Forvaltningsrevisjonsrapport "Barnehage"
Vedtak
Ål kommunestyret tek rapporten «Barnehage» frå Viken Kommunerevisjon IKS til orientering. Kommunestyret ber rådmannen sørge for å sette i verk tiltak i forhold til revisjonsrapporten sine tilrådingar:
1. Å styrke systematisk oppfølging og kvalitetsvurdering av tidleg innsats på tvers av barnehagane, for å sikre meir einskapleg praksis og betre dokumentert effekt.
2. Etablere tydlege rutiner for å følgje opp at vedtak om spesialpedagogisk hjelp vert gjennomført som forutsett, herunder også registrering av gjennomførte timar og timar som har falle bort.
3. Utvikle betre samlande oversikter over innhald og resultat av den spesialpedagogiske hjelpa på kommunenivå, slik at dette kan brukast aktivt i styring og forbetringsarbeid.
4. Styrke arbeidet med rekruttering og stabilisering av kvalifisert personal, blant anna ved å forbetre tilrettelegging for vidareutdanning og redusere behovet for dispensasjonar.
5. Sikre ein meir robust bemanningssituasjon i barnehagane, slik at tilstrekkeleg bemanning vert oppretthaldt gjennom heile dagen.
6. Vidareutvikle eit allereie godt sammarbeid med det psykososiale miljøet ved å styrke avdekking, oppfølging og informasjon til foresatte i alle tilfelle som gjeld krenking.
7. Kostnadskrevjande tiltak skal takast i samband med budsjetthandsaming.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret har behandla sak 82/2026 i møte den 15.10.2026
Forvaltningsrevisor i Viken Kommunerevisjon IKS, Ann Heidi Jebsen presenterte rapporten.
Saka vart behandla av 24 av 25 medlemmar.
Framlegg frå Jørund Li (H):
1. Ål kommunestyre tek rapporten «Barnehage» frå Viken Kommunerevisjon til orientering.
2. Ål kommunestyre ber rådmannen arbeide vidare med systematisk oppfølging, kvalitetsutvikling, rutiner i forhold til vedtak om spesialpedagogisk hjelp, rekruttering og bemanning i barnehagane, dessutan vidareutvikle samarbeid i forhold til det psykososiale miljøet.
Framlegg frå Sissel Urke (V) om nytt punkt 7 til kontrollutvalet si innstilling:
Kostnadskrevjande tiltak skal takast i samband med budsjetthandsaminga. .................... Det vart halde gruppemøte etter ønske frå Dagfinn Bøygard (Ap). ..................... Jørund Li (H) trakk sitt framlegg.
Kontrollutvalet si innstilling vart samrøystes vedteke. Framlegget frå Sissel Urke (V) om nytt pkt. 7 vart samrøystes vedteke.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.