Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Ål · Saker

Sikringtiltak Klyvsetvegen - Anbodsrunde ferdig - Vurdering av kostnad

Sak 83/2026 · Kommunestyret 15. oktober 2026 · Behandlet

Vedtak

Ål kommunestyre gir administrasjonen mynde til å signere kontrakt med vinnar av anbodet, og setje i gang med bygging av skredvollen i Klyvsetvegen 9 og 15 forutsett grunneigarane sitt samtykke om å ta sin andel. Eigendelen på 10% av omsøkt kostnad skal delast med 20% (om lag 154.000,-) på kvar grunneigar og 60% (om lag 464.000,-) på Ål kommune. Om faktiske kostnadar til prosjektet går ut over omsøkt kostnad skal saka opp att til politisk handsaming. Kommunen sin andel blir løyvd frå disposisjonsfondet.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Kommunestyret har behandla sak 83/2026 i møte den 15.10.2026

Ivar Brevik (Sp) innleia i saka.

Saka vart behandla av 24 av 25 medlemmar.

Framlegg frå Ivar Brevik (Sp) om tillegg til formannskapets si innstilling: Kommunen sin andel blir løyvd frå disposisjonsfondet.

Framlegg frå Hedvig Johanne Rud (Ap):

Ål kommunestyre gir administrasjonen mynde til å signere kontrakt med vinnar av anbodet, og setje i gang med bygging av skredvollen i Klyvsetvegen 9 og 15, forutsett grunneigarane sitt samtykke for å ta sin andel. Eigendelen på 10% av omsøkt kostnad skal delast på tre. 33,3% (257.446,-) på kvar av grunneigarane og 33,3% (257.446,-) på Ål kommune. Ål kommune sin del av kostnaden på 257.446,- vert finansiert frå disposisjonsfondet. Om faktiske kostnader til posjektet går ut over omsøkt kostnad skal saka opp att til politisk handsaming.

Formannskapet si innstilling med tillegg frå Ivar Brevik (Sp) vart vedteke med 15 røyster (6H, 6Sp, 2Frp, 1SV) mot framlegg frå Hedvig Johanne Rud (Ap) som fall med 9 røyster (8Ap, 1V).

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.