Høyring - Buskerudplanen 2026 - Med hjarte for Buskerud
Vedtak
Ål kommune sender si høyringsuttale til Buskerudplanen slik den ligg føre. BUSKERUDPLANEN – MED HJERTE FOR BUSKERUD. Høyringsuttale frå Ål kommune
1. AREAL- OG MOBILITETSPRIORITERINGAR
Buskerud fylkeskommune dreier areal- og mobilitetsprioriteringane frå detaljstyring til rettleiing og gjennomføring i partnarskap. Færre regionale planretningslinjer, med mål om å få ein regional areal- og mobilitetspolitikk som legg vekt på sterkare samspel mellom kommunar, fylkeskommunen, staten og andre aktørar frå sivilsamfunnet, er eit steg i rett retning. Kommunane er planstyresmakt og kjenner eigne områdar best. Gjennom utvikling av kunnskap, og systematisk arbeid med å tolke og bruke statlege planretningslinjer slik dei passar for ulike stader, vert det i større grad lagt til rette for å styrkje føresetnadene kommunane har for å lukkast som lokale samfunnsutviklarar. Dette skaper rom for lokal verdiskaping.
Ål kommune meiner dette er svært positivt og riktig i ein strategisk plan for Buskerud.
2. MEIR INNANFORSKAP
Ål kommune støttar Buskerudplanen si satsing på innanforskap. Distrikta treng målretta og heilskaplege tiltak som styrker innanforskap og reduserer utanforskap. For Hallingdal handlar dette om gode lokalsamfunn, sterke utdanningsløp og eit inkluderande arbeidsliv.
1. Sterkare læringsløp og betre overgangar Eit breitt og relevant utdanningstilbod er avgjerande for at ungdom blir verande i regionen. Det er heilt essensielt å oppretthalde og vidareutvikle dei vidaregåande skulene i Hallingdal med mangfald og relevante studieretningar. Vidare treng me støtte frå fylket for å vidareutvikle desentralisert høgare utdanning og fagskuletilbod. Dette vil styrker kompetanse, reduserer fråfall og dekkje framtidig arbeidskraftsbehov. Ål kommune støttar også arbeidet med betre overgangar og har spesiell forventning til overgangane til og frå VGS.
2.Trygge og inkluderande lokalsamfunn For å sikre busetjing og tilflytting må Hallingdal framstå som ein attraktiv bu- og arbeidsregion. Me treng gode og stabile offentlege tenester, eit variert bustadtilbod og med trygge og mangfaldige arbeidsplassar. Fylkeskommunen bør styrke verkemiddel som støttar lokalt utviklingsarbeid, busetjing og rekruttering i distrikta. Ål kommune oppmodar fylkeskommunen til å jobbe for fleire fylkeskommunale arbeidsplassar i distrikta eller eit fylkesdistriktssenter som det vart snakka mykje om ved opprettinga av Buskerud.
3. Helsefremmande oppvekstmiljø Barn og unge må møte trygge og utviklande arenaer. Ål kommune støttar tiltak som styrkar psykisk og fysisk helse, sikrar tidleg innsats og gode overgangar og utviklar inkluderande fritidstilbod og nærmiljø.
4. Inkluderande arbeidsliv For å sikre deltaking og verdiskaping treng distrikta tett samarbeid mellom næringsliv, utdanning og offentleg sektor og lågterskeltiltak som gir unge, innvandrarar og andre grupper betre tilgang til arbeidslivet.
3. OMSTILLING OG VERDISKAPING
Ål kommune meiner dette er gode tiltak og vil minne om at ein i distrikta treng heilt andre verkemiddel enn i byane for å møte framtidas kompetansebehov, demografiske endringar og omstillingskrav i både offentleg og privat sektor. Ei samla satsing på omstilling og verdiskaping er avgjerande for heile fylket og Ål kommune meiner «nye Buskerud» har vist at dei ønsker å ta tak i dette allereie ved å initiere Menonrapporten, opprette regionalt kompetanseforum osv.
