Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Ål · Saker

Sikringstiltak Bekk 1, og delar av bekk 2 og 3 - Fastsetting av grunneigar sin del av kostnad - Runde 2

Sak 64/2026 · Kommunestyret 17. september 2026 · Behandlet

Vedtak

Ål kommunestyre gir administrasjonen mynde til å sete i gang med detaljprosjektering og å legge prosjektet «Sikringstiltak bekk 1, 2 og 3» ut på anbod. Eigenandelen skal delast på dei som nyt godt av tiltaket.

Alternativ 5 Kombinasjon, 1/3 av alt. 1, 3 og 4

Eigenandel for dei ulike eigedomane går fram av tabellar under. Dette vedtaket kan påklagast. Klagefristen er tre veker frå det tidspunktet vedtaket er motteke, jf. forvaltningslova § 29. Ei eventuell klage skal sendast skriftleg og vere underskriven. Klaga skal sendast til Ål kommune. I klaga skal det opplysast om kva vedtak klaga gjeld, dato for mottatt vedtak, kva endringar ein ønskjer, og grunngjevinga for klaga.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Kommunestyret har behandla sak 64/2026 i møte den 17.09.2026

Dagfinn Bøygard (Ap) stilte spørsmål om sin habilitet då han er grunneigar og derfor part i saka. Han vart med heimel i Forvaltningslova § 6a samrøystes kjent innhabil og gjekk frå behandling av saka. Anne Kari Kind (Ap) stilte spørsmål om sin habilitet då ho er medeigar i Veterinærvakta og derfor part i saka. Ho vart med heimel i Forvaltningslova § 6a samrøystes kjent innhabil og gjekk frå behandling av saka. Mari Bøygard (Ap) stilte spørsmål om sin habilitet då far hennar er grunneigar og derfor part i saka. Ho vart med heimel i Forvaltningslova § 6b samrøystes kjent innhabil og gjekk frå behandling av saka. Varamedlem Egil Skrindo Nilsen (Ap) deltok i behandling av saka. Saka vart behandla av 23 av 25 medlemmar.

Marit Sehl (SV) innleia i saka.

Liv Torunn Torpe (Frp) la fram forslag til vedtak: Ål kommune opprettar eit fond på 4 millioner kroner for å dekkje driftsandelen på 10% for sikringstiltak mot ras og flaum, på vegne av innbyggjarane. Rådmann får i oppdrag å utarbeide forslag for retningslinjer for fondet, og midlane vert tekne frå disposisjonsfondet. Ål kommune tek også vedlikehaldet.

Formannskapet si innstilling vart vedteke med 21 røyster (6Ap, 7H, 6Sp, 1V og 1SV) mot framlegg frå Liv Torunn Torpe (Frp) som fekk 2 røyster (2Frp).

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.