Prinsippsak; kalde og varme senger i Ål kommune
Vedtak
Kommunestyret i Ål vedtek fylgjande prinsipp for varme og kalde senger:
Saker som omhandlar reguleringsendring frå varme til kalde senger skal handsamast som ein reguleringsendring med endeleg vedtak i kommunestyret, etter ein normal eller forenkla prosess. Dei overordna arealføringane som vart vedteke av Ål kommunestyre i sak 53/2024 angir prinsipp som vil vere gjeldande i slike saker.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret har behandla sak 56/2026 i møte den 18.06.2026
Torhild Helling Bergaplass (H) innleia om saka. Tor Olav Tveito (H) reiste spørsmål om eigen habilitet sidan styret i Primhovda Sør har sendt inn eit innspel i saka. Han vart samrøystes kjent innhabil med heimel i Forvaltningslova §6 andre ledd. 24 av 25 medlemmer behandla saka.
Forslag frå Knut Einar Haug (H):
Kommunesstyret i Ål vedtek fylgjande prinsipp for varme og kalde senger:
Sundreområdet, Liatoppen, Bergsjøområdet med Skarsliaområdet og Rødungstølen, og Svarteberg inkludert næringsareal på Primhovda er å sjå som kjerneområde for reiseliv i Ål kommune. (For desse områda vil Ål kommune at eksisterande areal for reiselivsverksemder oppretthaldast.) Saker som omhandlar reguleringsendring frå varme til kalde senger skal handsamast som ein reguleringsendring med endeleg vedtak i kommunestyret, etter normal eller forenkla prosess. ------------------ Det vart halde gruppemøte etter ønske frå Ola Terje Oleivsgard (Sp). ------------------ Forslag frå Bjørg Torsteinsrud (Sp) om teksttillegg til formannskapet si innstilling:
Kommunesstyret i Ål vedtek fylgjande prinsipp for varme og kalde senger:
Saker som omhandlar reguleringsendring frå varme til kalde senger skal handsamast som ein reguleringsendring med endeleg vedtak i kommunestyret, etter ein normal eller forenkla prosess. For området innanfor kommunedelplan for Sundre skal omregulering frå varme til kalde senger vurderast særleg strengt. Ut over det skal dei overordna arealføringane som vart vedteke av Ål kommunestyre i sak 53/2024 vera gjeldande prinsipp i slike saker. ----------------- Omforeint forslag frå Arbeiderpartiet og Knut Einar Haug (H) om Knut Einar Haug (H) sitt forslag utan setninga: "For desse områda vil Ål kommune at eksisterande areal for reiselivsverksemder oppretthaldast." var trekt attende seinare i debatten av Arbeiderpartiet ved Dagfinn Bøygard. ---------------- Ein epost frå 2 grunneigarar på vegne av fleire, som vart sendt til alle medlemmane rett før møtet, vart lese opp.
Votering 1:
Framlegget frå Senterpartiet fekk 14 røyster (5 H Li, Bergaplass, J. Fingarsen, G.Fingarsen, Opheimsjorde, 6Sp, 2Frp og 1V) og vart vedteke mot Knut Einar Haug (H) sitt forslag som fall med 10 røyster ( 8 Ap, 1 H Haug og 1SV).
Votering 2:
Formannskapet si innstilling fekk 18 røyster (8 Ap, 6H, 2Frp, 1V og 1SV) og vart vedteke mot Senterpartiet sitt framlegg som fall med 6 røyster (6Sp).
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.