Interpellasjon om konsekvensar av skred- og aktsomheitskart for eigedomar og landbruk i Ål kommune
Vedtak
Kommunen publiserer ikke vedtaksteksten for seg. Den står i saksprotokollen ↗.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret har behandla sak 2/2026 i møte den 17.09.2026
Liv Torunn Gullstein Torpe
Interpellasjon frå Liv Torunn Gullstein Torpe (Frp):
Interpellasjon om konsekvensar av skred- og aktsomheitskart for eigedomar og landbruk i Ål kommune.
Ål kommune fekk i oktober 2025 eit nytt aktsomheitskart som dekkjer heile kommunen. I tillegg finst skredsonekartet med rause soner (S1 og S2). Desse kartverka får store konsekvensar for svært mange eigedomar og innbyggjarar i kommunen.
Ifølge tilgjengeleg informasjon ligg det ein god del eigedomar innanfor dei raude sonene S1 og S2 i skredsonekartet, av desse fleire landbrukseigedomar. I aktsomheitskartet for heile kommunen er talet endå høgare.
Dette reiser ei rekkje alvorlege spørsmål som kommunen må ta stilling til:
Utbygging og planmessige konsekvensar
Plan- og bygningslova set strenge avgrensningar for utbygging i raude soner. Dette gjeld både bustadbygg og driftsbygningar i landbruket. For mange gardsbruk betyr dette i praksis at nødvendige investeringar i driftsapparatet vert umogelege å gjennomføre.
Kva skjer ved brann eller totalskade?
For ein bustad i eit bustadfelt er situasjonen vanskeleg nok, men alternativ tomt kan som regel skaffast. For ein landbrukseigedom er situasjonen ein heilt annan. Gardsbruket er knytt til den spesifikke eigedomen – det er ikkje mogeleg å berre flytte garden. Dersom ei driftsbygning eller eit bustadhus på eit gardsbruk i ei raud sone vert totalskadd, til dømes ved brann, risikerer eigaren å stå att utan moglegheit til å byggje opp att. Dette kan i realiteten innebere at heile grunnlaget for landbruksdrifta fell bort.
Lån, forsikring og generasjonsskifte
Når neste generasjon skal overta eit gardsbruk med bu- og driveplikt, møter dei ein uhaldbar situasjon: dei har lovpålagt plikt til å bu og drive eigedomen, samstundes som det kan verte umogeleg å få lån eller forsikring på eigedomen. Bankane si vurdering av panteverdien vil verte sterkt påverka av at eigedomen ligg i raud sone, og forsikringsselskap kan stille sæskilte vilkår eller avgrense utbetalingar. Kva vil dette gjere med landbruket i Ål?
Eg ber Rådmannen og Ordføraren svare på følgjande:
1. Kor mange eigedomar og personar i Ål kommune er råka av raude soner (S1 og S2 i skredsonekartet, og kor mange av desse er landbrukseigedomar?
2. Kor mange eigedomar og personar er råka av det nye aktsomheitskartet frå oktober 2025, og kor mange av desse er landbrukseigedomar?
3. Kva er den konkrete konsekvensen for ein landbrukseigedom i raud sone dersom driftsbygning eller bustadhus vert totalskadd, til dømes ved brann – kan eigaren byggje opp att utan å måtte betale for ei evt. sikring sjølv? Ingen landbrukseigedom står jo på prioriteringslista.
4. Korleis vil kommunen sikre at neste generasjon kan overta landbrukeigedomar med bu- og driveplikt, når eigedomen ligg i raud sone og mogelegheitene for lån og forsikring er usikre?
5. Kva konkrete tiltak vil kommunen setje i verk for å vareta dei råka eigedomane og eigarane for at neste generasjon skal ville overta? Svar frå ordføraren:
Aktsemdskarta er utarbeida av NVE og er bassert på kartanalyser, der i blant anna helning, kurvatur og vasstilførsel er nokre av parametera. Men det er ikkje gjort synfaringar i felt. Ligg for eksempel eit bustadhus innanfor ei slik aktsemdssone må det gjennomførast ei geoteknisk vurdering for å finne ut om det er skredfare her. Ved nærare undersøkingar vil deler av slike områder kunne «friskmeldast». Viser undersøkingane at det er skredfare på 1/1000 eller oftare må det til sikringstiltak for å kunne gjennomføre byggetiltak.
Skredsoner som ligg i kartet ut frå rapportar frå Skred AS er ferdig undersøkt. Ligg eit bustadhus innanfor ei sone på 1/1000 eller oftare må det til sikringstiltak for å kunne gjennomføre byggetiltak. Ål kommune har gjort en stor jobb på dette. Store areal der det bur mange personar er farekartlagt for skred. I disse områda treng ikkje private å gjennomføre undersøkingar for skred. Resultatet av disse undersøkingane har ført fram til ei lista over bustadar som ligg innafor sone 1/1000 eller 1/100. Disse vil bli evakuert tidleg viss det kjem uvêr som kan føre til skred.
Administrasjonen treng meir tid for å finne ut av tal bustadar og landbrukseigedomar som ligg i disse sonene. Dette vil bli lagt fram i neste kommunestyremøte. Tal personar må vi berre gjere ei enkel vurdering av da vi ikkje har tilgang til tal busette personar i ulike bygg.
