Vedtak - Endring av områdereguleringsplanen for Liatoppen, planid 2012002
Vedtak
Sektorutvalet for teknisk, næring og ressurs tilrår at Ål kommunestyre vedtek, med heimel i plan- og bygningslova § 12-14 andre ledd, endring av områderegulering for Liatoppen, planID 2012002, i samsvar med plankart, føresegner og planskildring. Vedtaket byggjer på at saksbehandlinga i praksis har tilsvara ein ordinær reguleringsplanprosess med utvida høyring og høyringsfrist, sjølv om ikkje alle formalkrav er oppfylte.
Endringa gjeld arealet kring Liatoppen fjellstue, der arealføremålet blir endra frå næring med hotellføremål til konsentrert byggjeområde for fritidsbustader. Planendringa legg til rette for etablering av fritidsleilegheiter i eksisterande bygningsmasse. Kommunestyret legg til grunn at endringa ikkje går utover hovudrammene i gjeldande plan, og at ho i avgrensa grad påverkar gjennomføringa av planen for øvrig. Endringa rører heller ikkje ved viktige natur- og friluftsverdiar.
Kommunestyret legg til grunn at servituttavtala med medfølgjande driftsavtale som er inngått mellom eigar av Liatoppen Fjellstue og Liatoppen Skisenter AS vert tinglyst før seksjonering.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret har behandla sak 57/2026 i møte den 18.06.2026
Torhild Helling Bergaplass (H) innleia om saka.
Forslag frå Torhild Helling Bergaplass (H) om teksttillegg til innstilllinga frå Sektorutval for teknisk, næring og ressurs:
Kommunestyret legg til grunn at servituttavtala med medføgjande driftsavtale som er inngått mellom eigar av Liatoppen Fjellstue og Liatoppen Skisenter AS vert tinglyst før seksjonering ----------- Forslag frå Knut Einar Haug (H):
Ål kommunestyre avslår forslag til reguleringsendring av Liatoppen Hotell. Ål kommunestyre viser til at ein ønsker å ha varme senger i Liatoppen området og stadfestar derfor at ein opprettheld reguleringsplan med planID 2012002 der omsøkte område er regulert til hotell og bustad. ------------- Hedvig Johanne Rud (Ap) fremjar midretalsframlegget frå STNR, alternativ 2 i rådmannens innstilling. ------------- Det vart halde gruppemøte etter ønske frå Tor Olav Tveito (H)
Votering 1:
Forslag om tillegg til tekst til innstillinga frå STNR vart samrøystes vedteke.
Votering 2:
Innstillinga frå STNR med tillegg til tekst fekk 22 røyster ( 7Ap Bøygard, Prestegard, Rud, Skalle, Grue, Buseth og Frydenlund, 6H Li, Tveito, Bergaplass J. Fingarsen, G. Fingrasen og Opheimsjorde, 6Sp, 2Frp og 1V) og vart vedteke mot framlegg frå Knut Einar Haug (H) som fall 3 røyster (1Ap Nilsen, 1SV og 1 H Haug). Votering 3:
Innstillinga frå STNR med tillegg til tekst fekk 22 røyster (7Ap Bøygard, Prestegard, Skalle, Grue, Buseth, Frydenlund og Nilsen, 7H, 5Sp Oleivsgard, S.L. Arnegard, Brevik, T.Arnegard og Herfoss, 2Frp, 1V) og vart vedteke mot framlegget frå Hedvig Johanne Rud (Ap) som fall med 3 røyster ( 1Ap Rud, 1Sp Torsteinsrud og 1SV).
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.