Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Ål · Saker

Søknad om tilskot til aggregat i samband med etablering av beredskapsbutikk

Sak 70/2026 · Kommunestyret 17. september 2026 · Behandlet

Vedtak

1. Ål kommune går inn i eit samarbeid med Samhald Landhandel AS om innkjøp og drift av nødstraumsaggregat.

2. Ål kommune løyver inntil kr 231 850 til prosjektet. Midla skal takast frå disposisjonsfond.

3. Administrasjonen får fullmakt til å utarbeide avtale mellom Ål kommune og Samhald Landhandel AS om drift, vedlikehald og bruk av investeringa til beredskapsføremål.

4. Kommunestyret ber om at ein og ser på moglegheit for eit samarbeid om etablering av ein beredskapsbutikk.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Kommunestyret har behandla sak 70/2026 i møte den 17.09.2026

Ordførar Jørund Li (H) innleia i saka. Rådmann Karsten Popp Dideriksen svara ut spørsmål som kom opp anngåande denne saka i samanheng med kommuna sitt beredskapsarbeid.

Det kom ingen nye framlegg.

Formannskapet si innstilling vart samrøystes vedteke.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.