Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Ål · Saker

Mogleg kraftverk i Kvinda - Ål kommune si haldning til eit kraftverk

Sak 88/2026 · Kommunestyret 15. oktober 2026 · Behandlet

Vedtak

1. Ål kommune er positiv til at det blir laga ein konsesjonssøknad om utbygging av Kvinda kraftverk. I handsaminga av denne søknaden vil alle positive og negative konsekvensar bli klarlagt. Endeleg haldning frå kommunen vil avhenge av det som kjem fram i prosessen.

2. Kommunestyret ynskjer at Ål Kraftverk KF vurderer å ta del i prosjektet, det vil bli fremma ei eige sak for kommunestyret om eventuell investering.»

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Kommunestyret har behandla sak 88/2026 i møte den 15.10.2026

Dagleg leiar i Ål Kraftverk KF Geir Tretterud innleia i saka og svara på spørsmål.

Saka vart behandla av 24 av 25 medlemmar.

Solveig L. Arnegard (Sp) fremma alternativ 2, mindretalsframlegg frå Styret for Ål Kraftverk KF - Energiutval:

Ål kommune har så få bekkekløfter att, og det er påvist så mange raudlisteartar i denne bekkekløfta at ein ikkje ynskjer å bidra til at denne kløfta blir bygd ut. Ål kommunestyre er derfor prinsippielt imot ei utbygging her.

Styret for Ål Kraftverk KF si innstilling vart vedteke med 16 røyster (5 Ap D.Bøygard, M.Bøygard, Grue, Berisha, Koester, 6H, 3Sp Gåsterud, Brevik, T. Arnegard, 2Frp) mot framlegget frå Solveig Løkensgard Arnegard (Sp) som fall med 8 røyster (3 Ap Prestegard, Rud, Kind, 1SV, 1V, 3Sp S.L Arnegard, Torsteinsrud, Herfoss).

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.