TEK 17
S1, S2 og S3 er sikkerheitsklassar etter TEK17, det vert stilt ulike krav til skredsikkerheit avhengig av konsekvensen viss eit skred skulle inntreffe.
S1 omfattar bygg med liten konsekvens ved skred, typisk garasjar, naust og lagerbygg. Kravet er sikkerheit mot skred med nominell årleg sannsyn mindre enn 1/100. S2 omfattar bygningar der det normalt er personopphald, som bustadar, fritidsbustadar og normalt også dei fleste driftsbygningar i landbruket, også fjøs. Kravet er sikkerheit mot skred med nominell årleg sannsyn mindre enn 1/1000.
S3 omfattar bygg der eit skred kan få særleg store konsekvensar, for eksempel skular, barnehagar og sjukeheim. Kravet er sikkerheit mot skred med nominell årleg sannsyn mindre enn 1/5000.
For landbruksbygg må det likevel gjerast ei konkret vurdering. Eit fjøs eller anna driftsbygning med regelmessig opphald av menneska vil normalt falle i S2, mens enkle lagerbygg med lite eller ingen personopphald kan vurderast i S1.
Ulike bygningstypar løyser ut ulike krav til dokumentert skredsikkerheit. Ein bustad eller eit fjøs kan ikkje utan vidare plasserast i eit område som berre tilfredsstillar krava til S1, mens ein garasje normalt kan det.
Fargane i NVE sitt skredkart viser faresoner (skredfare), mens S1-S3 i TEK17 angir kva for sikkerheitsnivå byggverket må oppfylle.
Sikkerheitsklasse for Største nominelle årlege
skred Konsekvens sannsyn
S1 liten 1/100
Sikkerheitsklasse for Største nominelle årlege
skred Konsekvens sannsyn
S2 middels 1/1000
S3 stor 1/5000
Dette er henta frå byggteknisk forskrift (TEK17)
Kva skjer ved brann eller totalskade?
Da slår krava i plan- og bygningsloven inn. Vi har to eksempel på dette i Ål kommune der våningshuset på garden vart teke av skred med totalskade som resultat. Får å sette opp att våningshuset på same plass er det krav om at det vert gjennomført tiltak (f.eks ein skredvoll) som sikrar huset. I det eine tilfelle har det vorte sjekka ut om det er andre areal på garden som det er mogleg å føre opp eit nytt våningshus på. Det har dei funne og det er difor mogleg å sette opp eit nytt våningshus utan sikringstiltak. Normalt vil det vera mogleg å føre opp bygningar på andre stadar på ein landbrukseigedom, sjølv om det ikkje er ønskjeleg. I slike sakar er det viktig med eit godt forsikringsoppgjer. Saman med forsikringsselskapet må ein kome fram til beste løysing. Dette er privatrettslege høve og noko Ål kommune ikkje kan gjere noko med. NVE gir ikkje tilskot til sikringstiltak for bustadhus med totalskade. Det er mange som søkjer om tilskot til NVE og ein kan ikkje vente å få tilskot der det er få som vert sikra av eit skredtiltak.
Dersom ein driftsbygning eller bustad vert øydelagd, må ei gjenoppføring behandlast etter regelverket som gjeld på søknadstidspunktet. Kommunen kan berre gi løyve dersom det er dokumentert tilstrekkeleg tryggleik mot naturfare, mellom anna skred. Ligg bygningen i eit område med kartlagt skredfare, kan det vere nødvendig med faglege vurderingar eller sikringstiltak før kommunen kan gi løyve. Kommunen har ikkje ei generell ordning som dekkjer kostnader til slike tiltak.
Buplikt
Ål kommunestyre har behandla ein sak som går på buplikt og eigedomsskatt på eigedomar som ligg i aktuelle faresoner. Dette var vedtaket:
Kva vil Ål kommune gjera
Ål kommune har allereie gjort mye på dette med sikringstiltak mot flaum og delvis også på skred. Det er søkt om, og vi har fått støtte , frå NVE til fleire tiltak. Ål kommune har brukt, og skal bruke, mye middel for å sikre at vatn renn fritt gjennom kommunale vegar. I tillegg har vi fått løyvd mye i skjønnsmiddel for å sette i stand at kommunal infrastruktur etter Hans.
Mange eigedomar er sikra mot komande hendingar. Vi har fått utarbeid ei prioriteringsliste som er vedteke av kommunestyret. Administrasjonen følgjer denne på komande søknadar. Ål kommune kan ikkje følgje opp alle eigedomar som er utsett. Om det vert sett i verk tiltak eller ikkje på eigedomar avheng av om NVE gir tilskot. Det er kommunestyret som avgjer kvar einskild sak.
Kommunen vurderer kvar byggesak konkret. For tiltak i område med mogleg skredfare kan det vere nødvendig å innhente geotekniske eller skredfaglege vurderingar for å dokumentere at krava til tryggleik er oppfylte.
Det er viktig å merke seg at eit område som er vist som aktsemds- eller fareområde ikkje automatisk betyr at det er byggeforbod. Den faktiske risikoen må vurderast i kvar einskild sak på grunnlag av faglege utgreiingar
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.