1. Framtidsretta kompetansetilbod For å sikre rekruttering, nok og rett kompetanse og arbeidsplassar i distrikta meiner Ål kommune at det er viktig å styrke samarbeidet mellom utdanningsinstitusjonar, næringsliv og kommunar og vidareutvikle ordningar for kompetanseheving i distrikta.
2. Innovasjon i offentleg sektor Ål kommune er einig i at tiltaket er viktig og at større omstillingsevne er viktig for å løyse samfunnsoppdraget. Me trur fylkeskommunen kan stimulere til kommunale innovasjonsprosjekt, men meiner at dette først og fremst må løysast lokalt og regionalt.
3. Frå oppstart til vekst Eit variert og lønsamt næringsliv og ei tydeleg distriktsorientert satsing på kompetanse, innovasjon, næringsutvikling og infrastruktur er avgjerande for robuste distriktsregionar. Hallingdal har tidlegare profittert på næringsretta tilskotsordningar og partnarskapsmidlar. No ser me spesielt fram mot ei regional verktøykasse som blir skissert i planen. Me ønskjer og å spele inn eit eige underkapittel om jordbruk og skogbruk der potensiale for verdiskaping og bidrag til beredskap blir omtala. Ein bør tydeleggjere landbruk som grunnmur for busetting, matsikkerheit og kulturlandskap og vurdere tiltak for teknologiløft i landbruket.
4. NATUR OG KULTURVERDIAR I EIT GENERASJONSPERSPEKTIV
1. Ein besøksattraktiv region Hallingdal er blant landets mest besøkte fjellregionar, med stort potensial for vidare utvikling av berekraftig reiseliv. Hallingdal vil kunne nytte fylkeskommunen og andre instansar sin kompetanse når det gjeld besøksstrategiar som tek vare på naturgrunnlaget, utvikling av heilårsaktivitetar og tiltak som styrkjer lokal verdiskaping og arbeidsplassar. Fjellovergangane er viktige for samfunnssikkerheit, beredskap, busetting og næringsliv, og er nemnt direkte som fokusområde i gjeldande plan. Fjell-kommunane er heilt avhengig av vinterregularitet. Me håpar at tiltaket - og den felles verktøykassa kan konkretiserast og settast ut i livet. Hallingdal opplever at Buskerudplanen er innskrenkande når det gjeld spreidd bustadutbygging i distrikt om ein samanliknar med Statlege planretningsliner. Det håpar me kan justerast i planen.
2. Ei sterkare Buskerud-identitet Ål kommune meiner at Buskerud-DNA og fortellinga om Buskerud kan bli vanskeleg å skapa entusiasme rundt, mens Buskerud sin interessepolitiske plattform – det å utvikle felles bodskap og prioriteringar som grunnlag for et samla standpunkt og auka nasjonalt gjennomslag for Buskerud – ja det bør me ha mykje meir av.
Som ein region som utgjer nær 40 prosent av Buskerud sitt areal, spelar Hallingdal ei sentral rolle for utviklinga, berekrafta og attraktiviteten i fylket. Skal Buskerud ha levande og livskraftige lokalsamfunn og fjellbygder, trengst ein offensiv distriktspolitikk og eit planverk som tek i bruk sterkare verkemiddel enn i dag. Hallingdal har store naturressursar, viktige kvalitetar og eit breitt handlingsrom for utvikling. For å nytte dette potensialet best mogleg, og for å lukkast med det grøne skiftet – må heile fylket takast i bruk. Det krev rammevilkår som gjer det mogleg å bu, leve, skape og arbeide i fjellregionen heile året. I planen står det at me i fellesskap kan skape attraktive og framtidsretta lokalsamfunn i heile Buskerud. Hallingdal er fjellet i Buskerud og vil gjerne bidra til utviklinga. Ål kommunestyre meiner at planen manglar eit kapittel under 6.2 som tek for seg distrikta i fylket slik som det er gjort med «Attraktive byar og tettstader.»
