Lokal forskrift - Gebyr Vatn og avløp
Vedtak
Ål kommunestyre vedtek å endre forskrift om vass- og avløpsgebyr for Ål kommune, Buskerud, med følgjande ny tekst på to paragrafar:
§2-1. Gebyrplikt Gebyr for tilknyting til kommunalt vass- og/eller avløpsanlegg skal betalast for:
a. Tilknyting av eigedom.
b. Tilknyting av eigedom som kommunen krev tilknytt.
c. Eigedom med tilknyting som ikkje er godkjent.
d. Seksjonering av allereie tilknytt eigedom skal betale for kvar ny seksjon som blir tilknytt.
e. Eigedom som ikkje er seksjonert skal også betale for kvar bruks-/bueining som blir tilknytt. For kvar bueining er det unntak for ein hybel (som ikkje er eiga bueining).
Tilknytingsgebyr for tilknyting til vatn og/eller avløp skal ikkje betalast for:
a. Bygg som har mellombels tilknyting i opptil tre år, til dømes brakkerigg. Dersom tilknytinga varer i meir enn tre år, skal det verte kravd tilknytingsgebyr.
b. Særskild tilknyting av sprinklaranlegg.
c. Tiltak som utvidar bruks-/bueining sitt gebyrpliktige bruksareal etter § 1-6.
§3-3 Abonnementsgebyr Bustadeigedom skal betale abonnementsgebyr som ein fast sats per bueining. Eigedom med hybel eller sokkelleilegheit betaler ikkje abonnementsgebyr for første bueining som er hybel eller sokkelleilegheit. Fritidseigedom skal betale abonnementsgebyr etter fastsett sats per bueining i gebyrregulativet. Eigarseksjonssameige med felles vassmålar i bygning kor det både er bueiningar og brukseiningar med næringsverksemd, skal betale abonnementsgebyr som ein fast sats per bruks-/bueining. Nærings- og kombinasjonseigedom skal betale abonnementsgebyr etter fastsette kategoriar som speglar vassforsyningskapasiteten til den einskilde eigedom. Kategoriane kjem fram av gebyrregulativet. For sprinklaranlegg gjeld eigne satsar.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret har behandla sak 67/2026 i møte den 17.09.2026
Torhild Helling Bergaplass (H) innleia i saka.
Det kom ingen nye framlegg.
Formannskapet si innstilling vart samrøystes vedteke.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.