3. gongs handsaming - Kommunedelplan for naturmangfald
Vedtak
Ål kommunestyre vedtek Kommunedelplan for naturmangfald 2026–2030 slik den ligg føre, med heimel i plan- og bygningslova § 11-1.
Fylgjande tiltak skal ut:
Mål 7 : "Skiløyper skal leggjast utan terrenginngrep i nye og eksisterande skiløyper."
Fylgjande presisering av tekst under tiltak:
1.Tiltakslista skal rullerast åreleg i kommunestyret, med ein status på igangsette tiltak. 2."Løpande" erstattast av eit årstal.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret har behandla sak 76/2026 i møte den 17.09.2026
Ingvild Sundgot og Torleif Torgersen frå administrasjonen innleia i saka.
Framlegg frå Dagfinn Bøygard (Ap): tillegg til tilrådinga frå kommuneplanutvalet:
1. Tiltakslista skal rullerast årleg i kommunestyret, med ein status på igangsette tiltak.
2. "Løpande" erstattast av eit årstal.
Framlegg frå Knut Einar Haug (H): Kartet på side 24 justerast slik at det er samsvar mellom Randsone og avgrensing i kvalitetsnormen for villrein. Framlegget vart seinare trekt.
----------------------------- Det vart halde gruppemøte etter ønske frå Knut Einar Haug (H) ---------------------------- Framlegg frå Solveig L. Arnegard (Sp): Kommunestyret får ei årleg oppdatering av tiltakslista i august møtet.
Kommunalsjef Torfinn Slåtto svara ut spørsmål som kom fram i møtet om punkt under tiltak. Det var semje i administrasjonen om at punkt om skiløyper under Mål 7 side 57 kunne takast ut.
Framlegg frå Tor Olav Tveito (H) om å ta ut punktet: "Skiløyper skal leggast utan terrenginngrep i nye og eksisterande skiløyper." under Mål 7 side 57 i planen.
Solveig L. Arnegard (Sp) trakk sitt framlegg.
Innstillinga frå kommuneplanutvalet utan punktet: "Skiløyper skal leggast utan terrenginngrep i nye og eksisterande skiløyper." under Mål 7 side 57 i planen vart vedteke med 15 røyster (6Ap D.Bøygard, Prestegard, M.Bøygard, Buseth, Grue, Koester, 7H, 2Frp). Mindretalet 10 (2 Ap Kind, Berisha, 6Sp, 1V, 1SV) røysta mot.
Framlegget frå Dagfinn Bøygard (Ap) om tilleggspunkt 1 vart vedteke med 17 røyster (8Ap, 7H, 2Frp). Mindretalet 8 (6Sp, 1V, 1SV) røysta mot.
Framlgget frå Dagfinn Bøygard om tilleggspunkt 2 vart vedteke med 17 røyster (8Ap, 7H, 2Frp). Mindretalet 8 (6Sp, 1V, 1SV) røysta mot.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.