Dersom me skal lukkast med å ha levande samfunn over heile fylket, må distrikta få ein meir tydeleg og målretta plass i planverket. Utgangspunktet bør vere busetjing, verdiskaping, samfunnstryggleik med desentraliserte tenester. Det må strekast under at det er særleg viktig med desentraliserte opplæringstilbod innan vidaregåande skule, fagskuletilbod og tilbod om vidare- og etterutdanning. Me saknar eit meir forpliktande fokus på den viktige rolla gode fylkesvegar har for innbyggarar og verksemder i fylket.
Planen bør i større grad erkjenne distrikta si rolle i heilskapleg utvikling av fylket framover. Då vil planen ha større relevans som styringsverktøy for heile fylket.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret har behandla sak 34/2026 i møte den 23.04.2026
Rådmann Karsten Popp Dideriksen informerte om at då fleire at Hallingdalskommunane har sendt eigne høyringssvar, har Regionrådet trekt attende sitt. Ål kommune vil sende ei eiga uttale basert på Regionrådet sitt høyringssvar. Vedtaket vert omformulert til: Ål kommune sender si høyringsuttale til Buskerudplanen 2026 slik den ligg føre. Rådmann legg fram nytt pkt. 1 til forslaget til høyringsuttale:
1. AREAL- OG MOBILITETSPRIORITERINGAR
Buskerud fylkeskommune dreier areal- og mobilitetsprioriteringane frå detaljstyring til rettleiing og gjennomføring i partnarskap. Færre regionale planretningslinjer, med mål om å få ein regional areal- og mobilitetspolitikk som legg vekt på sterkare samspel mellom kommunar, fylkeskommunen, staten og andre aktørar frå sivilsamfunnet, er eit steg i rett retning. Kommunane er planstyresmakt og kjenner eigne områdar best. Gjennom utvikling av kunnskap, og systematisk arbeid med å tolke og bruke statlege planretningslinjer slik dei passar for ulike stader, vert det i større grad lagt til rette for å styrkje føresetnadene kommunane har for å lukkast som lokale samfunnsutviklarar. Dette skaper rom for lokal verdiskaping. Ål kommune meiner dette er svært positivt og riktig i ein strategisk plan for Buskerud.
Forslag frå Ivar Brevik (Sp) om tillegg til høyringsuttala:
Ål kommunestyre meiner at planen manglar eit kapittel under 6.2 som tek for seg distrikta i fylket slik som det er gjort med «Attraktive byar og tettstader.» Dersom me skal lukkast med å ha levande samfunn over heile fylket, må distrikta få ein meir tydeleg og målretta plass i planverket. Utgangspunktet bør vere busetjing, verdiskaping, samfunnstryggleik med desentraliserte tenester. Det må strekast under at det er særleg viktig med desentraliserte opplæringstilbod innan vidaregåande skule, fagskuletilbod og tilbod om vidare- og etterutdanning. Me saknar eit meir forpliktande fokus på den viktige rolla gode fylkesvegar har for innbyggarar og verksemder i fylket. Planen bør i større grad erkjenne distrikta si rolle i heilskapleg utvikling av fylket framover. Då vil planen ha større relevans som styringsverktøy for heile fylket.
Ål kommune si høyringsuttale vert følgande:
BUSKERUDPLANEN – MED HJERTE FOR BUSKERUD. Høyringsuttale frå Ål kommune
1. AREAL- OG MOBILITETSPRIORITERINGAR
Buskerud fylkeskommune dreier areal- og mobilitetsprioriteringane frå detaljstyring til rettleiing og gjennomføring i partnarskap. Færre regionale planretningslinjer, med mål om å få ein regional areal- og mobilitetspolitikk som legg vekt på sterkare samspel mellom kommunar, fylkeskommunen, staten og andre aktørar frå sivilsamfunnet, er eit steg i rett retning.
