersom Dovre får innfridd 1 million frå fylkeskommunen sitt disposisjonsfond vil vi vere i mål med det budsjetterte behovet til ungdomshus, aktivitetstransport og ungdomskontakt. Det vil og vere att midlar frå den avsette ungdomsmillionen til å fylle eit ungdomshus med spennande aktivitetar. Skulle vi ikkje få innvilga dei to innsendte søknadane, vil 1 million frå fylkeskommunen disposisjonsfond koma enda betre til nytte.

Om Dovre kommune ynskjer å utvide aktivitetstransporten slik at den og kan brukast til å transportere eldre til og frå aktivitetar kan ein kanskje få midlar frå andre kanalar også.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Ap/Sp/H/DL v/Ida Amble Ruge kom med følgende tilleggsforslag:

Kommunestyret ber administrasjonen søke fylkeskommunen om midler frå deira disposisjonsfond for dette formålet.

Tilleggsforslaget ble enstemmig vedtatt.

Voteringer

  1. TilleggsforslagetVedtatt

    Enstemmig vedtatt

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.