Kommunane er planstyresmakt og kjenner eigne områdar best. Gjennom utvikling av kunnskap, og systematisk arbeid med å tolke og bruke statlege planretningslinjer slik dei passar for ulike stader, vert det i større grad lagt til rette for å styrkje føresetnadene kommunane har for å lukkast som lokale samfunnsutviklarar. Dette skaper rom for lokal verdiskaping.
Ål kommune meiner dette er svært positivt og riktig i ein strategisk plan for Buskerud.
2. MEIR INNANFORSKAP
Ål kommune støttar Buskerudplanen si satsing på innanforskap. Distrikta treng målretta og heilskaplege tiltak som styrker innanforskap og reduserer utanforskap. For Hallingdal handlar dette om gode lokalsamfunn, sterke utdanningsløp og eit inkluderande arbeidsliv.
1. Sterkare læringsløp og betre overgangar Eit breitt og relevant utdanningstilbod er avgjerande for at ungdom blir verande i regionen. Det er heilt essensielt å oppretthalde og vidareutvikle dei vidaregåande skulene i Hallingdal med mangfald og relevante studieretningar. Vidare treng me støtte frå fylket for å vidareutvikle desentralisert høgare utdanning og fagskuletilbod. Dette vil styrker kompetanse, reduserer fråfall og dekkje framtidig arbeidskraftsbehov. Ål kommune støttar også arbeidet med betre overgangar og har spesiell forventning til overgangane til og frå VGS.
2.Trygge og inkluderande lokalsamfunn For å sikre busetjing og tilflytting må Hallingdal framstå som ein attraktiv bu- og arbeidsregion. Me treng gode og stabile offentlege tenester, eit variert bustadtilbod og med trygge og mangfaldige arbeidsplassar. Fylkeskommunen bør styrke verkemiddel som støttar lokalt utviklingsarbeid, busetjing og rekruttering i distrikta. Ål kommune oppmodar fylkeskommunen til å jobbe for fleire fylkeskommunale arbeidsplassar i distrikta eller eit fylkesdistriktssenter som det vart snakka mykje om ved opprettinga av Buskerud.
3. Helsefremmande oppvekstmiljø Barn og unge må møte trygge og utviklande arenaer. Ål kommune støttar tiltak som styrkar psykisk og fysisk helse, sikrar tidleg innsats og gode overgangar og utviklar inkluderande fritidstilbod og nærmiljø.
4. Inkluderande arbeidsliv For å sikre deltaking og verdiskaping treng distrikta tett samarbeid mellom næringsliv, utdanning og offentleg sektor og lågterskeltiltak som gir unge, innvandrarar og andre grupper betre tilgang til arbeidslivet.
3. OMSTILLING OG VERDISKAPING Ål kommune meiner dette er gode tiltak og vil minne om at ein i distrikta treng heilt andre verkemiddel enn i byane for å møte framtidas kompetansebehov, demografiske endringar og omstillingskrav i både offentleg og privat sektor. Ei samla satsing på omstilling og verdiskaping er avgjerande for heile fylket og Ål kommune meiner «nye Buskerud» har vist at dei ønsker å ta tak i dette allereie ved å initiere Menonrapporten, opprette regionalt kompetanseforum osv.
1. Framtidsretta kompetansetilbod For å sikre rekruttering, nok og rett kompetanse og arbeidsplassar i distrikta meiner Ål kommune at det er viktig å styrke samarbeidet mellom utdanningsinstitusjonar, næringsliv og kommunar og vidareutvikle ordningar for kompetanseheving i distrikta.
2. Innovasjon i offentleg sektor Ål kommune er einig i at tiltaket er viktig og at større omstillingsevne er viktig for å løyse samfunnsoppdraget. Me trur fylkeskommunen kan stimulere til kommunale innovasjonsprosjekt, men meiner at dette først og fremst må løysast lokalt og regionalt.
3. Frå oppstart til vekst Eit variert og lønsamt næringsliv og ei tydeleg distriktsorientert satsing på kompetanse, innovasjon, næringsutvikling og infrastruktur er avgjerande for robuste distriktsregionar. Hallingdal har tidlegare profittert på næringsretta tilskotsordningar og partnarskapsmidlar. No ser me spesielt fram mot ei regional verktøykasse som blir skissert i planen. Me ønskjer og å spele inn eit eige underkapittel om jordbruk og skogbruk der potensiale for verdiskaping og bidrag til beredskap blir omtala. Ein bør tydeleggjere landbruk som grunnmur for busetting, matsikkerheit og kulturlandskap og vurdere tiltak for teknologiløft i landbruket.
4. NATUR OG KULTURVERDIAR I EIT GENERASJONSPERSPEKTIV
1. Ein besøksattraktiv region Hallingdal er blant landets mest besøkte fjellregionar, med stort potensial for vidare utvikling av berekraftig reiseliv. Hallingdal vil kunne nytte fylkeskommunen og andre instansar sin kompetanse når det gjeld besøksstrategiar som tek vare på naturgrunnlaget, utvikling av heilårsaktivitetar og tiltak som styrkjer lokal verdiskaping og arbeidsplassar. Fjellovergangane er viktige for samfunnssikkerheit, beredskap, busetting og næringsliv, og er nemnt direkte som fokusområde i gjeldande plan. Fjell-kommunane er heilt avhengig av vinterregularitet. Me håpar at tiltaket - og den felles verktøykassa kan konkretiserast og settast ut i livet. Hallingdal opplever at Buskerudplanen er innskrenkande når det gjeld spreidd bustadutbygging i distrikt om ein samanliknar med Statlege planretningsliner. Det håpar me kan justerast i planen.
2. Ei sterkare Buskerud-identitet Ål kommune meiner at Buskerud-DNA og fortellinga om Buskerud kan bli vanskeleg å skapa entusiasme rundt, mens Buskerud sin interessepolitiske plattform – det å utvikle felles bodskap og prioriteringar som grunnlag for et samla standpunkt og auka nasjonalt gjennomslag for Buskerud – ja det bør me ha mykje meir av.
Som ein region som utgjer nær 40 prosent av Buskerud sitt areal, spelar Hallingdal ei sentral rolle for utviklinga, berekrafta og attraktiviteten i fylket. Skal Buskerud ha levande og livskraftige lokalsamfunn og fjellbygder, trengst ein offensiv distriktspolitikk og eit planverk som tek i bruk sterkare verkemiddel enn i dag. Hallingdal har store naturressursar, viktige kvalitetar og eit breitt handlingsrom for utvikling. For å nytte dette potensialet best mogleg, og for å lukkast med det grøne skiftet – må heile fylket takast i bruk. Det krev rammevilkår som gjer det mogleg å bu, leve, skape og arbeide i fjellregionen heile året. I planen står det at me i fellesskap kan skape attraktive og framtidsretta lokalsamfunn i heile Buskerud. Hallingdal er fjellet i Buskerud og vil gjerne bidra til utviklinga.
Ål kommunestyre meiner at planen manglar eit kapittel under 6.2 som tek for seg distrikta i fylket slik som det er gjort med «Attraktive byar og tettstader.» Dersom me skal lukkast med å ha levande samfunn over heile fylket, må distrikta få ein meir tydeleg og målretta plass i planverket. Utgangspunktet bør vere busetjing, verdiskaping, samfunnstryggleik med desentraliserte tenester. Det må strekast under at det er særleg viktig med desentraliserte opplæringstilbod innan vidaregåande skule, fagskuletilbod og tilbod om vidare- og etterutdanning. Me saknar eit meir forpliktande fokus på den viktige rolla gode fylkesvegar har for innbyggarar og verksemder i fylket.
Planen bør i større grad erkjenne distrikta si rolle i heilskapleg utvikling av fylket framover. Då vil planen ha større relevans som styringsverktøy for heile fylket.
Forslag til høyringssuttale frå Ål kommune vart samrøystes vedteke.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.